Band og lisser frå Trengereid Fabrikker
Trengereid Fabrikker (1895–1999) var ein av dei store norske produsentane av lisser, band, snorer og strikk. Fabrikken produserte alt frå isolasjonsband og etikettar, til BH-stropper og selar. Trengereid leverte òg varer som halvfabrikat til andre bransjar: frå linning og etikettar i konfeksjon til vikleband i elektroindustrien.
Det heile startar med at industripioneren Peter Jebsen (sjå meir om Arne Fabrikker her) kjøper rettigheitene til Skulstadelva på Trengereid i 1878. Broren Johan Jebsen etablerer bandfabrikken Trængereid Fabrik på staden i 1895. Det første året har fabrikken ti tilsette og held til i ei gammal sjøbod henta frå Bergen. Johan hyrer òg den tyske vevmeisteren Richard Kremer, som skal ha ansvar for bandveveriet.
Johan håpar at eldste sonen, Johan jr., skal overta fabrikken, men han reiser i staden til Sverige og tek over ein bandfabrikk utanfor Göteborg. Yngstesonen Karl Jebsen (f. 1879) har då fullført middelskulen, og hjelper til med å montere dei første maskinene på Trengereid sommaren 1896. Etter eitt år på vevskule i Berlin tek han over fabrikken på Trengereid i 1899, 19 år gammal.
Nærare Bergen
Det vert vanskeleg å finne nok arbeidskraft på Trengereid etter hundreårskiftet, og Karl Jebsen ynskjer seg nærare byen. I 1910 byggjer han ein ny fabrikk på Solheim utanfor Bergen: Karl Jebsens Baand- og Lidse-Fabrik. I 1915 går den inn i aksjeselskapet Trengereid Fabrikker. I starten er det eit lite bygg, men fabrikken vert bygd ut i fleire trinn dei neste tiåra. I 1950 er den eit moderne fabrikkbygg med heile 12 000 kvadratmeter golvflate.
I starten produserer ein mest enkle band og lisser på avdelinga på Solheim. Seinare investerer fabrikken i spesialmaskiner for ulike typar band, og lagar blant anna vevde etikettar, elastiske band, korsettstrikk, veikar, silkeband, metalltresser og andre spesialprodukt.
Trengereid – En trend i bånd
Hovudprodukta var alltid ulike typar band, snorer, lisser og elastikk. I dei tidlege åra kunne seljarane lett bere med seg kolleksjonen: eitt kort med lisser og eitt med band.
I 1910 vert Trengereid den første norske fabrikken som satsar på å produsere gummierte band – mest kjend er nok Jotun isolasjonsband. Seint på 1920-talet lanserer Trengereid konfeksjonsprodukt av gummiband, og varemerka Bjørn (selar og sokkehaldarar), Gratie (korsettstropper) vert kjende produkt i norske butikkar. Seinare startar ein opp produksjon av sytråd: småsneller til butikkane og store koner til industrien. Rett før andre verdskrig startar ein produksjon av glidelås, og på 1970-talet lanserer Trengereid vevde dukar og brikker til heimen, laga på maskiner som før hadde vevd korsettstrikk.
Produksjonen var mindre spesialisert enn hos større utanlandske produsentar, og Trengereid verkar å ha hatt hovudtyngda av salet på den norske marknaden. Sjølv om bedrifta i seinare år arbeidde med å spisse og snevre inn produktspekteret, har det tidvis vore eit imponerande produktspekter innan desse varegruppene: fleire tusen artiklar til saman.
Vasskraft for vekst
Vassdragsrettigheitene til Skulstadelva danna grunnlaget for drifta på Trengereid, og i 1917 byggjer fabrikken om kraftstasjonen og legg heilt om til elektrisk drift. Seinare ombyggingar og forbetringar gjev større kapasitet, og etter utbygginga i 1952 får fabrikken overskot nok til å selje kraft til Arne Fabrikker i Ytre Arna.
I 1950 døyr Karl Jebsen, som har leia begge fabrikkane fram til då, og nestleiar Gregor Rasmussen tek over. På 1950-talet er det mellom 200 og 300 tilsette på fabrikkane til saman. Firmaet byggjer bustadblokker for funksjonærar og arbeidarar på ein eigedom nær fabrikken på Solheim. Desse vert seinare organisert som eit eige selskap.
Arbeidarane på Solheim fagorganiserer seg på 1930-talet, noko tidlegare enn på Trengereid, og det vert oppretta ei funksjonærforeining i 1948. Fabrikken har òg eige lag i fotball og bordtennis – «Bjørnelaget» (1938) – og to firmahytter ovanfor vassdraget på Trengereid, «Bjørnehiet» på Skulstad og Holmevannshytta.
Tid for omstilling
1960-talet fører med seg meir fokus på sal og marknadsføring, og bedrifta tilset eigne butikkonsulentar. Frå og med 1970 skjer det ei rekkje samanslåingar, med mål om auka spesialisering, rasjonalisering og samarbeid i den norske bransjen. I 1974 fusjonerer Trengereid fabrikker med konkurrenten Oslo- Baand og Lidsefabrikk og blir til A/S Cebelle-Trengereid (Etter varemerket Cebelle som Oslo Baand- og lidsefabrikk hadde).
To år etter vert eigarinteressene til selskapet overførte til Trengereid Fabrikker, som no får ein ny produksjonsstad i Tistedalen ved Halden. I 1979 overtek bedrifta eit produksjonsanlegg for gåveband, Jul-I-Nor, og på 1980-talet kjøper Cebelle-Trengereid fletteriet og hekleriet ved Teko Fabrikker i Bergen. Etter det følgjer fleire rasjonaliseringstiltak, som elles i den norske bransjen.
I 1985 har bedrifta tre produksjonsstadar: fargeri og kraftproduksjon på Trengereid, og fletteri i Halden. I Bergen ligg administrasjonen og hekleri, veveri, etterbehandling, pakking, og produksjon av gåveband. Bedrifta har då 135 tilsette.
På Trengereid produserer ein etter kvart mest teip og sel kraft frå kraftstasjonen, i tillegg til utleige av industrilokale og bustadar. I 1987 vert drifta her lagt ned, og ved 100-års jubileet er heile verksemda samla på Solheim i Bergen. I 1999 vert også avdelinga på Solheim nedlagd.
I dag er fabrikklokala i Fjøsangerveien på Solheim ein del av næringsparken Kronstadparken. Bedriftsarkivet på 290 hyllemeter er no arkivert på Bergen Byarkiv, og maskiner, vareprøver og anna etter denne nøkkelbedrifta i tekstilindustrien rundt Bergen er teke vare på Tekstilindustrimuseet.
Produkt frå Trengereid Fabrikker
Meir frå desse bedriftene
Kjelder
- BBA-2937/8 Trengereid Fabrikker/Cebelle-Trengereid, Bergen Byarkiv.
- Grieg, Sigurd (red.). Norsk tekstil (1950).
- Trengereid-posten 17 (jubileumsutgåve 1955).
- A/S Trengereid Fabrikker 100 år, 1895-1995. (1995). Bergen: Trengereid Fabrikker
- Norsk Tekstiltidende 1985-05.
Artikkelen vart opphavleg publisert på www.industrimuseum.no