Bondeføraren John Gundersson Neergaard i Rindal og Øre før 1842
En exemplarisk sædelig Mand, af en stille, rolig sagtmodig, medfølende, godgjørende, velmenende Charakter, men tillige meget fordægtig i enkelte Tilfælde, helt vanskelig at blive klog paa...
Soknepresten i Øre (1)
John Neergaard var ein av dei desidert viktigaste aktørane i mobiliseringa for å få inn fleire bønder på Stortinget 1830-talet. (2) På den måten var han ei kraft som førte til auka grad av folkestyre i Noreg etter 1814. Sjølv om hegemoniet til embetsstanden ikkje brast før i slutten av hundreåret, må ein studere mobiliseringa heilt frå 1814 for å forstå korleis Noreg vaks til å bli eit demokrati. Det politiske handlingsrommet til bøndene hadde heimel i Grunnlova av 1814, men vi må sjå til samfunnet og folkeleg aktivitet for å forstå heilskapen i vår politiske kultur. Studien av John Neergaard og mobiliseringa som han deltok i, er ein viktig del av denne heilskapen.
Vi skal sjå at Neergaard dreiv mangslungen aktivitet både lokalt og sentralt, og at han var relativt konsekvent i sin embetsmannskritikk – men at han òg kunne vere ein uforutsigbar og kompleks samfunnsaktør. Videre er det tydeleg av Nergaard var ein del av eit haugiansk nettverk som bidrog til hans politiske prosjekt, men at ein i tillegg må sjå på andre faktorar for å forstå den politiske kulturen som var bakteppe for aktiviteten. Artikkelen ser på kva som bidrog til at han blei ein myndig bonde som ønskte å delta i riks- og lokalpolitikk, og korleis Neergaard sjølv var ein sentral aktør som endra den politiske kulturen i Noreg. Neergaard levde heilt til sommaren 1885, og var gjennom heile 1800-talet ein interessert samfunnsborgar med sterkt initiativ og markant gjennomføringskraft. Denne artikkelen tar for seg tida før 1850, primært fram til stortingssesjonen i 1842. Artikkelen bygger på mi masteroppgåve levert ved Universitetet i Oslo våren 2019, med tittelen Myndige bønder frå Romsdals Am 1833 – 1842: Ein nærstudie av seks stortingsrepresentantar og verknaden av haugerørsla.
Kort utsyn
John Neergaard blei fødd 11. november 1795 av Helga Johnsdotter f. Sande (1764–1850); faren heitte Gunder Jonson Neergaard (1737–1806); i Utistua på garden Nergard i Rindalen. (3) I 1806 døydde Gunder, og John måtte bli gjetargut, men følgde framleis omgangsskulen. John blei konfirmert i 1811, 16 år gammal. Drog til Kristiansund der han gjekk i lære hjå ein prokurator, arbeidde med juridiske saker og handel. Kjøpte i 1825 garden Reinsli i Rindalen, budde der med mora og broren, men var sjølv hyppig på reise. Blei vald til Stortinget første gong i 1826. Reiste til Christiania i 1830, arbeidde med Ola-boka som blei distribuert 1830-1832. Igjen vald til stortingsrepresentant i 1832, 1835 og 1838. Flytte i 1836 til Øre prestegjeld og blei peikt ut til lensmann der samme år. Fekk ei dotter utanfor ekteskap med Eli Tørset i 1836. Ikkje stortingsrepresentant i 1841, men igjen i 1844, 1847, 1850 og 1853. Gifta seg som 50-åring i 1845 med enka Kirsti Dønnem, fekk fire barn. I 1854 tiltalt for ulovleg juridisk verksemd og brot på kvakksalvarlova, mista lensmannsvervet. (4) I 1865 vald til ordførar i Øre, og igjen i 1868. Skipa ein av dei første bondevenforeiningene i amtet i 1865. Valmann frå Øre 1865 til 1876, i 1868 nær å bli vald til stortingsrepresentant. Sonen Johan Henrik tok over garden i 1875. Døydde som 90-åring i i 1885.
