Odda Husmorlag demonstrerer i 1.mai-tog.
Odda Husmorlag demonstrerer i 1.mai-tog. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Kvinnestemmer i Odda

Kvinnene i Odda organiserte seg tidleg. Allereie i 1909 vart foreininga "Arbeidarkvinnene i Odda" oppretta. Dei melde seg inn i arbeiderpartiet i 1911.

Ei av dei viktigaste foreiningane var husmorlaget; Odda Husmorlag vart skipa på eit møte i Folkets Hus den 10. mars 1924. Det tok føre seg ei rekkje ting som var av interesse for arbeidarklassen; tilhøva til born i skulen, hygiene, seksualundervisning, mat- og kjøtkontroll, tannklinikk og alt som kunne betra arbeidarfamiliane sine kår.

Dei fleste husmødrene spedde på økonomien med sying, vasking og/eller matlaging for andre. Ganske mange kvinner arbeidde i varehandelen – ofte hadde dei eigen butikk. Mange arbeidde på hotell, eller som lærar, på kontor, fabrikk eller i omsorgsarbeid. Faktisk var dei fleste kvinner yrkesaktive i nokon grad, men blei ikkje registrerte som yrkesaktive i statistikkane før på 1970-talet.

Kvinner vart seg etter kvart bevisst på at dei kunne bestemma over eigen kropp, og på at dei kunne kontrollera antal fødslar. Det vart oppretta mødrehygienekontorer - det fyrste i Norge vart opna i Oslo i 1924 av Kati Anker Møller. Kontoret si oppgåve var å gje seksualopplysning, undervise i prevensjon og selga eller dela ut preventive midler. Det skulle også rettleia i svangerskapshygiene, spedbarnsstell og ernæring.

Dei neste mødrehygienekontora vart opna på industristader med ei sterk arbeidarrøyrsle som i Odda.

Det var kvinnene i Odda som tok initiativ til å oppretta mødrehygienekontoret i Odda i 1932.

Ei av ildsjelene bak mødrehygienekontoret var Anna Mathisen. Du kan lese meir om henne og andre føregangskvinner i odda om du klikker på artiklane under her.

Share to