Torbjørg Seljestad t.v. på verandaen på Låtefoss hotell.
Torbjørg Seljestad t.v. på verandaen på Låtefoss hotell. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Torbjørg Seljestad (1872 - 1951)

Torbjørg (v.) var turistvertinna på Låtefoss Hotel. Då Torbjørg Gjermundsdotter Seljestad var 15-16 år eller yngre, sende faren ho frå Seljestad til Skottland for at ho skulle læra språk og finare matlaging. Det var truleg i 1887, men vi veit ikkje dette sikkert.

Arkiva over båtpassasjerar til England er ikkje undersøkt, men etterkomarar i familien har fortalt om hendinga. Utanpå såg Torbjørg svært roleg ut, men inni seg må ho ha vore ganske spent. - Kva ville ho koma til å oppleva? Situasjonen er dokumentert av turistfotografen Axel Lindahl. Han fotograferte stader langs den nye turistruta over fjellet. Biletet av den unge Torbjørg ved vegen på Seljestad er ofte bruka for å illustrera norsk utvandring til Amerika. Kanskje flytta det fleire frå Seljestad denne dagen, lasset på kjerra er stort. Torbjørg flytta til ein fabrikkeigarfamilie i Glasgow først. Seinare reiste ho vidare til kjende i Amerika (USA). Ho vart ei kjend hotellkvinne i Oddaområdet og hadde hovudansvaret fleire stader, men er aldri omtala som hotelldirektør.

Seljestad skysstation Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Tidleg motgang

Frå Torbjørg var heilt ung var ho trent til å stå på med arbeid og å ta mange valg. Ho vaks opp på Seljestad då den nye køyrevegen skapte grunnlag for turisttrafikk over Røldalsfjellet og Haukelifjell. Faren satsa på hotell, men han døydde før det sto ferdig. Alt i 1895 måtte Torbjørg og systera Madli koma tilbake til Seljestad frå USA og England for å overta. Torbjørg var berre 23 år då dei fekk ansvaret for Hotel Folgefonn. Ho og systera dreiv hotell og skysstasjon saman i starten. Seks hestar måtte dei ha disponible i skysstrafikken. Seinare overtok systera og mannen. Torbjørg tok på seg ansvar for Låtefoss hotel ein sommar, men orka ikkje fleire sesongar på grunn av fosseduren. Etterpå kjøpte ho Grand Hotel i Haukeli. Ho skreiv brev til banken der og fekk lån. Banksjefen meinet ho var så flink til å skriva brev, "akkurat som ein mann", sa han. - Men ho var god i rekning også. Og ho var ei bestemt dame og såg streng ut med dei runde brillene, så bygdefolket i Odda kalla ho "brillo".

Krig og pandemi

Torbjørg vaks opp på Seljestad då den nye køyrevegen skapte grunnlag for turisttrafikk over Røldalsfjellet og Haukelifjell. Faren satsa på hotell, men han døydde før det sto ferdig. Alt i 1895 måtte Torbjørg og systera Madli koma tilbake til Seljestad frå USA og England for å overta. Torbjørg var berre 23 år då dei fekk ansvaret for Hotel Folgefonn. Ho og systera dreiv hotell og skysstasjon saman i starten. Seks hestar måtte dei ha disponible i skysstrafikken. Seinare overtok systera og mannen. Torbjørg tok på seg ansvar for Låtefoss hotel ein sommar, men orka ikkje fleire sesongar på grunn av fosseduren. Etterpå kjøpte ho Grand Hotel i Haukeli. Ho skreiv brev til banken der og fekk lån. Banksjefen meinet ho var så flink til å skriva brev, "akkurat som ein mann", sa han. - Men ho var god i rekning også. Og ho var ei bestemt dame og såg streng ut med dei runde brillene, så bygdefolket i Odda kalla ho "brillo".