Aktivitet i lokalsamfunnet
Mangesyslaren Neergaard
Gunder og Helga Neergaard var sjølveigande bønder, men i følgje biografen Iver Brovold var dei «uformuende». (5) Då Gunder døydde arva John «ikkje meir enn eit par styvlar, ei gamall byrse, og ein halsduk». (6) Sidan familien sat dårleg i det måtte John bli gjetargut som elleveåring. Han dreiv med dette ei stund, og fekk gikt og andre frostskader som resultat. Han deltok i omgangsskulen trass i gjetarjobben, og skal ha vore spesielt skuleflink. Soga seier at han vikarierte viss læraren var sjuk. (7) Altså hadde Neergaard allereie som ungdom bygd opp ei rolle som ein kyndig bondegut sjølv med få ressursar. Som 16-åring flytta han til Kristiansund, der han fekk gå i lære og i tillegg verke som sjølvlært jurist. (8) Han involverte seg i juridisk arbeid som utskiftingssaker, voldgift, han var kurator og verge ved Nordmøre Overformynderi, og hjelpte folk som hadde sak i forlikskommisjonen. Koht skriv at han verka som «sjølvlært bygdesakførarar». (9) I protokollen frå Molde i 1826 sto det under yrke at han «Bisto almuen med utskiftningsforretninger, jurid». (10) Dette var ein tydeleg del av det politiske prosjektet hans: Neergaard meinte at fleirtalet av sakførarane på bygdetinga var «varger, der flår [...] bønder».(11) Han var ikkje redd for å henge ut sorenskrivaren ved å rette på han når han las opp feil på bygdetinget, eller tyde saksdokument for bønder slik at dei kunne vinne fram rundt om på Nordmøre.(12) Neergaard heldt fram med å hjelpe allmugen i juridiske saker – så seint som i 1857 blei Neergaard frådømt lensmannsombodstillinga i Høgsterett, for å ha hjulpe ein bonde med eit «pro forma gjeldsbrev», samt brot på kvakksalvarlova.(13) Eit vitne i saka skal ha høyrt Neergaard si «Det er bedre at hjælpe en nabo, end at se ham ruineret».(14)
Kremmaren
Heilt frå Neergaard slo seg opp på heste- og sildehandel rundt 1820, skal han ha lånt ut pengar til folk som trong det, men samstundes lagt på både renter og renters renter. (15) Han begynte tidleg å kjøpe opp gardar for ein billig penge i ei tid med inflasjon.(16) Spekuleringa kunne bli «usosial» i det han selgde eller leigde ut desse, og ein kan finne døme på kjøp-og-sal-verksemda til Neergaard i Bygdebok for Gjemnes.(17) Han bestilte òg kokomnar frå støypeverket på Tjuvholmen som då han var i hovudstaden, og så selde eller leigde han dei ut til ressurssterke heimbygdingar på Nordmøre.(18) Neergaard var generelt oppteken av nyvinningar, og skal ha vore første mann i Øre med mellom anna sirkelsag, treskemaskin og avlsdyr. Eg har ikkje nok ressursar til å sjå om Neergaard fekk noko nemneverdig økonomisk resultat av «kremmar-verksemdene». I bygdeboka står det at skiftet etter John Gundersen Neergaard «vitnar om ein mann i vanlege kår».(19) I 1885 var 15 personar i bygda skuldig Neergaard pengar, «for det meste småbeløp».(20) Men det ser ut til at han kunne vere ein aktør i lokalsamfunnet som søkte økonomisk vinning på akkord med allmugens behov, og det kan tenkjast at noko av den juridiske aktiviteten hang saman med hans personlege interesser.
Medmennesket
Neergaard kombinerte sterke meininger med ein mild veremåte: «Dei sannar det, alle, at Neergaard var snild til aa hjelpa, og venleg aa tala med».(21) Kanskje var dette forklaringa på at han kunne gå frå «oppviglar» til lensmann. Koht skreiv ned fleire anekdoter frå Rindal om korleis Neergaard kunne ta seg av barn og fattigfolk.(22) Han blei dessutan ein støttespelar for den unge Ivar Aasen med utgangspunkt i eit valmannsval i Molde i 1835, då Sivert R. Aarflot tok eit med dikt av kompisen og viste til den berømte bondeagitatoren. Sivert hadde «...aldrig seet eller hørt nogen med saamegen Opmærksomhed beundre Deres Digte som Neergaard gjorde».(23) Her ser vi den omgjengelige Neergaard, som slo av ein prat med både ung og gamal der han var.(24) Alt tyder dessutan på at han meinte godorda om Aasen, for seinare skulle dei knytte band: Då språkforskaren var på «langferda» budde han på Dønnem ein heil månad våren 1846, imens han samla informasjon frå lokalområdet og skreiv.(25)
Koht skriv også at Neergaard «var full av morosame sogur, snart gjekk det om undergjordingar, og snart om embætsfolk; han visste so mykje fraa gamle dagar, og han fortalde so levande».(26) Her blir vi kjent med den omgjengelige entertaineren Neergaard, som kan passe godt med rolla som bondeagitator. I Bygdebok for Gjemnes står det dessutan at det kvart år etter slåtten blei arrangert selskap hjå Kirsti og John på Dønnem. «Da måtte far innover med fela, og sammen med bygdens spillemenn [..], gav han gutter og jenter den festligste svingom», fortel ein.(27) Dønnem var altså ein sosial plattform, der dei ikkje skydde festleg lag. Kombinert med informasjonen om «sjukehusverksemda» på Dønnem, ser det ut til at garden må ha blitt oppfatta som open for fleire enn dei som budde der.
Ei anna side av medmennesket finn vi i kjeldene etter verksemda hans som «bygdedoktor».(28) Allereie før konfirmasjonsalder verka han som pleiar i Rindal etter han sjølv hadde lært seg medisinske triks i Kristiansund.(29) Som ein gift mann tok han for alvor opp igjen denne verksemda saman med kona Kirsti. (30) Det ser ut til at dei hadde besøk på Dønnem i alle fall frå 1848 og fram til rettsaka i 1854, der dei hjelpte folk i barsel, med synsproblemer, ryggskadar, sår som ikkje ville gro og diaré – sjukdommar som kunne sabotere for livsgrunnlaget til ein gardbrukar på denne tida. Fleire av desse budde dagar og veker på Dønnem for å få pleie, og det skal ikkje ha vore noko betalingsvane, anna enn eventuell støtte til medisinar.
