main article image

Sausaksa

Det heile starta da eg rydda i garasjen i barndomsheimen min. Foreldra mine kasta nødig noko, og det har nok gått i arv til meg. Innerst i hjørnet, i nedste skuffa fant eg ei gamal sauesaks. Den er heilt rusten og omhyggeleg samanbunde med ei skolisse, der det er knyta ei fin sløyfe.

Sausaksa har nok ikkje vore i bruk etter at mamma flytta frå Gangstø-haugen på Strømøya i Ytre Kvenvær i 1952, og eg vart nysgjerrig på historia bak.

Anna Theodora

Anna, 15 år heime på Gangstøhaugen Ukjent

Mamma, ho Anna, vart født i 1926. Ho vaks opp som einebarn samen med foreldre og besteforeldre. Foreldra hennar, altså min mormor og morfar hette Hildur og Edvin Stridshol. Ho Hildur vaks opp i Børøsundet, hos fosterforeldra; Tobias og Ane, og to fosterbrør; Alfred og Arne. Edvin sine foreldre var Kristian og Brit, og det var dei ho Anna budde i lag med.

Å vere einebarn kunne nok vere litt stusseleg. På Strømøya var dei jamaldrande stort sett gutar, men på skulen trefte ho Astrid, som budde på ei anna øy. Difor vart kontakten liten utanom skulen. I skoleferiane vart det annleis, da reiste Anna på besøk til onkel Alfred, tante Kaia og son deira, Bjarne. Dei budde på garden Børøsund, og der hadde dei både hest, kyr og sauer.

Overraskinga

Ein haust vart det sendt telefonbod: dei måtte kome til motorbåtkaia, for der var det kome noko til ho Anna. Overraskinga var stor da det sto ein levande sau og brekte på kaia. Det var onkel Alfred som hadde sendt kopplammet, og det hadde reist med både Fosenbåten og motorbåt for å kome til øya. Torv-bua vart rydda og flidd for den nye øybuaren og namnet vart Astrid – etter bestevenninna…

Lammet Nevit Dilmen. Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Familien på Gangstø-haugen var ikkje rik, men kanskje litt betre stilt, sidan dei berre hadde eit barn. Likevel var nok både saukjøtt og ull kjærkomne tilleggsressursar.

Hildur

Hildur Olise Ukjent

Mormor mi, ho Hildur, vart kalla Besta. Ho var ei driftig dame, som handterte både rokk og strikkemaskin. Så kvar vår vart sausaksa tatt fram, og Astrid og etterkomarane vart kløpt før dei slapp ut på beite.

Strikkemaskina

Ulla vart mødesamt karda, spunne og nøsta før ho Hildur tredde maskina og produserte ullklede for familien og for sal til naboar. Det seies at ho var flink, og strikkevarene var etterspurde. Dårlege hus, og dessutan ferdsel på sjø og hav var kvardagen for folk, så det er ikkje rart at gode ullprodukt selde godt.

Ferdsel til sjø var kvardagen for øybuarane Ukjent
Strikkemaskin frå Kystmuseets samling Bjørg Alise Antonsen

Oppsummering

Sjølv om det er i manns minne, så var det ei anna tid og eit anna liv. Ei rusten sausaks fortel historia om eit folk som levde meir marginalt enn vi kanskje kan førestille oss i dag. Båten var framkomstmiddelet, og alt ein kunne produsere sjølv var eit stort gode. Lammet som kom reisande med Fosen-båten og motorbåt, vart godt motteken og godt passa på.

Order this image

Share to