
Ta vare på kleda dine
Å stoppe, lappe, bøte og reparere klede er gamle kunstar som no får ein ny vår med dagens fokus på gjenbruk, reparasjon og redesign. Ved å kjøpe klede i god kvalitet og bruke dei lenger, kan vi redusere ressursbruken til tekstilindustrien. Her er nokre døme på reparasjon og stoppetilbehør frå samlinga til Tekstilindustrimuseet.
Eit favorittplagg – eller ein arbeidshest?
Islendarar var ofte arbeidsplagg som måtte tole hard medfart, og som nok måtte lappast no og då. Denne Krone-islendaren frå Salhus Tricotagefabrik er godt brukt, og er stoppa på begge albogane og under armane med ein lys farge. Akkurat dette mønsteret var i produksjon frå 1977–85.
Frå fillehaugen
Dette ullundertøyet vart eigentleg levert inn til Innvik Ullvarefabrikk på 1950-60-talet, for å brukast på nytt som sjoddi. Då blei ullplagga rivne opp att og spunne til nytt garn, eller det blei brukt som fyllmateriale. Vi har tatt vare på nokre plagg frå denne fillesekken, som har blitt grundig stoppa før eigaren til slutt gav dei opp.
Hol på hælen?
Sokkar og strømper er andre strikka plagg som blir utsette for hard bruk, og det er fort gjort å få hol under både hæl og tå. Då treng du stoppegarn, nål, og noko å ha inni sokken for å ta hand om problemet. Det treng ikkje vere ein stoppesopp – alt frå ei tresleiv, undersida av ei lita skål, eller ei potet kan fungere. Bruk fantasien! Til ullsokkar er det fint å bruke sokkegarn (ullgarn med syntetiske fiber i), så det blir ekstra slitesterkt.
Eit forretningstips
Alle strømper burde ha vedlagt stoppegarn, slik som denne barnestrømpa frå Janusfabrikken på Espeland utanfor Bergen. Her er vinselen til stoppegarnet gjort til ein del av papiretiketten. Reklame og nytteverdi i eitt – så lurt!