Stortingsmannen Neergaard trer fram
I 1826 blei Neergaard for første gang vald til stortingsrepresentant, truleg mykje grunna sin tilfangsrike juridiske aktivitet samt alderen.(31) Ved valet i 1829 blei Neergaard igjen valmann frå Surnadal saman med mentoren underoffiser Hatllien og haugianaren Ole Løset.(32) Men Neergaard blei berre første suppleant til Stortinget, og drog til Christiania i tingperioden for å følgje med.(33) Det var i denne tida Neergaard begynte å jobbe med Ola-boka.(34) Då trykkinga av 600 bøker var ferdig, drog John på agitasjonsreise over store delar av Sør-Norge, inkludert Romsdals amt. Denne varte fram til sommaren 1832.(35) Neergaard blei samme året vald til 3.representant for Romsdals amt, bak bøndene Grønningsæter og Sollied, foran Aarflot. I 1835 var det val igjen, der Neergaard blei vald til første representant. Alt i alt ser vi at Neergaard hadde altså tillit frå fleirtalet av dei røysteføre i Romsdals amt på denne tida.
«Bøigdeomstripper og Urostifter»: Neergaard mobiliserer
Etter bondetriumfen i 1832 skreiv prost Finckenhagen opprørt til amtmann Krogh at Neergaard hadde blitt første valmann trass i at han var ein «Bøigdeomstripper og Urostifter».(36) Profileringa av Neergaard må ha auka det politiske medvitet til sambygdingane – det ser vi altså i resultata på valmannsvala i Surnadal prestegjeld for 1829, 1832 og 1835: Berre bønder blei vald til valmenn.(37) Det er liten tvil om at Neergaard og venene i Rindal klarte å mobilisere røysteføre bønder i lokalsamfunnet til politisk opposisjon mot embetsmennene. Truleg fekk andre stortingsmenn i amtet, Arne Grønningsæter (Norddal), Ole H. Mjelva (Grytten) og Ole L. Qvam (Bolsøy) eit sterkare medvit om bondens rett til å bli representert, fordi dei høyrte om aktiviteten og valsigeren til Neergaard allereie i 1826. Dette gjaldt truleg mange bønder som ville stille til val rundt om i Noreg ca. 1830. Valmenn i regionen på 1820-talet kunne dessutan bli ytterlegare inspirert av Neergaard på samlingene i Molde.(38)
Historikarar held fast ved at den «politiske katekisma» Ola-boka fekk avgjerande innflytelse ved stortingsvalet i 1833 og 1836-37. Boka hadde ei pedagogisk form med spørsmål og svar, og var truleg inspirert av kateksimer frå tidleg 1820-tal.(39) Ola-boka blei distribuert av Neergaard og venner over heile Sør-Noreg før og etter valet i 1832. Eit sitat frå sambygdingen Ingebrigt Sogge, som bidrog til agitasjonen, viser klart effekten Ola-boka kunne ha på bonden:
[Det] som i Særdeleshet har sadt mig paa Ideer om deslige Ting, er en, i en liden Bog trykt Stemmegivning, der viser at de fleste Storthingsmænd af embedsklasse (...) ved siste Storthing har stemt ja til 10 000 Spd. I aarlig Tillæg, kun til tvende Embedsmænd...(40)
Neergaard og dei gode hjelparane viste altså til konkrete eksempel i Ola-boka som fekk ein myndiggjerande effekt på dei som las. Sogge følte at boka
...har sadt min Patriotisme i Fyr og Flamme og til herefter at lægge Vind paa, efter mine Evner og Overbevisning, mere og mere at oplyse Bønderne om deres grundlovsmæssige Rettigheder i Almindelighed og som stemmebrettigede Borgere i Særdeleshed. (41)
Sogge var ein av dei som ikkje sjølv blei valmann, men som likevel bidrog til agitasjonen på Nordmøre. Mange av dei som las Ola-boka hadde ikkje handlingsrom til å agitere aktivt, til dømes ved å dele ut stemmesedlar slik som Sogge – men dei kunne sverje eid og røyste på bønder ved val, noko som særskilt mange bønder gjorde i Romsdals amt.(42) Dessutan førte distribueringa av Ola-boka til at bondepolitikarane klarte å spre eit samla politisk bodskap på eit nasjonalt i staden for eit regionalt nivå. Dette gjorde pamfletten til Neergaard særs slagkraftig – det var ikkje lengre berre folk lokalt i Surnadal som blei eksponert for den eksplosive embetsmannsforakta.(43) Å samle mengder med folk om ei felles, koordinert sak, er heilt grunnleggande for ei rørsle som vil skape endring.
