Ei vestlandsk brurekrune frå 1600-talet
Sommaren 1983 fekk Hordamuseet tilbod om å kjøpa ei brurekrune med utstyr frå slekta Møgster i Austevoll. Til no hev museet måtte takka nei til tilbod om kjøp. Budsjettet tillet det ikkje. Samlingane i Hordamuseet er mest bygde opp av gåver frå publikum. Men tilbodet om brurekruna var eit eineståande høve for leiinga ved museet til å gjera noko aktivt for å styrkja den lina ein har sett opp for verksemda ved museet.
I motsetnad til dei fleste andre muse, har Hordamuseet ikkje så mange kostesame klenodier i samlinga. Det er eit museum som i fyrste rekkje skal syna kvardagen og arbeidslivet til generasjonane som hev bore oppe den folkelege kulturen i Nord- og Midhordland. Det er difor mest reiskap og vanlege bruksting som finst i utstillingane og i magasin på Hordamuseet. Men livet var ikkje berre arbeid for forfedrane heller. No og då kan det vera på plass å syna høgtid og fest. Dei kyrkjelege høgtidene var viktige, og milepælar i livet – barnedåp, gravferd og bryllaup – var omgjeve av rituale med eige utstyr. Hordamuseet ynskjer å bera vitnemål om korleis utstyret var ved desse høgtidene. I bryllaupet var brura den viktigaste personen. Med brureutstyret var ho det synlege teiknet på vyrnad og velstand i slekta. Hordamuseet som frå før har ei brurekrune frå 1800-talet, tykte det var rett å utvida denne grein av samlingane. Ideen om ei utstilling av bruresylv ein gong i framtida, er freistande.
Møgsterkruna åleine var taksert til kr. 60 000,- i 1981. I tillegg fylgde bringesylv og stølabelte, saman med fleire silkeband låg alt i ei rosemåla tine med jarnlås. Dekoren på tina er av direktør Peter Anker ved Vestlandske Kunstindustrimuseum vurdert til å vera ei Telemarksinspirert 1800-talsmåling. Sjølve tina er truleg like gamal som kruna, og er nok laga til å ha kruna i. Jarnlåsen er òg like gamal. Då gullsmedmeister Sigurd Olsen i 1981 takserte kruna på vegne av gullsmedlauget i Bergen, sette han opp denne takseringslista: 1 antikk brudekrone i forgylt underlødig sølv. Total vekt 1370 gr. 1 Angus Dei bestående av 1 stor og 3 mindre forgylte sølvmynter med løv og flat sølvkjede. Total vekt 73,5 gr. 1 bunadsbelte med 16 store støler, spenne og stort endebeslag samt 4 og 15 små borer alt i forgylt sølv og montert på rødt klede med grønne kanter. 1 grønnkantet brystduk av rødt klede besatt med i alt 39 støler, borer og flatsøljer alt i forgylt sølv. Ved ei seinare vurdering, som i fyrste rekkje ikkje var økonomisk, men som var ein freistnad på å setje kruna inn i ein handverksvoren samanhang, skriv gullsmedmeister Olsen at kruna er støypt og forgylt.
Det er ikkje mykje vi i dag veit om historia til brurekruna frå Møgster, og det vi veit er til dels gissingar. Gullsmedmeister Sigurd Olsen har i bladet «Gullsmedkunst» skrive ein artikkel om brurekruna. Noko av det som står her, byggjer på det han skriv. Olsen trur at kruna kan vera frå ein verkstad som er nemnd i boka «Bergens gullsmedkunst i laugstiden» av Robert Kloster og Thorvald Krohn-Hansen, utgjeven i 1957. Der er bilete av ei brurekrune som Sigurd Olsen meiner må vera støypt i same form som Møgsterkruna. Men kruna i boka er mykje yngre. Ho er stempla med merket til ein gullsmed som heitte Jens Pettersen Smitt. Kruna er datert til 1826.
Smitt var gift med enkja etter ein annan gullsmed, Windler Lampe, og tok over verkstaden etter han. Windler Lampe var sonen til ein kjend gullsmed, Berent Lampe, og hadde ervd verkstaden etter faren sin. Sigurd Olsen skriv at Berent Lampe var etterkommaren til ein av dei som grunnla gullsmedlauget i 1568, Johan Lampe. Då Johan døydde i 1601, dreiv enkja verkstaden utan løyve frå lauget. Men magistraten i Bergen hjelpte henne, og ho fekk halda fram – men utan å stemple sine produkt. Når eg skriv alt dette, er det avdi gullsmedmeister Olsen ikkje vil plassere motiva på kruna i regence-stilen, slik dei hev gjort i boka. Han seier at kruna er ei typisk renessanse-krune. Og den stilen var meir enn hundre år tidlegare enn regence-stilen.
Då Hordamuseet fekk tilbodet om å kjøpa brurekruna, ba vi direktøren ved Vestlandske Kunstindustrimuseum om å gje Hordamuseet råd med omsyn til kjøpet. Han rådde til kjøp, og ga samstundes ei skriftlig vurdering. Der skreiv han at stilen var renessanse, og at kruna må vere støypt mellom 1620 og 1744, det året verkstaden til Jens Pettersen Smitt stogga. Men om det er slik at Berent Lampe og Smitt nytta stempla i sine produkt, er det vel meir truleg at arbeidet er frå fyrste delen av 1600-talet medan enkja etter Johan Lampe dreiv «illegalt» utan stempel?
