main article image

Husmannsstova frå Rolland

Husmenn

Etter kvart som folketalet på Osterøy auka utover 1800-talet vart det rydda husmannsplass på mange gardar. Plassa låg vanlegvis utanfor bøen, i felles utmark, og brukarane måtte vera einige om dette. Folketeljingar syner at det var tett oppunder 140 av dei i 1860-/1870-åra. Framover mot 1900-talet minka talet på husmenn, og i 1900 var det berre att 60 husmenn med jord. På landsbasis reknar ein at talet på husmenn var på sitt høgste i 1855. Ein reknar med at dei utgjorde ca. 116 000, medan dei jordeigande gardbrukarane utgjorde ca. 113 000. Ein snakkar gjerne om eit husmannsvesen, sjølv om det ikkje var ein organisert samfunnsorganisasjon. Tvert imot var husmennene ein svært variert gruppe. Grovt kan ein skilje mellom husmenn med og utan jord, og daglønarar. Dei hadde ikkje politiske rettar til liks med gardbrukarane i 1814. Det vil altså seie at over halvparten av norske menn ikkje hadde stemmerett. Det fekk dei ikkje før i 1898.

Kyrkjetræet

Kyrkjetræet var eit plass under garden Rolland. Vi finn ein tinglyst kontrakt frå 1836 som seier noko om tilhøvet ved plasset, både når det gjeld pliktar og rettar. Kontrakten fortel sjølvsagt ikkje alt om tilhøvet mellom bonde og husmann. Mykje kan ha blitt ordna ved hjelp av munnlege avtalar. I kontrakten kjem det mellom anna fram at husmannen Knud Olsen Blomdahl

”skal have Havnegang for 20 Kreature som han kan føde på Pladset, samt Ret til at tage det fornødne til Brænde i 2 Teige beliggende ved Mæradiget og Lokveliene. De Huse som staae paa Pladset tilhøre han selv. Han skal præstere et svar aarlig 2/:to:/ Dage Høeslaatte Arbeide i Hoeslaatten men ingen Pengeafgift”.

Utdrag frå Knud Olsen Blomdahls husmannskontrakt frå 1836

Knud Olsen Blomdahl gifta seg med Marta Andersdotter i 1834. Dei fekk borna Olav (1835), Anders (1838), Anna (1841), Barbro (1843), Mons (1847), Marta (1852) og Brita (1854).I folketeljinga 1865 får vi opplyst at dei hadde 1 ku, 6 får og eit svin. Utkoma av garden gav ofte ikkje nok til det ein husmannsfamilie trong til mat, klede og andre naudsynte ting. Resten av utkoma måtte dei skaffe seg ved eiga arbeidsinntekt. Løysinga vart gjerne å spesialisere seg innanfor ulike handverk. Knud Olsen på Kyrkjetræet var steinarbeidar i 1865. Same år ser vi at dottera Barbro arbeidde som bomullsvevar i Arna fabrikker.

Knud Olsen Blomdahl og Marta (Andersdotter) Blomdahl.

Tronge kår

Den årlege betalinga i arbeid eller pengar til bonden på garden var oftast lita, men festeavgifta var høg. Når gardbrukaren lèt ein mann få eit plass, ville han berre avsjå eit lite stykke urydda jord. Likevel kravde han 70-80 spesidalar i festeavgift. Det gjorde han endå husmannsfamilien knapt nokon gong ville vere i stand til å avle meir enn 3-4 tønner korn og fø ei ku og to-tre smalar. Ved Kyrkjetræet var utsæden (det han sådde ut om våren) i 1865 ½ tønne havre og 1 tønne potet. Reknar ein eit foll på 5 på havre og 4 på potet, blir det ei avling på 2 og ½ tønne havre (1 tønne = 139 l) og 4 tønner potet (utgjer ca. 400 kg.). Normalt forbruk per år per person, var på 2 tønner korn og 2,5 tønner potet.

Husmannsstova får nytt liv på Osterøy museum

Husmansstova på Kyrkjetræet var lafta. Laft er ein veggkonstruksjon av liggande tømmer. Stokkane vert lagt vekselvis med rot- og toppende til kvar si side. Dette vart den dominerande byggemåten i Noreg gjennom mellomalderen og fram til slutten av 1800-talet.

Stova hadde truleg flor under seg. Tufta syner eit større hus enn stova, så her kan det ha vore ei attåtbygd løe, eller kanskje ein flor i halve tufta. I eine enden var det truleg ei grue.

Vi veit ikkje sikkert når husmannsstova på Kyrkjetræet vart bygd. Det var vanleg å plukke ned lafta bygg og setje det opp att ein annan stad, årstallet 1710 er rissa inn på ein av laftestokkane. Kanskje det har vore ei tidlegare bu eller stove på Rolland? Det vi veit er at ho vart flytta til Mæle. Der vart ho nytta til hønsehus og utedo. Då bygget skulle rivast i 1990 melde Osterøy museum sin interesse, og flytta ho til Gjerstad. Tilstanden på materialen var sopass dårleg at det ikkje lot seg gjere å sette den opp som den var. Det vart derfor bestemt at det skulle byggast ein kopi, og delar av prosessen skulle gjennomførast som kurs som ledd i Osterøy museums formidling av tradisjonshandverk.

Byggeprosessen

Den originale stova vart satt saman inne i museets utstillingssal i 2014. Her skulle han inngå i ei utstilling om husmenn, men samstundes var det mogleg for oss å studere konstruksjonen, materiala og verktøyspor. Dette danna grunnlaget for val av teknikkar og materialar til rekonstruksjonsarbeidet. Husmannsstova skulle «kopierast» og det la også føringar for val av dimensjonar på materiala. For læring og formidling vart alle ledd i byggearbeidet utført med handverktøy, og etter dei metodar vi antar vart brukt i den opphavelege byggeprosessen, dette innebar at all lafteplank måtte klamphoggast og skantast før arbeidet med sjølve lafteknutane kunne ta til.

Den nye husmannsstova har pr. 2020 komme opp på ein tørrmura grunnmur, og fått tak og kledning. Noko arbeid med innreiing, golv og vindauge står att. Ved å følgje lenka kan du sjå ein lengre film om byggeprosessen: https://vimeo.com/403654072

Order this image

Share to