main article image
Øyvind Andersen

Folkegassmaska

Folkegassmaska gir meg assosiasjonar til barndomen, og den trykkjande kjensla eg hadde i brystet når Sivilforsvarets alarm ula over vestlandsbygda. I min barndom på 1970-talet var det kald krig, og på radio og TV vart vi dagleg minte om at forholdet mellom USA og Sovjet ikkje var bra. Stormaktene rusta opp. Om krigen braut ut, måtte vi vere føre var.

Øyvind Andersen

Maskas historie skriv seg attende til 1959, då regntøyprodusenten Helly Hansen starta opp produksjon av gassmasker til forsvaret og industrien i det gamle Klipperiet på Høyenhald. Fram til 1975 vart det produsert masker i stor skala i Moss.

I 1960 løyvde Stortinget pengar til produksjon av ei folkegasmaske. Målsetninga var at alle innbyggjarane i landet skulle ha ei eiga gassmaske om det braut ut krig. Helly Hansen hadde i samarbeid med ingeniør Jon Norman utvikla ei maske som var betre enn dei utanlandske. Den var meir effektiv mot gass og radioaktivt støv, rimeleg å produsere og lett å bære. Best av alt, var den heilt tett! Slik dogga ikkje det store vindauget, og ga brukarane fritt utsyn til båe sider.

Med tidsriktig bæreveske og to filterpatroner vart Folkegassmasken lagt ut for sal i 1967. Prisen var kr. 53,50, og den vart levert i fire ulike storleikar. Det var viktig at alle, frå små barn til vaksne kunne bruke den. I aviser og brosjyrar som vart delt ut til alle husstandar, vart folk oppmoda om å kjøpe folkegassmasken og sette seg inn i bruken av den.

Den subsidierte produksjonen var lukrativ for Helly Hansen. På 1960- og 70-talet var «Maska» ein solid kvinnearbeidsplass. I Noreg var det likevel få privatpersoner som kjøpte den, - på tross av Statens oppmodingar. Maska var omstridt, og lesarinnlegga i avisene mange. Kanskje var ikkje dei vaksne like redde som oss borna?

Artikkelen er hentet fra boken "Ting & Tang" fra Østfoldmuseene.

Order this image

Share to