Brudekrona frå Land

Tradisjonen med bruk av brudekrone byrja som ein katolsk skikk i Noreg og var eit symbol på Jomfru Maria. Etter reformasjonen i 1537 skifta skikken karakter frå å vere eit katolsk helgensymbol til å vere ein rein bryllaupskikk. Krona skulle berast på utslått hår, og dette var eit teikn på at bruda var jomfru. Her i landet tok bønder og vanleg folk krona i bruk som ein direkte påverknad frå adelen. Kronene vart eit investeringsobjekt for bøndene som viste at dei hadde sjølvstende, rikdom og makt. Det kunne vere ei eller fleire kroner i kvar bygd, men det var sjeldan mange. Kronene eides av kyrkja eller ein storgardfamilie, som leigde den ut til andre i bygda. Bruk av brudekrone er ein tradisjon som har vore spreidd utover store delar av landet. Tradisjonen gjekk tidleg ut av bruk nokre plassar og heldt seg lenge andre stader, som til dømes i nokre bygder på Vestlandet, kor tradisjonen framleis er levande.

Bruk av brudekrone i Land

Land er eit distrikt som raskt tok til seg impulsar som kom utanbygds frå, derfor kunne nokre tradisjonar gå raskare ut av bruk enn andre. Bruk av brudekrone er sannsynligvis ein av dei. I Boka om Land; Bind II, som omfattar ein stor folkeminneinnsamling gjort tidleg på 1900, forteljast det:

”Riktig gamle folk kunde minnes at der blev brukt brurkrone i Land i gamle dager. Men ikke alle fikk ha den, det blev holdt nøie regnskap med dem som var ”kronebrur”, og ingen som hadde gitt sig ut paa noget slags galskap med andre, fikk bære den.”

Brudekrone finnes også nemnd i eit segn frå Hognesæteren i Torpa, kor ei gardsjente nesten vert gifta bort til ein huldregubbe før kjærasten greier å redde ho frå ulykka. Då har ho allereie fått krone på hovudet. Segna vart nedteikna og utgjeve av folkeminnesamlaren Andreas Faye. Ole Smed Arnesen, som samla inn historier lokalt her i Land har også ein variant av denne segna, den hadde han fått fortalt av Agnete Stomlien. Det fins fleire slike liknande segn, frå ulike bygder i Noreg, der ei ung pike vert røva av tusser, men vert redda i siste liten av kjærast sin. I alle desse segnene kjem jenta attende med ei krone på hovudet. Segnene kan ofte knytast til ein gard der krona har gått i arv i fleire generasjonar.

Teikning av Per Einbu, Lands Museums arkiv

Historia om vår krone

Korleis er historia til vår krone, og kor kjem den i frå? Krona frå Hognesæteren er det ikkje, sidan den i følgje historia til Agnete Stomlien vart smelta om til sylvskjear av ein omreisande sylvsmed. Gjerne skulle vi hatt ei historie som fortalte oss bakgrunnen til vår krone. Det har vi dessverre ikkje, men vi kan fortsette å leite etter spor. Gamle skifter kan kanskje fortelje og gje oss eit svar på kor den har vore før den kom til museet.

Det seiast at denne krona skal vere ein del av Andreas Røste si samling; samlinga som Lands Museum bygger på. Vi har ikkje noko konkret dokumentasjon på dette, men brudekrona har vore på museet lenge. I 1941 vart det gjort ein liste over alle gjenstandane på museet og sett verdi på dei. Brurekrona vart då satt til 300 kr, og den var oppbevart i Smestova sidan museet ikkje hadde verken magasiner eller administrasjonsbygg på den tida. I 1957 vart den 87-årige vaktmeisteren, Arne Svendsen Sjåheim, på Lands Museum intervjua av avisa Samhold. Dei vart tatt med på ein rundtur i hus og bygningar. Sjåheim hadde vore på museet i 30 år då, det vil sei heilt i frå museet byrjing. Han fortel i intervjuet om den dyrebare brudekrona som står i ein glasmonter i huset Halbyhaugen saman med fleire verdifulle sylvgjenstandar som kom til museet i ei jernkasse ei natt i april 1940. Dersom vi er heldige finn vi dokumentasjon som kan fortelje om meir om krona vår si historie og korleis den kom hit til museet.

Krona frå Land

Historia er ukjend, men krona er handfast. Den er ei heilrend krone, det vil seie at den er klipt/sagd ut av ei metallplate og lodda saman. Den har seks taggar og er ei open krone. Kvar tagg er dekorerte med blomemønster og i toppen er det eit ansikt, som kan tolkast som annankvar mann og kvinne. I kvar tagg er det eit heng med eit kors i messing, det er også to blad i messing halvvegs opp på kvar tagg og 12 messingblad langs med ein bøljekant nede. Under blada er det ein glatt kant utan dekor, den glatte kanten avsluttast i to bølgjer. Denne glatte kanten er vanleg på kroner og her skal det vere eit band eller eit tøystykke. I artikkelen i Samhold frå 1954 er krona vår avbilda med eit tøystykke rundt, og i tilvekstprotokollen er det ført inn at krona har eit raudt fløyelsband. Dette er seinare strøket over og tøystykket er dessverre borte.

