Hans Gjesme, Portrett (naboungane Karen Voll, Maria Sanden og Anders Voll), ca. 1925
Hans Gjesme, Portrett (naboungane Karen Voll, Maria Sanden og Anders Voll), ca. 1925

Portrett hjå Hans Gjesme

I Gjesmesamlinga er det mange teikna og måla portrett. I tillegg er skissebøkene fulle av raske og flotte teikningar av folk. Det finst og ein del portrett i privat eige. Nokre av verka er daterte, i andre kan vi resonnere oss fram til ei tidfesting. Det kan sjå ut til at dei fleste portretta er utførde mellom 1920 og midten av 1940-åra. Kva Gjesme sjølv såg på som ferdige kunstverk, og kva han aldri ville ha stilt ut, veit vi ikkje. Her vel vi å trekkje fram både ferdige signerte portrett, og verk som antakeleg berre var meint som skisser, men som syner kor observant og var Gjesme var i skildringa av sine medmenneske. Er det nokre fellesnemnarar i Gjesme sine portrett og kva ulike portrett laga han?

I biletkunsten er eit portrett ei todimensjonal skildring av eit menneske. Det viser meir eller mindre heile personen frå ein spesiell vinkel. Personskildringane er oftast i høgdeformat, i motsetnad til landskapsskildringar som gjerne har breiddeformatet som sitt særmerke. Portrettet skildrar enkeltmennesket og gir det merksemd og verdi. Skildringa er såpass detaljert at vi kan kjenne att personen. I eit godt portrett prøver kunstnaren med ulike verkemiddel å få fram personen sin karakter og indre sjelsliv. Skildringa kan då gjere portrettet interessant også for dei som ikkje har møtt personen. Gjesme portretterte seg sjølv, familiemedlemmar, vener, kjente og modellar. Einskilde kunstnarar har ei særleg interesse for å skildre seg sjølv, slik Gjesme gjer allereie som tenåring.

Mesteparten av Gjesme sine portrett er utan tittel eller kallast berre heilt enkelt «Portrett». Bileta er som regel måla i ein naturalistisk stil. Men det finst óg døme på impresjonistiske og ekspressive impulsar i nokre av dei. Då er penselstrøka kortare og meir synlege, fargane meir unaturlege, og personen ikkje så klårt og detaljert framstilt som elles. Bakgrunnen er ein viktig del av bileta. Denne målar Gjesme anten med store, lause penselstrøk i pastellfargar i klasar, eller med forskjellige tonar innanfor ein farge. Personane får såleis ein bakgrunn som framhevar dei. Uansett bakgrunn følgjer som oftast penselstrøka figuren dei sluttar om. Gjesme nyttar medvite fargane sin symbolverdi. Han brukar kalde fargar for å framheve ein kjøleg og distansert karakter, og varme fargar for å få fram liv, energi og frodigheit. Dei portretterte er pent kledde og poserer ofte i halv profil mot venstre. Andleta deira er alvorlege og kanskje prega av den uvande stunda. Dette uttrykkslause alvoret gjer det ikkje alltid så lett å sjå sjela i motivet, men ein kan likevel skimte både lynne og karakter i mange av dei. På spørsmål om han likte å måle folk, svarte Gjesme i 1992: «Ja, det gjorde eg». Dei sterke fargesamansetningane og nokre av komposisjonane synest å vere inspirert av Edvard Munch, men elles har Gjesme i høg grad makta å skape sitt eige kunstnarlege uttrykk.

Gjesme fekk alltid god omtale når han stilte ut portrett. Meldarane meinte at evnene hans her verkeleg kom til sin rett, og lurte på kvifor han ikkje satsa meir i dei baner. I 70-åra var det kanskje portretta og figurmåleriet journalistane likte best. Då ein av dei sa til Gjesme i eit intervju at han kanskje burde prøve seg meir på menneskekroppen, fekk han til svar: «Kan henda det, men i Lærdal er det ikkje lett å skaffa modellar.» Dette utsagnet kan være ei forklaring på kvifor han måla fleire landskap enn portrett. Han «brukte» raskt opp dei modellane som var i nærleiken, mens Lærdalslandskapet alltid var der og trong ikkje å samtykke for å bli måla. Ikkje trong det å konverserast med heller.

Forskjellige typar portrett

Hans Gjesme, Portrett (Börje Veslén), 1925

Gjesme laga flotte bilete av fleire sambygdingar. Av dei var Ola Johannesson Sanden som gutunge og Anders Voll som ung mann. Han portretterte også kjenningane Borghild Dahle Orheim ved Mundal hotell i Fjærland, hennar 6 månadar gamle son Olav, bror hennar ingeniør Sigurd Dahle og antakeleg fru Lindstrøm, mor til arkitekt Johan Lindstrøm. I Paris laga han ein nydeleg pastell av den svenske diktaren og biletkunstnaren Börje Veslén (1903-1973), som budde på same hotell. Eit heilfigurportrett i Gjesme-samlinga skildrar ein kamerat frå tida i Oslo, kunstnaren Klaus Gjøstein (1905-1981) frå Voss. I 1923 fikk han i oppdrag å måle eit portrett av presten i Aurland, Eilert Patric Juul. Biletet heng framleis i Vangen kyrkje i Aurland.

Sjølvportrett

Hans Gjesme, Sjølvportrett, 1927

Den personen Gjesme avbilda flest gonger var han sjølv. Dei mange sjølvportretta kan tyde på at han var interessert i eigen utsjånad og identitet, eller at han var sin eigen mest tilgjengelege modell. Allereie i ei skissebok frå ungdomsåra kan vi sjå at han har teikna sitt eige andlet og i samlinga ser vi at han held fram med å skildre seg sjølv i ulike fasar av livet.