Torbjørg dreiv bra i Haukeli, men i 1914 starta første verdskrigen og turisttrafikken frå utlandet stoppa opp. Livsgrunnlaget var borte. I Odda derimot var det framleis stor aktivitet og mange menn i arbeid. Dei måtte ha mat. Talet på tilsette auka frå 350 i 1910 til 795 i toppåret 1915 viser bedriftsarkivet til smelteverket. Mange var ungkarar og budde svært enkelt. Torbjørg flytta hit og starta Central-caféen som ho dreiv nokre år. Ho lærte opp flinke medarbeidarar, men som det alltid er i serveringsbransjen så slutta dei fleste etter ei tid. For to stødige jenter som ho hadde i arbeid på Central-kaféen vart det annleis. Spanskesjuke-epidemien herja hardt i Odda rundt 1918. Ungjentene blei smitta og innlagt på epidemilasaretett ved sjukehuset, men døydde som så mange andre under pandemien.

Tilbake til Hotell Folgefonn

Etter at ho gav seg med Central-caféen, kjøpte ho Hotel Folgefonn igjen. På hotellet hadde ho tidlegare tatt i mot gjester frå inn- og utland, så språk- og matkunnskapane kom godt med. Edvard Grieg hadde vore der fleire somrar, - han ville ha rom nr 2 for der hadde han utsikt over Folgefonna. Franskmenn og tyskarar skulle ha vinar av ulike slag og det blei dekka med opp til fem glas per kuvert. Når oppvaskvatn og klesvask måtte varmast med vedfyring og borddukane var av bomull og lin og måtte rullast og stivast, vart det lange og tunge arbeidsdagar. Ho hadde 7 jenter i arbeid i sesongen. - "Jenter frå Nordfjord, dei er flinke" sa Torbjørg. Det hadde ho sikkert rett i. - Gutar frå Nordfjord var det òg tak i. Dei var populære anleggsfolk mellom anna i Skjeggedal i den første anleggstida.

Familie med pågangsmot

Torbjørg gifta seg i 1907 med Kristian Otternes frå Sogn og dei fekk to barn. Men mannen døydde og ungane måtte tidleg inn i firmaet då dei budde på Seljestad. "Vi måtte arbeida tungt og iherdig for å klara oss" har dottera Marta fortalt til museet i eit intervju. "Vi barna blei veldig godt opplært av mamma. Ho var ei bestemt mor, ho var veldig snill." - Gjermund arbeidde tungt i skogen frå konfirmasjonsalderen. "For da hadde vi ikkje elektrisk, og det gikk kollosalt med ved bare til den kjøkkenkomfyren vår. - det gjekk sekkevis." Hotelldrift basert på ved og parafin var garantert hardt arbeid. På Seljestad fekk dei ikkje elektrisk straum før i 1949.

Då ungane skulle "gå for presten" og vera med på konfirmasjonsførebuing, måtte dei ofte sykla frå Seljestad til Odda og opp igjen. Ikkje hadde dei bil, og bussen gjekk skjeldan. "Ja det var å setta seg på sykkelen det og kjøra nedover. Vi kjørte veldig fort. Ja det var altfor hurtig. .. Vi var alltid heldige og kjørte på ein god time til Odda. --- Men når vi skulle heim igjen så hadde vi veldig lang vei, naturligvis " fortel dottera Marta i eit intervju. - Motbakke og motgang måtte stadig overvinnast. Hadde Torbjørg oppført seg som ei hønemor, hadde ikkje den vesle familien klart seg.

Kjelder

Folgefonn Hotel på Seljestad. I Odda i manns minne, nr 19, 2010. Bygd på intervju med Torbjørg Solberg, f. Kleve Nilsen, 2009

Intervju Band 31a - c med Marta Kleve Nilsen, 1986. Samling ved Kraftmuseet.

O. Kolltveit: Odda, Ullensvang, Kinsarvik i gamal og ny tid. 1967. B 3 I, s.287.

Opplysningar i fotosamlinga ved Kraftmuseet frå Gurid ("Gulla") Viskjer f. Seljestad.

Share to