Detaljer på krona. Ansikt på taggane.
Foto: Natasha Bjørnset Reksten

Krona har ikkje noko stempel, det tyder då på at ho er laga av ein sylvsmed utan godkjenning. Det var strenge regler innom gull- og sylvsmedfaga frå midten av 1500-talet. Laugsordninga passa at berre dei som hadde gått igjennom heile meisterutdanninga fekk utøve sitt virke lovleg. Andre vart sett på som fuskarar. Gull- og sylvsmedane måtte av norsk lov frå 1608 bu i byen. Dette var for at myndighetene kunne kontrollere omsetninga av edelt metall. Likevel var det nokre som dreiv sitt virke ute på bygdene, då med ein viss risiko for å få store bøter dersom dei vart knepet i å produsere gull- og sylvgjenstandar. Kanskje er det ein bygdesylvsmed som har laga vår krone?

Finansiering av ny krone

Det hadde ein stund vore snakk om å få laget ein kopi av krona på museet, med det formål at krona skulle kunne leigast ut til bruder i distriktet, men ein hadde ikkje ein plan for finansieringa av dette prosjektet. Då Lands Museum ved Alastair Brown i 2004 fekk spørsmål frå Landingslaget i Amerika om eit prosjekt dei kunne støtte, vart forslaget om kopiering av krona lagt fram. Dette var noko som Landingslaget gjerne ville vere med på og det vart etter kvart som ei gåve til museet i høve Landingslaget sitt 100-års jubileumsbesøk i 2010. Lands Museumslag tok ansvar for den lokale innsamlinga, og vart den største bidragsgjevaren ved sidan av Landingslaget i Amerika. I tillegg har det vore innsamling på museumsdagar. I 2008 malte Mona Hauga eit bilete av krona som museet fekk lov til å selje repro av som inntekt for krona. Mange har kome med bidrag slik at kopiering av krona kunne verte ein realitet i 2010.

Kopiering av krona

Då finansieringa var klar fekk Inger Norunn Solhaug ved Høvda Sylv og Tre oppdraget med å kopiere brudekrona. Arbeidet tok fleire månader, og ho kan fortelje at ho har hatt mange vakenetter i løpet av denne tida. Det har vore mykje prøving og feiling av teknikkar og løysingar, for sylvkroner er ikkje noko ho driv med dagleg. Ho fortel at det har vore ei utfordring, frå første til siste puss, men ein spennande og interessant prosess og. Ho hadde ein tanke på korleis ei utfordring skulle løysast, så fungerte det ikkje og så måtte ho prøve noko nytt, og så var det å sette i gang på neste oppgåve. Bølgjekanten var den største utfordringa, her måtte ho ha assistanse frå ein blekkslager som hadde maskiner og utstyr til å valse inn ein brett i sylvplata, og for å få til bølgjene etterpå gjekk det med fire tenger. Den nye krona er utført i Sylv 925 og henga i messing. Messinghenga er det medhjelper May Elin Rønningen som har stått for. Ein må innom mange teknikkar for å utføre ein slik krone; Saging, punsing, siselering, pussing og valsing er nokre av dei. Dette gjer til at Inger Norunn tenker at arbeidet som er utført på den gamle krona må ha vore utført av ein erfaren sylvsmed, som må ha hatt tilgang på ein god del utstyr.

Frå verkstaden under prosessen. Foto: Høvda sylv og tre

Innviing av den nye krona

For at den nye krona skulle kunne brukast vart det laga ein underbinding i lin og bomull. Denne underbindinga festast til håret med band og hårnåler. Krona settast så på denne underbindinga og festast under haka med silkeband som sitt fast i krona på kvar side. I tillegg er krona dekorert med silkeband og raudt klede. Dette er ei tilnærming av slik det kunne ha vore, kome fram til ved studering av andre kroner og underbindingar.

Den 20. juni 2010 var det duka for bryllaup på Lands Museum. Den nye krona skulle innviast og visast fram. Som brudepar stilte Marie Hazel Foss og Gregory Topperwine frå USA. Dei hadde gifta seg to veker før i Amerika og var villige til å gje løfter til kvarandre endå ein gong her på museet. Bryllaupet var ein del av programmet for Landingslaget i Amerika sitt besøk her i distriktet, og ein fin anledning å takke Landingslaget for bidraget dei hadde gjeve for at kopiering av krona kunne verte ein realitet.

Den gamle krona er no for skjør til å brukast. Den nye krona derimot, er klar for å skape si historie, og brukast av bruder som ynskjer å leie den. Det seiast å vere ei tøff utfordring for ei brud å bære ei slik krone ein heil dag. Den er tung, men den som greier det vil vise seg å vere sterk i nakken. Noko som sikkert er godt å ha som nygift!

Fra bryllupet på Lands Museum 20.juni 2010. Foto: Alastair Brown

Kjelder

  • Berge, Rikhard: Norsk Bondesylv, 1997
  • Faye, Andreas: Norske Folke-Sagn, 1833
  • Fossberg, Jorunn: Draktsølv, 1991
  • Hodne, Ørnulf: Kvinne og mann i norsk folkekultur, 2002
  • Kolsrud, Oluf og Reidar Th. Christiansen: Boka om Land, Bind II, 1952
  • Kompelien, Kåre: Boka om Land, Bind XIV, Sagn og huldrehistorier, 2006
  • Noss, Aagot: Lad og Krone, frå jente til brud, 1991
  • Samhold, Vandring gjennom gammeldågåverda på Lands Museum, fredag 21.juni 1957
  • Stewart, Linda: Bryllaup i Norge, 1996

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to