Matproduksjon på Jæren i år 2000

Kva arbeid ligg det bak ei gulrot, ein kinakål eller ei tomat? Korleis blir arbeidet gjort? For nøyaktig 20 år sidan gjennomførte Jærmuseet ein dokumentasjon av ein jærsk sjøgard. Me hadde fokus på arbeidet med å produsera maten vår. Det som var dagens arbeid i år 2000 er historie i dag. Så nå presenterer me små filmsnuttar dag for dag, nøyaktig tjue år etter. I denne artikkelen legg me inn filmane etterkvart og knytter dei opp mot foto og anna materiale frå år 2000.

Garden Opheim på Vik i Klepp

Opheim i 2000 er ein gard der dei dyrkar tomat , agurk, grønnsaker: gulrot, blomkål, kinakål og kålrabi og i tillegg har dei mjølkeproduksjon. Det er ei allsidig drift og dei er mange saman om å utføra arbeidet. Gardbrukparet Jarle og Torunn Wiig, driv saman med sonen Jone og sambuar Tone Lise. Dei to andre sønene, Thomas og Bjørn Erik bur også heime. Dei har arbeid utanom garden, men er likevel viktige brikker i arbeidet. Folgekona Borghild, mor til Jarle, bur også på garden. Ho feira 80 år i løpet av året vårt.

3. november : Vaska drivhus

November er månaden for å rydda ut og vaska ned i drivhusa. I dag er Alieksey og Aleksandr i gang med å desinfisera vegger og tak.

To-familiebruk med «utlendingar»

Gardsbruket med gartneri blir drive av to generasjonar som i tillegg har innleigd arbeidskraft. Det er jordbruksstudentar frå Latvia, Bulgaria og Kviterussland. Dei fleste studentane er på garden i tre månader, nokre få er her lengre. Det daglege språket på garden er norsk, engelsk og russisk.

1. november : Rydda ut av drivhusa

  1. oktober blei dei siste tomatene og agurkene henta i 2000. Nå skal alle drivhus ryddast og desinfiserast. Dette er også tida for vedlikehald og utbetringar. Det ser me i dagens video.

24.oktober 2000 Gulrot opptak i åkeren

I går tok dei opp 20 kassar med maskin. I dag må dei ta opp gulerøtene for hand – som i gamle dagar. Jorda er for blaut til at dei kan bruka maskin. Jarle reknar med å få opp ti kassar på denne måten.

26. september: Uvaska gulrot og gras

Sjå koss Jarle pakka den uvaska gulrota i 2000. Det er 15 år før dei fekk pris i Det norske Måltid for posane med «Sjitne gulerøde». Me er også ute når dei legg i flatsilo denne dagen.

25. september: Halm i pølse

I dag er me ikkje på Vik, men på Torland i Hå. Der ser me koss dei lagar dei lange svarte plastpølsene.

20. september: Korn i sikte!

Byggåkeren stod klar til å skjærast i dag. Jarle fekk ein nabo til å koma med skurtreskaren. Han fyllte to vogner med korn som blei kjørt på mølla. Så kom ein maskinentreprenør og laga halmballar. Då var denne dagen over.

7. september: Få ut møkka!

Mjølkebonden treng mykje gras til kyrne. Jarle slår gras fleire gonger i året. Etter graset har kome i rundballar er tida inne for å gjødsla før vidare grasvekst. Den tida er inne i dag. Han samlar all kupiss og møkk i gjødseltanken på garden. Derifrå hentar han flytande gjødsel til spreiing.

4. september 2000: Traktoregg = rundballar

Kven hugsar at det var på Jæren at verdas første rundballepakkare blei laga? Underhaugs Fabrikk henta ideen frå Australia. Kverneland Underhaug rakk å produsera 25 000 maskinar før dei flytta produksjonen ut av landet. Det var mange konkurrentar. Ein av desse ser me på Vik i 2000. Teknikken er den same: Først ein maskin som pressar graset til sylinder, så rundballepakkaren som pakkar alt inn i plastfilm.

22. august 2000 Agurk etter EU-standard

Dei er lange og grøne. Dei skal vera beine. Agurk blir produsert etter EU-standard. I dag kan du sjå at dei har eit auge på dette under hausting og pakking.

18. august 2000 Mjølker kua rett i karongen?

Ein kan lura på mangt. Jarle har mellom 16 og 18 mjølkekyr. Kvar morgon og kveld må han, Thomas eller Bjørn Erik mjølka og gje kyrne mat. Denne dagen er eg med Jarle i fjoset. Me får også besøk av tankbilen frå Tine. Han kjem annankvar dag.

18. august 2000 Koss får me ein ny kalv?

Det er 18. august 2000 Koss får me ein ny kalv? I dag kjem inseminøren også innom på Vik. Det er ikkje mykje romantikk når ei ku skal bedekkast. Men mannen med dosen er hyggeleg og slår av ein prat.

18. august 2000 Mat til kyrne – direkte frå åkeren

Kyrne kjem ikkje ut på beite på «sommarferie» slik regelen er i 2020. Dei står på båsen heile året. Det gjer dei på dispenasjon, men det er siste sommaren.

15. august 2000 Skal det vera ein bunt gulrot?

Sandjorda på Jæren er kjend for sine gode gulerøter. Sommaren 2020 var våt, så dagens henting av gulrot til bunting blei gjort for hand. Dette er garden der dei i 2015 lanserte «Sjitne gulerøde» - noko dei har vunne mange prisar for.

