main article image
Olga Kvalheim (copyright)

Ánddir Ivvár Ivvár (Iver Jåks) og utstillinga Samekulturen ved Norges arktiske universitetsmuseum

Året 1967 fekk den samiske kunstnaren Ánddir Ivvár Ivvár (Iver Jåks) (1932-2007) eit stipend frå Kulturrådet. Stipendet skulle koma til å strekka seg over ein periode på heile fem år for å utføra sitt aller fyrste illustreringsoppdrag i ei utstilling under oppbygging ved det som den gong bar namnet Tromsø Museum. Utstillinga hadde vore under planlegging i lang tid og skulle verta den fyrste permanente utstilling over samisk kultur i Noreg. Ho hadde allereie fått tittelen Samekulturen og utstillingsprosjektet var leia av professor Ørnulv Vorren, leiar for samisk etnografisk avdeling. Vorren hadde fått augo opp for Jåks og hans kunst i forbindelse med utstillinga «To samiske kunstnere» som vart vist på Tromsø museum frå juli til september 1967 og som tok utgangspunkt i arbeid av Per Hætta og Iver Jåks. I museet si årsberetning for dette året skriv Vorren,

I fleire år har avdelingsbestyreren drøftet med brukstkunstneren Per Hætta, Karasjok, muligheten av å sette opp en separat-utstilling av hans arbeider. I den siste tid hadde dette også vært drøftet med den yngre og meget produktive brukskunstner Iver Jåks fra Karsasjok (…). Utstillingen «To samiske kunstnere» ble vist på Tromsø Museum i tida 20/7 til 10/9 og ble besøkt av 7644 personer. Det synes som de utstillinger avdelingen har vist av samisk kunst og kunsthåndverk har bidratt meget til større forståelse for denne side av samisk kulturliv og en vurdering av samisk kunst på linje med den øvrige. Et interessant eksempel på en meget positiv vurdering av moderne samisk kunst er at kunstneren Iver Jåks ble tildelt kunstnerprisen ved Polarsirkelfestivalen i Mo i Rana sist sommer. (Vorren 1967:70-71).

Det var denne produktive og prisløna unge samiske kunstnaren Vorren søkte eit nært samarbeid med og som han ville engasjere i arbeidet med Samekulturen.

Jåks i samekulturen

Olga Kvalheim (copyright)
Olga Kvalheim (copyright)

Ved å studera innsamla gjenstandar i museet si samling, fikk Jåks ein unik kunnskap om korleis duodji (samisk handverk) som niibiit (knivar) náhpit (mjølkebollar) og gielat (lassoringar) hadde vorte forma for praktisk bruk. I møte med den kolonial museumsinstitusjonen legg hans studiar av den samiske samlinga ved museet og kvar enkelt gjenstand til rette for nye forhandlingar, nye innsikt og ny kunnskap.

Arbeidet han tok fatt på var omfattande. I alt 27 montrar med ei stor spennvidde i tema frå fangstmetodar, byggeskikk, arbeid i skiftande årstider, religion og enkelt gjenstandar skulle illustrerast. Dette var også eit arbeid som krov stor fysisk innsats og kreative arbeidsstillingar – ikledd standaruniforma – den kvite museumsfrakken – ser me her Jåks liggjande i utstillingsmontrar og ståande på heimesnekra stillas og stigar.

Teikning og teknikken serigrafi var metodane som Jåks valde å anvenda for å skape og formidle kunnskap om samisk kultur i utstillinga. Gjennom penselen og pennen som han heldt i handa kom eit og eit utstillingsmonter til liv. For mange av dei endelege illustrasjonane føreligg også skissene som han jobba med i forkant. Desse gjev oss tilgang til å koma nærare Jåks og opnar for innblikk i hans møte med dei enkelte gjenstandane og korleis gjenstandane gjennom Jåks sin penn vart tolka og kom til liv.

Jåks sine frie og personlege illustrasjonar opnar for ei djupneforteljing der kvar av dei enkelte gjenstandane vert del av eit miljø, ein kontekst og ei forteljing som har ført til at utstillinga Samekulturen også er aktuell i dag. I sin opningstale for utstillinga 15.juni 1973 understrekar Vorren dette perspektivet,

Når det gjelder illustrasjonene i utstillingen har det vært av den største betydning at kunstnerne Iver Jåks og Idar Ingebrigtsen har stilt seg til disposisjon og med stor innlevelse i temaene og stort engasjement ikke har bar illustrert utstillingen, men også gitt den en egenverdi rent estetisk. Den er følgelig blitt hevet opp over den kvalitet den ellers ville fått. Jeg vil her gjerne få takke dem begge spesielt for deres innsats (foredrag ved åpningen av den permanente sam.etn. utstilling, samisk arkiv boks 59, mappe 1345-1350, Norges arktiske universitetsmuseum).>

Kart

Den fyrste «gjenstanden» som møter oss i utstillinga, er eit kart. Jåks sitt kart formar eit bilete av det samiske territoriet og gjev eit bilete av det samiske folket si vide utbreiing frå Kvitsjøen i nordaust til Femunden i sør. Dei ulike gahpir (samiske luer) som Jåks har vald å framheva som ein del av kartet peikar mot eit mangfald av samiske kulturar i dette området. Kartlegging er ei politisk handling. I sin illustrasjon har Jåks vald å gje dette området eit samisk namn ved å trekka fram eit omgrep som fyrst vart nytta av Isak Saba, som var den fyrste samiske stortingsrepresentant, nemleg Sæme ædnan. I en tid som hadde vore prega av ein hard fornorskingspolitikk representerer dette kartet ei sterk motkraft og det fremhevar motkulturelle alternativ. Kartet viser korleis Jåks gjennom sin pensel sprenger grenser. Same Ædnan trer fram som eit stort og høgst variert område med eit mangfald av samiske kulturar – utan grenser.