Det største portrettet han laga av seg sjølv er måla same år som han hadde si første separatutstilling i Bergens Kunstforening, eitt år etter debuten hans som utstillar. Det er måla i eit stort høgdeformat og han har valt å lage eit knestykke, det vil sei eit utsnitt frå hovudet til og med knea. For å kunne skildre seg sjølv måtte Gjesme sjå i ein spegel. Dette gjer at han ser keivhendt ut, med penselen i venstre hand. Han har skildra seg sjølv mot ein mørk, gråbrun, nøytral bakgrunn, berre broten opp av det som antakeleg er eit bord med ein blomstrete duk bak han til høgre i biletet. Biletet er dominert av mørke fargar som er lagde i faste penselstrøk innanfor avteikna område. Slik står kvar enkelt ting klart fram i biletet. Gjesme poserer i halvprofil, og blikket hans er vendt mot spegelen/ tilskodaren. Slik oppnår han direkte kontakt med oss og skaper eit intenst nærvær. Han ser stirande ut der han står og observerer seg sjølv i spegelen. Gjesme er fint kledd i grå dress og lys, grøn skjorte som er open i halsen. I brystlomma har han eit kvitt lommetørkle. At han er kledd slik, gjev oss inntrykk av at vi har å gjere med ein beleven herremann som veit å kle seg. Høgrearmen er løfta og delvis utanfor biletet, mens venstrearmen held ein palett og eit knippe penslar. Fargane på paletten tilfører det elles gråbrune biletet nokre friske klattar, blant anna i gult, oransje, raudt og lilla. Han er i full gang med å måle. Gjesme framstiller seg sjølv med målaren sitt kjenneteikn – penselen. Vi ser ein ung og ambisiøs målar som har heile karrieren sin framfor seg.

Faren Knut Gjesme

Hans Gjesme, Portrett (Knut Gjesme), 1940-talet

Dei tre måla portretta av faren, Knut Gjesme (1861–1949), er i eit kvadratisk format. Det gjer desse bileta meir intime og mindre monumentale. Her går Gjesme tettare innpå motivet. I samlinga er faren skildra i fire teikningar og to tresnitt. I eit interiørbilete frå heimen på Voll sit han i stova med ryggen til. To av teikningane ser ut til å ha fungert som skisser til dei to minste måla portretta. I oljemåleriet Portrett har Hans Gjesme skildra far sin på hans gamle dagar. Biletet er derfor truleg måla ein gong i 1940-åra. Han sit på ein brunraud pinnestol. Nedst ser vi eit grønbrunt golv. Utsnittet går til under knea, der faren sine store nevar kviler. Han er kledd i mørk, brun jakke og bukse. Innanfor har han ein lys gensar med låg hals måla i same fargane som veggen bak. Posituren er nesten frontal. Han er rak i ryggen, og har ei open kroppshaldning med avslappa hender og fråskilde bein som kviler på golvet. Det kan sjå ut som han sit i sine eigne tankar, men det fjerne blikket og den lukka, alvorlege munnen gjev andletet eit desillusjonert uttrykk. Penselstrøka er tydelege og relativt store, men fargane er avgrensa innanfor kvar gjenstand utan å gli over i kvarandre. Dei duse fargane og det jamne lyset gjev faren og biletet generelt eit mjukt preg. Vi kan få inntrykk av at Knut Gjesme er ein open og mild gammal mann, som har forsona seg med at eit langt arbeidsliv snart er over.

Moster Brita Voll

Hans Gjesme, Moster, ukjend år

Gjesme si moster, Brita Voll (1864–1945), skildra han fleire gonger i og ved huset på Tønjum, i hennar daglege sysler. I eit stort oljemåleri i høgdeformat kalla Moster, presenterer han ho frontalt i heilfigur. Ho står støtt på begge føtene og held armane over livet. Dei lyse hendene og andletet står i sterk kontrast til den lange, svarte kjolen og dei svarte skoa. Gjesme har skildra ho som gamal. Det grå håret er stramt tatt vekk frå andletet med midtskilje og samla i nakken. Blikket er vendt rett mot sjåaren, og munnen er lukka og alvorleg. Ho har mørke ringar under augo. Kroppshaldninga osar av autoritet og innestengsle. Ho er skildra mot ein nøytral, gråblå vegg måla med vertikale strøk, og eit grått golv. Penselstrøka i bakgrunnen følgjer figuren. Den rake og mørke skikkelsen gjev eit monumentalt inntrykk. Dei svarte kleda kan gje assosiasjonar til sorg. Dei kalde fargane, den strikse kroppshaldninga og klesdrakta gjer skildringa kjølig. Biletet minner om Edvard Munch sitt portrett av si 24 år gamle søster, Inger Munch, frå 1892. Begge bileta er laga i eit stort høgdeformat, og personen er skildra i heilfigur mot ein gråblå vegg. Klesdrakta er mørk, håret delt i eit stramt midtskilje, munnen lukka og blikket vendt mot sjåaren. Gjesme kan ha vore inspirert av dette biletet då han måla si moster, sjølv om Munch sitt bilete er varmare grunna blomane på Inger sin kjole og den meir opne kroppshaldninga.

Edvard Munch, Inger i svart og fiolett, 1892, Nasjonalmuseet

Fleire Gjesme portrett

Share to