Ballangrud-modellen

Ballangrud-modellen Øyvind Andersen

Lengdeløpsskøytene er i svart skinn. I stålet på undersida av skoen er det gravert inn RACER BALLANGRUDS MODELL. MADE IN NORWAY - CHRA. STAAL OG JERNVAREFABRIKK A/S, MOSS NORWAY. Skøytene er produsert under varemerket Ving av Wilhelm Rosenvinge i Moss rundt 1960. Vings skøytehistorie strekk seg tilbake til rundt 1910. Då lanserte fabrikken ein reimskøytemodell under varemerket Ving.

Fem år tidlegare hadde Petter Fr. Rosenvinge etablert Christiania Staal & Jernvarefabrikk på Bentse Bruk i Christiania. I 1914 flytta han verksemda til Værftsgata i Moss, og under sonen Paul Wilhelm Rosenvinge vart det reist ny fabrikk på Høyda i 1946. Fabrikken hadde nå namnet Wilhelm Rosenvinge A/S, men på folkemunne vart den berre kalla for Låsen. I tillegg til låser, var skøyter ein viktig spesialartikkel.

Varemerket Ving vart meir og meir innarbeidd, og då familiefirmaet bygde eigen skofabrikk, låg det til rette for moderne skøyteproduksjon. Fabrikken satsa stort på produktutvikling, og lendelaupsskøytene vart etter kvart verdskjente. Eigne tre-lester vart konstruert til kjente skøytstjerner som Ivar Ballangrud, Hjalmar Andersen og Knut Eriksen. Ved fabrikken vart det bygd ei eiga kunstisbane der ein kunne teste ut skøytene.

Vår skøyte har fått namnet sitt etter Ivar Ballangrud. På 1920 og 30-tallet vann han fleire meisterskap i VM, EM, NM og OL. Ballangrud-modellen vart produsert i ulike modellar til aktive skøyteløparar og til fritidsbruk. Ei mengde rekordar vart sett på skøytene av både norske og utanlandske utøvarar. Størst var etterspurnaden frå Nederland. Når isen fraus på kanalane, skaut salstala til fabrikken i veret. Ving leverte også hockey- og danseskøyter, men Ballangrud-modellen var den som etablerte seg som det sterkaste merkenamnet.

I 1969 kjøpte Christiania Spigerverksted A/S opp Wilhelm Rosenvinge A/S og Trio Fabrikker A/S i Oslo og slo dei saman til TrioVing med hovudsete i Moss. Skøyteproduksjonen heldt fram, men vart avvikla i 1981 etter ei periode med snøfattige vintrar i Nederland.

Artikkelen er hentet fra boken "Ting & Tang" fra Østfoldmuseene

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to