For dei som hadde personleg kontakt med Neergaard, og delvis dei som las Ola-boka og høyrte han prate, vil eg foreslå at Neergaard hadde ein effekt som organisk intellektuell etter teorien til den italienske marxistiske tenkjaren Antonio Gramsci (1891 – 1937). Intellektuelle blokker i samfunnet var det som kunne føre til at nye grupper utfordra det noverandre hegemoniet, i følgje Gramsci.(44) Gjennom relasjonar til meir tradisjonelle intellektuelle samt underoffiser Hatllien blei han sjølv ein intellektuell i unge år, og brukte dei ressursane til å bygge ei eigen intellektuell blokk for bondestanden først på Nordmøre, og så nasjonalt. Neergaard var utan tvil ein av dei største bondeagitatorane i forkant og under bondestortinga på 1830-talet, og dikterte tydeleg eit «program» for kvifor og korleis bøndene som gruppe skulle få meir innflytelse i norsk politikk. Som eg har vist var han truleg eit viktig forbilete for Ole H. Mjelva, som ein organisk intellektuell for bondestanden. Det er særs truleg at dei andre fire òg las Ola-boka og blei påverka. Til slutt vil eg legge til at arbeidet med og gjennomslaget for formannskapslova sjølvsagt er ein heilt sentral del av Neergaards politiske ettermæle, som har spela ei avgjerande rolle i den politiske kulturen si utvikling på 1800-talet. Denne artikkelen tar for seg Neergaard sin lokale aktivitet før 1842, og derfor fell dette bidraget til rikspolitikken utanfor ramma. Neergaard sitt arbeid med denne viktige lova fortene rein artikkel for seg sjølv – minst.
Lensmannsvervet modererer
For tida mellom 1836 og 1854 utvikla Neergaard seg meir i retning av ein mellommann i lokalsamfunnet, bort frå posisjonen som var i steil opposisjon til øvrigheita. I 1836 flytta Neergaard til Øre der han blei tildelt rolla som lensmann, ei stilling han skulle ha til 1854.(45) Ein lensmann skulle representere allmugen i forholdet til øvrigheita, men han var òg avhengig av å kunne samarbeide med dei lokale embetsmennene.(46) Før formannskapslova av 1837 var det amtmannen aleine som peika ut lensmenn, så Hilmar Krogh må ha meint at Neergaard var verdig jobben.(47) Ombodet kunne komplisere den aktive agiteringa som Neergaard var kjent for, og han kom «berre» på tredjeplass ved valmannsvalet i Molde i 1838. Dette var rett nok ein del av ein nasjonal tendens: For bondeopposisjonen var det no eit «atterslag i kjømda» etter valsuksessen i ´33 og ´36/37.(48) I 1841 blei ikkje Neergaard ein gong valmann, og det var nok grunnen til at han stilte til val for Kristiansund kjøpstad i 1844.(49) Eg vil vidare legge til at Neergaard fekk kolosforgifting på veg til Stortinget i 1836, og han meinte sjølv at helsa svikta noko etter dette, som kan vere med på å forklare kvifor agitasjonen og oppslutninga gjekk ned.(50)
Koht skriv at lensmannen Neergaard var forsiktig med å kreve inn betaling frå bygdefolk i valtider, men det er uvisst om han då var strengare andre år.(51) Dette kan ikkje ha vore berre enkelt for allmugen, som var prisgitt Neergaard sin «taktikk». Men samstundes jobba han framleis mot at embetsmennene skulle vere «utsugarar» av pengekassa, og truleg tok han ikkje avstand frå «jusaktivismen» som kjenneteikner verksemda hans før 1836. Saka som felte han i Høgsterett seint på 1850-talet viser korleis han som lensmann kunne nytte «uortodokse» metodar for å hjelpe allmugen i distriktet sitt. Denne dualiteten som lensmannsrolla førte med seg kan ha vore forvirrande for veljarane, og såleis ført til at oppslutninga omkring Neergaard blei meir ustabil.
Myndiggjeringgsprosessen: Korleis blei Neergaard ei politisk kraft?
Militære ombuds- og embetsmenn i lokalmiljøet
Neergaard hadde særleg frå ungdomsåra kontakt med ein underoffiser i bygda, Ola Johnsen Hatllien, som hadde vore valmann i 1814.(52) Av Hatllien fekk John låne bøker som supplerte den mangelfulle undervisninga i omgangsskulen, og dei hadde den politiske interessa til felles. Relasjonen likna den mellom Bjørnstad og Grønningsæter, og Hatllien kan på same måte plasserast som ein organisk intellektuell som hjelpte Neergaard til å bygge ei intellektuell blokk som representerte bøndene som gruppe.(53) Vi finn John på plass 42. i konfirmasjonsrekka for Surnadal i 1811, så det er ikkje noko teikn til at han utmerka seg hjå sokneprest Finckenhagen.(54) Det er ikkje overraskande, då Finckenhagen ikkje var særleg godt likt av bøndene i bygda, og truleg hadde Neergaard som 16-åring begynt å gi uttrykk for eit agg mot øvrigheita. Koht skriv dessutan at Hatllien og Neergaard seinare tok til motmæle mot presten, «...dem tøkt´ han va fer streng; om han ikkje kunn laga sé lite? [...] Prosten vart galin aa villa vis´dem ut...»(55)
Koht skriv at Neergaard etter kvart gjekk ned til Surnadalen for å vitje kaptein Brun, og han fekk låne med seg bøker heim.(56) Neergaard skal òg ha blitt eksponert for teknologiske nyvinningar her: Han fekk som ungdom «høyra hjaa Brun om sirkelsag, og straks laut han faa ei slik heim til bygda».(57) Til kontrast frå Hatllien var nok embetsmann Brun meir orientert mot styresmaktene, og ein kan argumentere for at han ikkje hadde tilstrekkeleg kontakt med bondesamfunnet til å kunne vere eit organisk ledd på same måte som Hatllien. Dei var intellektuelle meir i kraft av profesjon enn av funksjon, sjølv om Hatllien òg hadde mykje intellektualitet i kraft av skoleringa til å bli underoffiser.(58) Altså var dei tradisjonelle intellektuelle, som likevel støtta Neergaard indirekte eller direkte i kampen for å hevde bøndenes rett i samfunnet.
