Gulrot på Vik år 2000

På Jæren har dei dyrka gulrot gjennom heile 1900-talet. Sandjorda langs kysten har alltid vore rekna som den beste jorda for denne produksjonen. Men jorda var næringsfattig og sandflukt var eit stort problem like fram til omlag 1960. Jærmuseet dokumenterte jordbruket på ein av desse sjøgardane i Klepp gjennom året 2000. I denne artikkelen presenterer me gulrotproduksjonen, med historia om gulerøtene på denne garden tilbake i tid.

På Opheim, Vik har dei dyrka gulrot i 80 år

Jonas J. Wiig saman med ein konegjeng frå Frøyland på 1960-talet. Desse røtene har stått i myr og er dei beste Jonas har hatt på 20 år, heiter det udaterte avisklyppet som biletet er henta frå. Foto: Ukjent

På Opheim begynte dei å dyrka gulrot på 2,5 til 5 dekar krigen 1940-1945. Etter den tid satsa dei meir på gulrot. Jarle var tidleg interessert i grønsakdyrking. Som 11 åring i 1966 gjorde han sine første forsøk med å så gulrot under plast. Faren hadde ikkje dyrka frilandsgrønsaker under plast, men Jarle såg det hos naboar og maste seg til å så to rader. Han hadde bøylar og to rullar a 100 m solfangarplast. Det blei starten på frilandsdyrking av fleire slag grønsaker under plast. På 1960-talet dyrka faren, Jonas J. Wiig 12-14 mål gulrot, fem mål tidleg og sju mål sein gulrot. Dei måtte så tidleg, mens jorda var fuktig. Frå 20. mars til midten av april var beste tida for tidleg-gulerøtene. Kom det storm og vind, så måtte dei så på nytt. Det hende bøndene måtte så tre gonger pga dette. Dengong som nå var det travelt når gulerøtene skulle haustast. Når det ikkje var nok av eiga arbeidskraft på garden, så leigde jærbøndene inn konegjengar til haustinga. På Opheim brukte dei to gjengar frå Undheim til opptak av gulrot og potet. Dei arbeidde 4-5 timar kvar dag, frå kl 10 til 14-15. Dei kom med buss om morgonen, når dei var ferdige med arbeidet heime. Jarle brukte konegjengar også etterat han overtok gardsdrifta i 1976. Men i 1978 kjøpte dei gulrotopptakar og då var det slutt med konegjengar.

Jone sår gulrotfrø 24. mars 2000. Foto: Målfrid Grimstvedt / Jærmuseet
Før gulrotåkeren blei dekka av plast, sprøyta Jarle plantevernmiddel over han. Foto: Målfrid Grimstvedt / Jærmuseet

I dei neste åra auka produksjonen av gulrot. I år 2000 var all gulrotproduksjon sådd direkte på friland og dekka med plast. Eg var med då dei sådde 24. mars. Jarle hadde tidleggulerøter klare til levering som buntar rundt 1. juli. Men han hadde ikkje avtale om levering før frå 1. august. Så gulrota fekk veksa seg større til butikkane var klare til å ta imot. August månad i 2000 var regntung. Ein gong midt i månaden ringte eg til Jarle. Då var dei igang med å bunta gulrot som skulle leverast denne dagen. Så eg dro til Vik med fotoapparat og videokamera sjølv om skodda låg tett og regnet silte.

August var blaut i 2000. Så her dreg dei opp gulrot til bunting for hand. Foto: Målfrid Grimstvedt / Jærmuseet

Regnet fortette å laga ugreie for gulrotproduksjonen dette året. Det var så blautt at lite kunne tas opp med maskin. Siste veka i oktober var eg igjen i ein vassblaut gulrotåker på Opheim i silande regn. To mann gjekk med greip og løsna røtene, fire mann gjekk bak og plukka i bøtter. «Dette er som i gamle dagar», var Jarle sin kommentar. Dagen før hadde dei henta opp 20 kassar med maskin. Han rekna med at dei kunne få opp ti kassar for hand i dag. Det monnar framfor å la dei råtna ned i åkeren, meinte Jarle.

Gulrotopptakaren som Jarle Wiig kjøpte i 1978 var fortsatt i bruk i 2002. Foto: Målfrid Grimstvedt / Jærmuseet

Eg fekk ikkje filma gulrotopptak med maskin i år 2000. Men 11. oktober 2002 var eg på plass då Jarle kjørte gulrotopptakaren frå 1978. Så var også den delen av gardsarbeidet festa til film og foto. I år 2020 er det fortsatt gulrotproduksjon på Opheim, Vik. Jone og Jarle har blitt landskjende for sine «Sjitne gulerøde». Dei gjekk til topps i kategorien årets Det grønne i «Det Norske Måltid» i 2015.

Kjelder:

Dette er ein av fleire artiklar frå Jærmuseet sitt samtidsprosjekt "Gulrot eller mjølk. Ein jærsk sjøgard ved tusenårskiftet" Les om prosjektet i årboka til Jærmuseet, Sjå Jæren 2001, forfatta av Målfrid Grimstvedt.

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to