27. juli 2000 Gladmat i Stavanger

Mat skal ikkje bare produserast. Den årlege Gladmatfestivalen i Stavanger er marknadsføring av lokalprodusert mat og kokkekunst. Det er også ein stor sommarfest, med fleire hundre tusen besøkande. Men ikkje i 2020, pga koronaviruset. Men sjå 20 år tilbake; då var det også ei anna tid. Jærbøndene var aktivt med, både med utstilling og opptog.

19. juni 2000 Sesong for norske blomkål

Blomkåla blei sådde som frø tidleg i mars. Dei kom i jorda tidleg i april, og frå 10.juni starta haustinga. Nå får du sjå den nye haustevogna som Thomas har bygd. Det er grått i veret, men dei åtte ungdommane er godt kledde.

18. mai 2000 Sesong for norsk kinakål og haustevogna er snart ferdig

Mai er tida for kinakål på Vik, og Thomas står på for å få ferdig haustevogna. I dag har det kome fleire nye sesongarbeidare til garden. Brørne Dino og Melih er veteranar. Dette er 6 og 5 sesongen deira på garden. Dei vaks opp og fekk utdanning i kollektivjordbruk i Bulgaria. Drifta i Norge er ein stor kontrast.

13. mai 2000 Liker du kinakål?

Nå er haustonna i gang for frilandsdyrka grønnsaker. Jarle legg vekt på å koma tidleg på marknaden med kinakål. Dette året starta haustinga 11. mai. Eg filma to dagar seinare. Det var ein laurdag då foreldra på garden dro på helgetur, mens Thomas og Bjørn Erik var heime. Thomas arbeidde på ei ny haustevogn, samtidig med at han hjalp latviarane tilrette med hausting av kinakål.

4. mai 2000 Modne tomater og meir til

Eg drog innom Vik utpå ettermiddagen. Kom uanmeldt. Jarle stoppa i arbeidet på traktoren då han såg meg. Ville visa meg koss kinakålen vaks. Dei er snart ferdige til å bli hausta. I eit veksthus avslutta Jone og tre latviare oppbinding av agurkplanter og i eit anna, der eg filma, henta dei tomater. På eit av felta med kålrot låg dei å luka for hand. Alt er i vokster – inne og ute.

28. april 2000 I dag skal vi lufta plantene

Mange mann er i arbeid ute i dag. På Jæren bles det alltid, så her gjeld det å halda faste tak. I fleire veker har kinakål og kålrot vekse under dekke av plastfilm. Men dagane blir varmare og plantene større. Så dei treng både luft, vatn og meir gjødsel. Bli med når plast blir punktert eller fjerna og fiberduk lagt på. Eg snakka med Torunn på telefonen 9:15 og fekk beskjed om arbeidet. Kom ned ein time seinare. Då var mykje av plasten fjerna på kinakålplantene. Samstundes var ein mann i arbeid på ein kålrotåker. Han kjørte holer i plasten. Sidan eg filma denne dagen, ville Jarle legga på fiberduk seinare på dagen. Så eg dro til museet og kom tilbake i 14-tida.

14. april 2000 Nye agurkplanter er klare for veksthuset

Jone og latviarane har to lange arbeidsdagar nå midt i april. I går reiv dei ut gamle agurkplanter. I dag skal like mange nye planter på plass i veksthuset. Så vil det gå nokre veker før dei kan begynna å hausta på nytt.

13. april 2000 Agurker frå 7 200 planter skal ut av huset!

Visste du at agurkplanten veks 10-12 m på 1,5 månader? Då har dei hausta 6 kg agurk på planten. I dag skal dei pakka dei siste agurkane før dei riv ut 7 200 planter i veksthuset. Til slutt blir golvet reingjort og klart til nye planter. Dagen starta med å hausta dei siste agurkene. Eg kom då dei var i pakkeriet på garden. Kvar agurk blir pakka i plast og lasta i kassar.

7. april 2000 April på Jæren

Våren er ei lunefull tid. Tidleg i april er det ikkje uvanleg med litt snø på Jæren. Men det er tale om timar, heller enn dagar, før han er vekke igjen. Koss går det med agurkene som blei sådd for ei veke sidan? Og tomatene - dei har me ikkje sett på tidlegare. Ute har dei det travelt med å få pluggplantene i jorda.

30. mars 2000 Så agurk i veksthus

Norske agurker var sesongvare i 2000. Jone kunne levera agurker til sal frå slutten av februar til i slutten av oktober. Agurkene veks fort. Dei første agurkplantene sådde han i romjula. Midt i april vil dei vera klare til å rivast ut. Difor skal han så nye planter i dag, 30. mars. Med seg i veksthuset har han tre av jordbruksstudentane.

6. mars 2000 Har kinakålen begynt å spira....

29. mars 2000 Nå skal kålrotspirene i jorda

For første gong møter vi ein gjeng av sesongarbeidarane som er heilt naudsynte for matproduksjonen. Eg møtte omlag 20 ulike ungdommar som var her 3 månader om gongen og som budde på hyblar på garden. Dei kom frå Latvia, Bulgaria og Kviterussland. Dagens kapitell i historia om matproduksjon på Jæren handlar om kålrot, kålrabi. Det er fleire veker sidan frø blei sådd på pluggbrett. Nå har dei spirt inne i drivhuset. I dag skal dei ned i jorda i "Sauahagen" på Vik. Eg var ikkje med då åkeren blei pløydd denne dagen. Bror til Jone gjorde det før han gjekk på arbeidd klokka 7:00. Her er alle ivrige etter å få fart på våronna.

24. mars 2000 Her skal me så gulrot i dag.

1. mars 2000 I dag sår dei frø til kinakål som pluggplanter

Vil du lesa meir om året på Jæren?

Du finn ein artikkel frå årboka Sjå Jæren i 2001 her:

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to