main article image

Morsdag

Den 9. februar 1919 vart morsdag for fyrste gong offisielt arrangert i Noreg. Da var mange små vortne morlause i "spanskesjuken" som herja verda omkring.

Morlaus morsdag

Da morsdagen for fyrste gong vart offisielt markert i Noreg, var det nettopp mange born som ikkje hadde ei mor. "Spanskesjuken" herja over landet og elles i verda, og mange unge mødrer døydde. I Nord-Odal i Hedmark var det så mange foreldrelause ungar at herredsstyret måtte fatte vedtak. Dei diskuterte korleis dei kunne opprette ein barneheim for dei mange foreldrelause. Etter litt diskusjon om kvar og korleis, kom dei fram til at dei ville spørja Maren Kolstad. Ho hadde nettopp etablert ein barneheim i Gardvik i Mo sokn. Nå fekk ho tilbod om at kommunen kunne ta over drifta, mot at ho skulle halde fram som styrar for heimen, og at dei foreldrelause etter "spansken" skulle få bu der. Slik vart det.

Heldigvis tok nokon eit fotografi av Maren, medhjelparane og ungane ved barneheimen, truleg sommaren 1919. Biletet er samla inn av Nordre Odalen kulturminnelag og nå ein del av fotosamlinga til Odalstunet.

Initiativet til morsdag sto på trykk i Hedemarkens Amtstidende den 4. desember 1918.

Det var foreningen "Hjemmenes vel" som tok initiativ til å feire morsdag i Noreg. Dei skipa til eit møte i Kristiania i desember 1918, og lanserte andre søndag i februar som den norske morsdagen. https://www.nb.no/items/37759b7e6022c933b49871ffd2a72a3c?page=0&searchText=morsdag

Share to