Familie
Neergaard kom frå ein fattig bondefamilie, men søskena og mora gjorde mykje for å legge til rette for at han kunne bli den myndige bonden han ønskte å vere. Dei styrte garden i Rindalen frå 1825 til 1836, slik at han var ført opp som bonde matrikulert jord. Vidare gifta han seg med Kirsti Dønnem i 1845, og tok over som husbonde på garden til hennar familie.(59) Folk i Øre sa at Kirsten var «eit overlag til kvinnfolk» som dreiv garden godt.(60) Desse aktørane var grunnleggande element i kulissane, som gjorde det politiske prosjektet til Neergaard mogleg.
Litterære ressursar
Etter konfirmasjonen flytta John til Kristiansund og fekk jobb hjå ein løytnant Brun, altså kanskje ved hjelp av nettverket til Brun og Hatllien.(61) I Kristiansund var John i tre år «i kondition hos en Kjøbmand og senere hos en Sagfører».(62) Her blei intellektet til Neergaard utfordra: Særleg hjå sakføraren las han mykje jus, mellom anna den skotske kommunelovgivinga.(63) Han lånte òg bøker på engelsk av konsul Knudtzon.(64) Konsul Knudtzon (II) var «en av byens rikeste og mektigste menn», og Neergaard fekk altså nytte av desse ressursane.(65) På midten av 1820-talet var Knudtzon på kant med myndigheitene fordi han hadde feira 17. mai trass i forbodet frå kong Karl Johan. Vi veit ikkje om Neergaard blei inspirert til å opponere gjennom Knudtzon – det kan òg ha vore andre vegen, sidan opprøret ikkje skjedde før i 1828. Uansett er det tydeleg at konsulen var open for synet til radikalarar som Neergaard, og at litteraturen Neergaard lånte kan ha inspirert til progressiv tenking.
Eg vil nevne juristen Jonas Anton Hjelm, som truleg var mannen bak skriftet En mærkelig samtale imellem tvende bønder, under deres Reise til en Valgforsamling i Aaret 1820.(66) Han skulle seinare bli ein støttespelar for Neergaard på Stortinget og i arbeidet med Ola-boka, men eg vil foreslå at han allereie i 1820 påverka Neergaard med denne teksten. Den har garantert vore til inspirasjon for Ola-boka – i form og innhald. Hommerstad skriv at den formidla ein skepsis mot embetsmenn, eit ønske om å redusere statsutgifter, og fremheva bønder og dira rolle i samfunnet. Skriftet var ikkje agitatorisk som Ola-boka, men heller opplysande. Eit anna tekst som kan ha inspirert Neergaard var agitatorisk, og skriven av haugianaren Nils Bru i 1814: «Om Valgmænd».(67) Hommerstad peikar på ein kontinuitet i argmentasjonen til Bru fram til 1833.
Iver Brovold skreiv at i 1826 var Neergaard «ikke længre nogen almindelig Bondegut, men var foran de Fleste baade af sine Standsfæller og sin Tid enten det gjaldt mundtlig eller skriftlig at argumentere Grunderne for sin Paastand».(68) Altså hadde han fått impulsar som gjorde at han både ønskte og evna å formidle eit opposisjonsprogram for bøndene.
Hans Nielsen Hauge i Rindal
Hauge gjekk gjennom Surnadal prestegjeld i 1799, 1801 og 1802 – då Neergaard var eit barn.(69) Likevel var Rindal ei bygd som ikkje var over gjennomsnittet «kristeleg» av seg: «Kortspil, Dans, Drik, Trætte og Uenighed var meget almindelig; man klorede hverandre ofte op som vilde Dyr», skriv Heggtveit.(70) Dette kan stemme med Halvdan Koht si beskriving av Rindal som ei bygd full av relativt primitive bønder.(71) Men Koht skriv at der var fleire gardar i Rindal med vekte, der ein av dei kom under tiltale frå prest Finckenhagen for «fanatiske og sværmeriske Læresætningers Udbredelse.»(72) Det haugianske nettverket på Nordmøre skulle seinare vere ei hjelp for den politiske verksemda til Neergaard.