Gullsmedmeister Olsen skriv at kruna som er omtala i «Bergens gullsmedkunst fra laugstiden» synes å vere av ein langt ringare kvalitet enn Møgsterkruna, som han seier dette om: «Kronen er det prektigste stykke sølvsmedarbeide vi har sett av såkalt bunadsølv. I motsetning til kroner flest som vanligvis er både sjusket utført og forgjøglet i sin virkning, er denne et nitid utført stykke arbeid som setter den en klasse over alt det vi har sett av slike ting.»
Dei fleste brurekruner som har vore i bruk på Vestlandet, var laga av laugshandverkarar i Bergen. Når dei laga slike kruner, freista dei nok å halda seg til ein stil og ein utsjånad som fell i smak til kundane. Det er difor ein stil kan halda seg i meir enn hundre år, slik vi kan sjå her, - at to kruner kan vere så like. Sigurd Olsen trur helst at Møgsterkruna er laga av Berent Lampe, som var kjend for å levere mykje smykkesylv og andre sylvsaker til bygdefolk. Han var ein dyktig handverkar, og skapte like gjerne noko heilt moderne, for ein kundekrins, og noko frå eldre stilperiodar som byborgarar ikkje lenger ville ha.
Konklusjonen vert at støypeforma gjerne kan vera skapt av Johan Lampe som døydde i 1601, og at etterkomaren Berent Lampe som levde i slutten av 1600-talet kan ha støypt kruna. Men det er og truleg at arbeidet kan vera utført av ein av arbeidarane ved verkstaden i den tida dei ikkje fekk nytta meisterstempelet. For kruna er utan eit einaste stempel. Er det ikkje òg truleg at andre kruner kan vera støypte i alle desse åra? Kanskje det no kjem fram fleire ukjende kruner – etter at Møgsterkruna er kjend?
Sjølve kruna er støypt i ein legering som i gamle dagar hadde vektnemninga 12 ½ lodd. Dette svarer til 782/1000 i motsetnad til det sylvet som vert seld i dag som er 830/1000 og som har nemninga 830S når det vert stempla. Kruna er ikkje stor. Ho er sett saman av åtte felt med smalare mellomfelt. Dei åtte hovudfelta har eit gjennombrote mønster som kan tolkast som små kjærleiksgudar eller kanskje englar. Hev dette motivet ei tyding? Er det noko symbolsk? Ein kan kanskje tru at det er Adam og Eva, og at dei er valde for å gjera ekteskapet grøderikt. Treet er i alle fall eit kjent symbol på livet. På toppen av mellomfelta sit ein fugl med utslegne vengjer. Fuglen held eit lauv i nebbet. I fyrste omgang kan ein tru at han er eit fredssymbol, slik dua med oljebladet i nebbet har vorte det. Men dua som kom att til Noas ark, synte i fyrste rekkje at det hadde teke til å veksa att på jorda. Altså må ein tru at dette òg er eit grøderikdomssymbol. På den andre brurekruna som museet har, er ein stor og flott hane på kvart av dei mindre felta, og hanen treng ein ikkje undrast over om han er teikn på grøderikdom. Kanskje fuglen på Møgsterkruna er ein stilisert hane?
Eit bryllaup var i gamle dagar omgjeve av så mange førestillingar og verneråd at det er rimeleg at brurekruna ikkje hadde kva ornament som helst. Alt som ringlar og skranglar av lauv og ringar på kruna, er med til å halda vonde makter borte frå brura som er i ei særs fårleg stoda før ho hev vore i kyrkja.
I mellomalderen og opp mot 15-1600-talet var det vanleg at adel og byborgarar brukte krune som hovudpynt for brura. Sidan kvarv skikken, men bøndene tok over, og jamvel om det ha vore ei tid då mange tok nye motar, ser det no ut til at fleire og fleire er i ferd med å ta opp att denne vakre skikken.
Kan Møgsterkruna ha ei slik bykrune som førebilete? Ja, her er mange spørsmål med omsyn til opphav, førebilete, alder, symbolikk og bruk. Den siste brura som bar kruna, var Anna Brekke som gifta seg med Nils Olai Møgster i 1908. Etter gamal skikk gifta dei seg på midsommarkvelden. Sonen deira er ein av dei siste eigarane. Før Anne Møgster var det oldemora til dei siste eigarane som bar kruna.
Korkje bestemora, mora eller nokon av jentene – dei var tre systrer – hadde ho då dei stod brur. Dei to brørne hadde heller ikkje bede om at deira koner skulle bera kruna då dei vart gifte. Dei fortalte at bestemora hadde kruna gøymd i ei stor kiste, og kvar gong det kom folk som ville sjå ho, vart kruna teke opp av kista. Det var ei stor oppleving for borna, men dei tenkte aldri på at ein gong i tida skulle kruna vere ein del av brurestasen deira.
Artikkelen er gjengitt og publisert med løyve frå forfattaren. Den er korta noko ned, men kan lesast i sin heilskap i Frå Fjon til Fusa, årbok 1984, for Hordamuseet og for Nord- og Midhordland Sogelag.
Åse Enerstvedt var styrar ved Hordamuseet frå 1975 til 1995.