Samisk religion

Olga Kvalheim (copyright)

Goavddis (tromma) utgjer eit sentrum i utstillinga sin monter om samisk religion. Svakt opplyst heng goavddis fra taket på monteret og ein veažir (trommehammar) berører trommeskinnet. I tillegg inkluderer monteret innsamlet sieiddit av tre og stein fra nordsamiske og lulesamiske område og bilete av ulike symbol henta frå trommene. Det som skjer i monteret er ein konstruksjon av ei overordna forteljing om samisk religion der dei lokale perspektiva og mangfaldet av religiøse uttrykk går tapt i en stilistisk museumsforteljing. Ein del av monteren peikar seg likevel ut, nemleg Jåks sin illustrasjon av møtet mellom noaidi og goavddis. Skissane som føreligg til den endelege illustrasjonen viser også korleis møtet mellom noaidi og goavddis litt etter litt tek form gjennom prøvande pennestrøk.

Náhppi

Olga Kvalheim (copyright)

Biletet viser Ørnulv Vorren i eit utstillingsmonter på mannequinoppdrag (som sjølvsagt seinare vart erstatta av ei voksdokke) for å illustrere ein reiskap til bruk for skraping av skinn. Bilet gjev oss ei visst inntrykk av mengda av gjenstandar i utstillinga. I alt 900 gjenstandar er vist i Samekulturen. Gjenstandane er arrangert etter typologi og i seriar, men forutan dei estetiske retningslinene, så er dei ikkje arrangert som ei forteljing som skal fortolkast. Denne måten å kontekstualisera og ordna gjenstandar som ei «samling» kan seiast å utgjera ei makthandling ovanfor gjenstandane og gjenstandane sine skaparar.

Utstillinga sine mange gjenstandar var del av ulike nettverk som bandt saman ulike tider, stadar og menneske. Men i utstillinga så stillast dei til tausheit. Det finst ingen tekstar som skildrar kvar desse gjenstandane kom frå, kven som laga dei og brukte dei. Istadan er gjenstandane inkludert i ei overordna forteljing om ein rik samisk materiell kultur som omfattar alle samiske kulturar.

Det einaste museumskatalogen fortel om náhppi (mjølkebolle) er at Vorren kjøpte gjenstanden av reindriftssame Nils Nilsen Sara i Máze hausten 1949. Utover det veit me ikkje kven som laga mjølkebollen. Utstillinga fortel ikkje noko om Sara-familien sine tradisjonar knytt til reinmjølking og at náhppi gjerne gjekk i arv. Utstillinga fortel ikkje om den kunnskapen som krevdes for å tilverka ein slik gjenstand eller om kvinna som handterer náhppi si viktige rolle. Ho fortel ikkje om arbeidsrutinane, borna si rolle, luktene, lyden av den dryppande reinmjølka og smakane.

Mari Karlstad (copyright)

Det som finst i utstillinga Samekulturen er objektet sjølv og me får her høve til å samanlikna denne náhppi med andre mjølkebollar og me lærer at dette er eit verktøy som vart nytta når ein mjølka reinsdyrsimlene, men av di den nære forteljinga, den personlege forteljinga til denne særskilde náhppi er utelaten, går ein viktig kontekst difor tapt i utstillinga. Det same gjeld for dei andre nærare 900 gjenstandane som er utstilt i Samekulturen.

Rematriering

Det som skjer i utstillinga sine mange montrarer er at nye forteljingar vert konstruert basert på Vorren sine perspektiv, tankar og estetikk om korleis náhppi best skal stillast ut. I Samekulturen så vert Nils Nilsen Sara sin náhppi utstilt saman med andre mjølkebollar som løyner liknande forteljingar og dei framstår utelatande som typologiar – gjenstandar som me kan klassifisere basert på deira karakteristikk. Sjølvsag så gjev desse gjenstandane oss kunnskap om tradisjonar knytt til reinsdyrmjølking og kunnskapane til dei som tilverka gjenstandane, men me må vera merksame på at dette er kun overflata – det er kun delvise kontekstar.