Relasjon til Grendahl-folket
Brørne Mikkel og Trond Grendahl frå Rennebu og deira slekt blei viktige aktørar i prosjektet til Neergaard.(73) Desse blei vekte av Hauge i 1799, og blei «af de mest begavede og indflydelsesrige av Hauges Venner, ikke alene nordenfjelds, men i det hele Land».(74)
Trond gifta seg med haugianaren Randi Pedersdotter Hevle som hadde vore lekmannsforkynnar og reist mykje rundt.(75) Dei flytta til Utvik på Nordmøre i 1811, og budde der i ti år før dei bytte til seg garden Torvik med den haugianske familien til Johanna Qvam f. Ryen, sjå kapittel i masteroppgåva om Ole Larsson Qvam i Bolsøy. Trond og Randi heldt ofte møte på Torvik, av og til med selskap av høvdingar som Daniel Arnesen og Lars Kyllingen frå Romsdal.(76) Eine sonen til Trond, Niels (f.1811 på Utheim), blei ein særs god ven av Neergaard.(77) Niels var haugianar på sin hals, sjølv om han hadde tider som ungdom der trua var svak.(78) Neergaard blei gudfar til sonen hans, Trond.(79) Han prøvde å få lille Trond til å lese aviser, men soga seier at Niels ikkje ville ha noko av det: «Avisan dreg bort te´ verdens løst.»(80) Men dette hindra ikkje Neergaard frå å halde fram med å ta del i det haugianske miljøet lokalt. Så seint som i 1880-åra var han med på vekkelsesmøte på Torvik.(81) Det var bøn, salmesong og preike frå huspostillen. Seint på kvelden skal John Neergaard ha blitt så rørt av det som blei sagt at han måtte få ordet ein heil time. Møtet blei avslutta, «folket hadde ro, og evangeliet festa djupe røtter».(82) Banda Neergaard hadde til Grendahl-folket på Torvik var altså sterke og varte livet ut.
Mikkel Grendahl var politikaren i familien, og den som hadde kjøpt garden på Utheim og gitt den til Trond.(83) I 1821 fekk han ved hjelp av haugianaren Arnt Solem kjøpt garden Hafsten (Havstein) på Byåsen i Trondheim. Mikkel reiste rundt som lekpredikant, og skal ha vore ein dyktig gardbrukar og smed. Han var på storting i både 1830, 1833, 1836/37 og 1842, og hadde på den måten mykje i kontakt med John Neergaard. Dei var samla i den «Hemmelige Direction» i 1833.(84) Det kan dessutan hende at John møtte Mikkel i Kristiansund før 1821 – han hadde nemleg base der frå ca. 1811.(85) Ikkje minst var det Mikkel Grendahl som finansierte heile trykkinga av Ola-boka, noko som sjølvsagt var av avgjerande betydning for utbreiinga av arbeidet til Neergaard.(86) Han fekk òg hjelp av mellom anna Henrik Wergeland og juristen Jonas Anton Hielm med agitasjonsskriftet. Ein viktig del av den nasjonale suksessen til Ola-boka var at Neergaard hadde eit nettverk av folk som kunne distribuere den for han. Bondepolitikarar – haugianaren Grendahl i spissen, samt Peder Fauchald og Halvor Hoel – tok med bøker og delte ut lokalt, og lånte dessutan ut eigedommane sine til Neergaard som han kunne ha som base for agitasjonsreisa. Nergaard skal sjølv ha skrive at
Den med aabne Ærlighed og Opriktighed, ogsaa i politiske anliggender, fandt jeg almindeligvis hos de saakaldte Læsere og da i særdeleshed hos Grendal paa Havsten ved Trhjem og hos John Sørbøden ved Fredrikshald, hos hvilke Mænd jeg desuden nød den fulstendigste Gjæstfrihed, og hvis huslige hygge var mig en sand Rekreation, naar jeg jamt og samt kom tilbake til Stationen fra mine politiske Exkussioner. (87)
Dette levnar lite tvil om betydinga av haugianarhøvdingar for Neergaard si mobilisering til bondeval.
