I kampen om Nortraship var sjømannsorganisasjonane sentrale. SSH blei skyttarane på handelsskipa sin interesseorganisasjonar etter krigen. Fana har tilhøyrt SSH i Bergen.
I kampen om Nortraship var sjømannsorganisasjonane sentrale. SSH blei skyttarane på handelsskipa sin interesseorganisasjonar etter krigen. Fana har tilhøyrt SSH i Bergen. Foto: Nordsjøfartmuseet

Frigjeringsdagen 8. mai

Den 8. mai 2020 var det 75 år sidan andre verdskrigen tok slutt. Det var om lag 140 kvinner og menn frå Sund, som gjorde ein krigsinnsats utanfor Norge sine grenser under okkupasjonen. I dag er det 75 år sidan dei fleste av dei fekk beskjed om at krigen var over, og dei kunne starte på den lange vegen heim. For nokre var det allereie for seint, medan andre måtte føre ein lang kamp for oppreisning også etter at dei kom heim.

Arbeidet på dei norske handelsskipa under ander verdskrigen var farefullt. Torpedoar frå tyske ubåtar truga skipa under vatnet, og tyske fly gjorde luftrommet usikkert. Etter kvart fekk ein våpen til å forsvare seg med om bord i skipa, og matrosar fekk ofte ansvaret med å betjene dei. Den norske marine oppretta skyttarskule i Skottland og i Canada for å gje opplæring i å bruka kanonane som handelsskipa etter kvart vart utstyrte med. Mikal Selstø, Arne Melkevik, Jens Nipen, Norman Hummelsund og Håkon Olai Hammersland frå Sund fekk skyttaropplæring i Skottland, medan John Hausberg, Harald Kleppe og Karl Birger Karlsen deltok i Canada.

Selstø, Melkevik, Nipen, Hummelsund og Hausberg hadde alle det til felles at dei rømde frå det okkuperte Norge til Storbritannia for å gjera ein innsats mot nazismen. Mikal Selstø, Arne Melkevik og Jens Nipen frå Bjelkarøy gjorde alle teneste på båtar som tok seg over til Norge. Arne med Shetland som base, og Mikal og Jens på base i Skottland. Arne gjorde heile 58 turar over Nordsjøen innan krigen vart slutt. Det er heilt eineståande i denne samanhengen. Jens Nipen deltok på sju hemmelege turar frå Peterhead i Skottland til Norge før han seinare gjorde teneste resten av krigen frå Shetland. Eit motorstopp etter eit hemmeleg oppdrag frå Peterhead til Norge førte til arrestasjon og fangeleiropphald i leiren Marlag und Milag Nord i Tyskland til krigen slutta for Mikal.

Etter skyttaropplæringa i Storbritannia mønstra Norman Hummelsund frå Klokkarvik på eit handelsskip som skulle over Atlanteren i konvoi 28. januar 1942. Neste tur frå USA gjekk via Brasil og vidare over Atlanteren med Cape Town som mål. Før dei nådde målet vart skipet angripe. Trass i motstand, måtte mannskapen gå i livbåtane. Norman og mannskapen hans vart tekne til fange om bord i det tyske skipet som sette kursen mot aust. Det vart forflytningar av fangane til større fangeskip. Heilt til Japan bar det, berre for å få konstatert at fangane skulle fraktast attende til Europa. I november 1942 kom Norman i fangetransport til Bordaux. Ferda gjekk mot Tyskland innom fangeleiren Marlag og Milag Nord og vidare til Norge. Tyskarane fann ut om flukta til Norman over Nordsjøen i 1941. Han vart fengsla i Bergen kretsfengsel, og som straff blei han tvangsmønstra på den farlege rutefarten mellom Bergen og Hamburg. Med god hjelp av familien, kom han seg vekk frå denne farten til heimlege farvatn i god behald, innan krigen slutta.

Norman Hummelsund, 1920-1993. Foto: Nordsjøfartmuseet
«Viva» av Arendal vart senka av ein tysk ubåt utanfor Afrikas horn i februar 1944. Harald Kleppe var ombord og berga livet.

John Hausberg opplevde ei torpedering før han tok skytterutdanninga si. Han gjorde teneste for Den norske marinen som skytter på handelsskip gjennom heile krigen. Som så mange andre sjøfolk var det ikkje før ut på året i 1946, at han kom heim til Norge. Matros og skytter Håkon Olai Hammersland var ombord i eit handelsskip i konvoi frå Glasgow mot New York i desember 1942. Skipet hans vart senka og Håkon omkom. Skyttar Karl Birger Karlsen mista også livet då tankskipet han var på, vart torpedert i Atlanteren i 1943. Etter tre døgn i livbåt vart skyttar Harald Kleppe berga av eit britisk skip, då Viva av Arendal vart senka av ein tysk ubåt utanfor Afrikas horn, i februar 1944. I mars 1944, mønstra Harald på sitt neste skip i Port Said, og forsette sin innsats krigen ut.

I kampen om Nortraship var sjømannsorganisasjonane sentrale. SSH blei skyttarane på handelsskipa sin interesseorganisasjonar etter krigen. Fana har tilhøyrt SSH i Bergen. Foto: Nordsjøfartmuseet
Uniformen til skyttarar på handelskip. Foto: Nordsjøfartmuseet

På Nordsjøfartmuseet arbeidar ein no med ei ny utstilling om Krigsinnsatsen til Sundsokningane.

Artikkelen er skriven av Margrethe Kallestad, samlingsansvarleg på Nordsjøfartmuseet i Telavåg, Museum Vest.

Kjelder: Sund på søre Sotra, Kultursoga, det sjette bandet i Bygdebokverket som vart fullført i desember 2019.

Order this image

Share to