Det som bryt med den tause og stilistiske framstillinga av gjenstandar i Samekulturen, er Jåks sine mange illustrasjonar. I møtet mellom Jåks og dei samiske gjenstandane skjer det noko. Hans nærlesing av detaljar, mønster, form og materiale pustar liv i gjenstandane. Gjennom å ta på náhppi utan kvite museumshanskar og gjennom dette møtet mellom samlingsgjenstanden og hans eigne erfaringar og kunnskapar, trer gjenstandane fram som kjelder til kunnskap om samisk kultur. Denne kunnskapen gjenspeglast i illustrasjonane og gjev utstillinga ein dobbel verdi. I møte med museumsinstitusjonen legg hans kunst til rette for nye forhandlingar både mellom eit samisk samfunn og ei kolonial museumshistorie og mellom kunsten og publikum.

Utstillinga og arbeidet med Samekulturen var også viktig for Jåks sjølv. Gjennom å studera náhppi, goavddis og anna duodji som utstillinga består av, opparbeida Jåks seg ein unik kunnskap om kvar enkelt gjenstand og korleis dei hadde vorta forma av duojárat (duodji-utøvarar) til bruk gjennom tidene. Gjenstandane opna for ei overlevering av kunnskapar og forteljingar om form, mønster, mangfald og teknikkar og dei opna for å sjå samanhengar og overlappingar mellom duodji og dáidda. Det kom også til å verta eit standpunkt for Jåks at duodji og dáidda ikkje skal verta forstått som dikotomiar, men at dei kan utgjera ein heilskap og møtast i ei og same eining.

Kva for omgrepa som er best eigna til å skildra det som skjer i utstillinga gjennom Jåks sitt arbeid er vanskeleg å fastsetja. Det er kanskje ikkje mogleg å finna eit enkelt omgrep som kan brukast til å forstå dette møtet. Men interaksjonen mellom Jåks og dei samiske duodji-gjenstandane i utstillinga Samekulturen på slutten av 1960 og byrjinga av 1970-talet har parallellar til eit samtidige museologisk forskingsomgrep som har vorte trekt fram dei heilt siste åra, nemleg rematriering.

Rematriering er eit omgrep som i aukande grad vert brukt for å kasta lys over prosessar der ein på ulike måtar får tilgang til å fordjupa seg i forfedre og formødre sine kunnskapar og spiritualitet. Dette er prosessar som går utover og som er meir omfattande enn reine repatrierings- eller tilbakeføringsprosjekt. Det handlar ikkje berre om å ta tilbake ein gjenstand, men om å løfta fram samiske kunnskapssystem – «ways of knowing». Omgrepet rematriering har vorte nytta av mellom anna Rauna Kuokkanan i hennar arbeid knytt til urfolks sjølvbestemmelse og styring, og av Outi Pieski og Eeva Kriistina Nylander i deira bok The Ládjogahpir—The Foremothers´ Hat of Pride (2020). Nylander og Pieski ser her på rematriering som ein måte å løfta fram formødrene sine stemmer og kunnskapar i Sápmi.

I lys av Jåks og Samekulturen handlar hans spelerom i utstilling på eit nivå om å revitalisere tapte tradisjonar og materialitetar gjennom illustrasjonar, men det handlar også om å prøve å endre paradigmet for korleis gjenstandar kan studerast og utstillast. I tillegg så handlar det ikkje minst om kva et museum kan bety.

Som Nylander og Pieski minnar oss om i boka om ládjogahpir så er det ved å utforske historia til museumssamlingar, deira opphav og innhald, og ved å dele denne informasjonen med samfunnet, at me kan gjera det mogleg for objekt å bli aktivt involvert i styrkande og helbredande prosessar i samtida. Dette er ein prosess der museumsgjenstandar går tilbake til å verta kulturelle eigendelar. Disse eigendelane ber forfedrane sine kunnskapar. Dei er databasen, språket som opnar seg for etterkommarar og dei ber på og vekker kjensler på både eit privat og kollektivt nivå. Ole Henrik Magga, som var Jåks sin kollega under arbeidet med utviklinga av Samekulturen, peikar på akkurat dette perspektivet ved Jåks sitt kunstnarskap i si helsing til Jåks, då Jåks vart tildelt St. Olav orden i 2002.

Iver sin kunst er almenmennskelig og kommuniserer med en stor skare mennesker over alle kulturgrenser. Samtidig er han vår, og hans ånd uttrykker det samiske slik at vi kjenner oss dypt igjen i vårt innerste og han risser en bro mellom vårt liv og andre menneskers liv som enkeltmennesker og som kulturfolk. Slik opplever jeg hans kunst som noe som angår meg og bare meg samtidig som han tvinger oss til å forholde oss til at vi også inngår i større helheter (Magga 2002).

Og eg vil drista meg til å seie at Jåks sine illustrasjonar er ei viktig orsak til at utstillinga Samekulturen framleis er aktuell og viktig over femti år etter si opning. Illustrasjonane hans er kunnskapsbankar som kan lesast og tolkast igjen og igjen. Dei representerer møter, overgangar og samanflettingar av duodji og dáidda som opnar for inngangar til fortida som er relevante i notid.

I folkemusikksamlinga ved museet finst ein eigen luohti (joik TSM B92) tilegina kunstanaren Ánddir Ivvár Ivvár framført av Ingos Máhte Ivvár (Iver Eira). Lytt gjerne.

Folkemusikksamlingen TSM B 92 Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Share to