Hjelp til lokal mobilisering
I mobiliseringa før valmannsvalet i 1826 hadde Neergaard «tala med folk, at dei skulle møta fram og røysta på sjølvstendige bønder, og på valdagen låg han sjølv paa utgarden omkring kyrkjegarden og skreiv valsetlar for folk».(88) Eit berømt sitat frå Neergaard på sine eldre dagar
fortel klart om det enkle «politiske valprogrammet»: «He du løst til å bli Stortingsmann? Saa ska´ e sei de´ kaales´ du ska´ bli de´. Sjaa te å finn ut alle moglelege misgjerniga aat embetsfolk, aa sei de´, saa fær du folke´ me´ de´.»(89) Og han hadde fleire andre bønder med på aksjonane. Ole Løseth og Ingebrigt Sogge er nemnd som aktørar i den lokale bondemobiliseringa i Surnadal prestegjeld.(90) Lensmannssonen Ingebrigt Sogge blei karakterisert som «en verdig Lem av Haugesecten», og både faren og seinare svigerforeldre skal ha vore med i rørsla.(91) Sogge hadde eit klart syn på kvifor bondemobiliseringa var viktig:
At heg haver skrevet Stæmsedler efter Forlangende tilstaar jeg ligefrem, og at dette ikke er nogen Brøde viser Valglovens 14 paragraf. At jeg ved at tale med Almuesmend har yttret mig, at det er raadeligt at stemme paa Bønder, er gjerne mueligt. Heller ikke dette kan være utilladeligt; thi frimodige Yttringer om Statsstyrelsen og delsige er enhver Statens Borger, altsaa også mig, hjemlet Grundlovens 100 paragraf. (92)
Han var tydeleg stolt av å støtte det politiske bondeprosjektet og godt informert om mål og strategi. I 1832 ropte Sogge ut over kyrkjegarden under valmannsvalet: «Du ska´slett ikkje stemm´paa storing´!»(93) Løseth er òg nemnd av Heggtveit og Koht som ein sentral haugianar i Rindal: han kunne Pontoppidans forklaring og Luthers lille katekisme utenat, og han var ein aktiv lekpreikar som skal ha kalla seg sjølv ein «liten Profet».(94) Han hadde sjølv vitja Hauge på Bredtvedt rett før han døydde.
Det er viktig å peike på at det slett ikkje berre var folk frå kjerna i haugerørsla som mobiliserte saman med Neergaard. Lars Ranes, bror til Ingebrigt, var valmann i 1832 med Neergaard og Løset, men er ikkje nemnd som haugianar nokon stad. Ranes var i følgje Koht «langt yver dei andre bønderne i Surndalen».(95) Kanskje var det at Ingebrigt og Lars var lensmannssonar like viktig bakgrunn for agiteringa. Andre relasjonar og plattformar i bygda – mellom bønder som samtala under slåtten, i tingstua eller på kyrkjebakken om søndagen – var heilt klart òg utslagsgivande for resultata. Likevel: Kjeldene viser at folk som tok del i den haugianske rørsla spelte tett på lag med Neergaard på 1820- og 1830-talet.
Pressefolk i Christiania
Sylvester Sivertsson som ein viktig figur i norsk offentlegheit rundt 1830.(96) Han var ein pioner i norsk presseliv, skreiv politiske artiklar og jobba med Peder Soelvold i Statsborgeren. Han hadde vakse opp i ein haugiansk heim i Lom.(97) Mikkel Grendahl finansierte utdanninga hans i Trondheim, og
...i 1833 gav han ut boka Haugianismen, dens Historie og Væsen. her gav han ei positiv vurdering av Hauge-rørsla. Eit vesentleg kjennemerke ved haugianarane skrei han, er at "de er baade den aandelige og den brogerlige Friheds Forkjæmpere". Og han hylla Hans Nielsen Hauge: "Profetisk stod du blandt Nordens fjelde!" (98)
Sivertsson var ein sentral opinionsdannar i Noreg i 1830- og 1840-åra med sine liberale idear, og Neergaard hadde relasjonar til både han og Peder Soelvold.(99) Det ser ut til at Neergaard og Sivertsson hadde like forhold til haugerørsla, og eg vil opne for at deira kontakt – via haugianarar og bondeopposisjonen – kan ha verka myndiggjerande.
Kona Kirsti Dønnem (frå 1845
Ikkje overranskande er det særs lite å finne om kona til John Neergaard, som ofte er tilfelle i historiografien om politiske aktørar. Det har likevel vist seg i samtlege nærstudier eg har gjort i at koner og søstre har spelt tilsynelatande stumme, men uvurderlige roller i arbeidet som deira ektemenn var synlege frontfigurar for.(100)Kirsti Dønnem er ikkje noko unnatak. Eg vil skrive kort om hennar rolle i prosjektet til Neergaard, sjølv om dei ikkje «copulerede» før i 1845. (101) Folk i Øre sa at Kirsten var «eit overlag til kvinnfolk», i følgje Koht.(102) Ho dreiv garden godt, samstundes som ho fødte fire barn – eitt tvillingpar – dei første fem åra av samlivet med John.(103) Hennar arbeidskapasitet var avgjerande for at Neergaard kunne drive si mangslungne verksemd vidare.
Kirsti var fødd på Narjordet i Os i Østerdalen i 1806, men kom flyttande med familien (då Røste) til Torvik i 1811.(104) I 1810 var det seks familiar som flytta til Nordmøre berre frå den lille bygda Os.105 Tore Myre og Per Øverland har vist at desse mest sannsyleg har samarbeida om reisa opp til kystområdet. Jon Utheim har skrive detaljert om korleis den haugianske familien Ryen, altså Johanna Qvams familie, kom flyttande frå Os same år og kjøpte gardar av Torger Næss.(106) Det kan vere fleire årsakar til at desse familiane flytta til Nordmøre frå Os, men dei håpa nok på betre levekår – 1810 var som kjent i ei hard periode for mange i Noreg grunna uår og ustabilitet. Eit anna forklaringsmoment kan vere haugiansk oppmodning til å flytte – vi veit at Hauge aktivt plasserte haugianarar i områder han såg at rørsla var tent med, og at rørsla hjalp til med ressursar. Dette gjorde at haugianarar var meir mobile enn den gjennomsnittlege norske bondefamilien. Det hadde dessutan vore eit relativt aktivt lekmannsmiljø i Nord-Østerdalen på begynnelsen av 1800-talet, særleg i Vingelen omkring lekmannspredikanten Sara Ousten. (107)
Randi Pedersdotter Hevle drog frå Drivdalen til Nordmøre i 1810, og gifta seg med Trond Grendahl som då bodde på Utheim.(108) Då desse to gifta seg i 1811 er det openbert at deira heim blei ein arnestad for haugianarane på Nordmøre. Som vi veit bytta Grendahl-folket gard med Ryen-folket frå Os. Når vi då veit at Dønnem-folket kom samstundes som Randi Torvik og Ryen-folket, og at Neergaard blei god ven med Trond og Randi – er det nærliggande å tru at Neergaard gifta seg med Kirsti i kraft av dette nettverket. Eg foreslår at Kirsti fungerte som ein styrke for Neergaard si verksemd etter 1845. Dessutan var det ho som hadde gard å by på – som var ein avgjerande ressurs for Neergaard.
John Neergaard – ein haugianar?
Neergaard «tykte pietistane var for myrke og la for lite vinn paa god borgarleg opplysning», meiner Koht.(109) Festtradisjonane på Dønnem er eit døme på korleis han braut med den strengt pietistiske, puritanske livsføringa. Likevel ser vi at Neergaard var ein del av haugerørsla:
«Neergaard rekna Hauge for ein stor mann baade i det gudelege og i det verdslege, og han forsvara alltid lesarane, naar det vart tala ilt om dem».(110) Som eksempel fortel han om eit selskap med kondisjonerte i Rindal, der dei begynte å kalle lesarane for «svolkara».(111) Då svarte Neergaard: «[...] Desse her fer aa tala aat folk, at dem ska leva kristele aa hjelp kvorare. Heller e de svolkara, dem saa sit aa dampa aa drikk bortme kortbora.» (112) Her ser vi òg korleis han, som haugianarane, syntest det var synd med dei som lot drikkinga sabotere for arbeid og samfunnsengasjement.(113) Neergaard blei fadder til haugianske barn, fekk «haugiansk spons» av trykking av over 1000 bøker, og var med på lekmannssamlinger fram til sin død. Eg meiner at John Neergaard stod særs nært det haugianske nettverket utan å vere einig med alt haugianarane sto for. I det berømte motivet av Tidemand, «Haugianerne», ser ein tydeleg at ikkje alle som tok del i samlinga sto i kjerna av lokale. Ein kunne stå i utkanten, og framleis høyre til, i ei gråsone. Nettverket til rørsla spelte ei stor rolle for aktiviteten til Neergaard: Han kunne bli inspirert av den sekulære etikken i det haugianske tankegodset; Han hadde stønad i ei viktig sosial gruppe som kunne gi han lojalitet ved val; Han fekk økonomisk stønad. Informasjon ville dessutan flyte raskt i dette nettverket. Halvdan Koht konkluderer med at Neergaard «helt seg mykje til Hauge-venene og fekk studnad hjaa dem i politikken».(114)
Konklusjon
Neergaard var ein kompleks samfunnsaktør. Han sto på barrikadene, samstundes som han var stille og saktmodig; han var lensmann, men med eit rulleblad som oppviglar; han hjelpte dei som var fattige, men tok høge renter på lån til allmugen. Trass i denne vanskelege dualiteten er det heilt klart at han spelte ei avgjerande betydning for utviklinga av det norske samfunnet. Eg har foreslått at ein kan sjå denne rolla i lys av teorien til Antonio Gramsci om organiske intellektuelle, der han var med på å danne ei organisk intellektuell blokk for bondestanden i Rindal og seinare nasjonalt. Han fungerte som ein leiar i i den politiske bondemobiliseringa på 1830-talet, og samla bøndene om ein sams ide som gav dei slagkraft i rikspolitikken. Lokalt arbeidde han særleg for at allmugen skulle bli behandla meir rettferdig i rettsystemet, og han mobiliserte og stilte til val som representant for bønder med matrikulert jord frå 1826 og dei neste førti åra.
Forklaringa på at Neergaard tok denne rolla som myndig bonde er samansett. Han fekk intellektuelle ressursar gjennom relasjonar til underoffiser Hatllien og lokale militære embetsmenn; Som ein del av det haugianske nettverket fekk han kulturelle, sosiale og økonomiske verdiar samt høve til å dele informasjon raskt; Han las litteratur frå både innland og utland som inspirerte til korleis ein stat burde styrast. Familien må dessutan få mykje av æra for at han hadde med matrikulert jord og dermed politisk handlingrom med vallova – utan mora, broren og seinare kona, hadde han ikkje hatt høve til å drive den mangslungne aktiviteten gjennom sitt 90 år lange liv.