main article image
Nikolai Rypdal Tallaksen

Fint sundagskledd i strikka trøye

Vakre mønsterstrikka trøyer har høyrt til tradisjonelle helgeklede for mennene mange stader på landsbygda. Dei fleste kjenner Fanatrøya og Setesdalskofta, som begge har utgangspunkt i slike trøyer.

Langs kysten i Hordaland finn vi fleire eldre typar av strikka trøyer med åttebladroser, striper og krossar. Mønsteret kan vera svært likt, men fargekombinasjonane er ulike, dei gir trøyene lokalt særpreg og knyter dei til ulike regionar. I samlingane på Osterøy museum har vi tre slike plagg i mørk blå botnfarge med blå roser, eller striper, og enkelte kvite innslag. Det er desse trøyene vi i dag kallar Ostratrøyer.

Det var skikk og bruk å kle seg fint til helga. Mennene brukte kvit skjorte med halsknapp og kanskje eit tørkle i halsen. Strikkatrøyene var vanlegvis putta nedi buksa og brukte med fine broderte bukseselar, eller kanskje vest, utanpå. Dette forklarer det store kvite, eller einsfarga, partiet nede på trøyene. Den delen av plagget var gøymt nedi buksa og trong ikkje ha mønster.

Biletet er av syskjena Kari og Mikjel Kleiveland, kring 1920. Mikjel har tradisjonell strikka trøye i stripemønster og kvit kant nede. På den tida var han truleg ein av dei siste som brukte slik trøye på Osterøy. Mikjel var ugift og kanskje var det systera Kari som hadde strikka trøya hans.

Vi kan tenkje oss at det vart lagt ekstra arbeid og omtanke i eit plagg som skulle brukast til fint. Sjølv om fargar og stil var fastlagt var her rom for at strikkaren kunne vise seg fram både med tekniske ferdigheiter og estetisk sans. Dei hadde ikkje mønster, men måtte kopiere eldre plagg og tilpasse etter beste evne. Armane er oftast strikka frå armholet og dei har tvebandstrikk framme ved armlinninga. Trøya skulle vera fast og tett.

Det er få slike trøyer bevart i dag. Det ser ut til at dei vart populære kring midten av 1800-talet og var i bruk litt inn på 1900-talet. Dei var helgeklede så lenge trøyene var nye, deretter vart dei arbeidsplagg så lenge dei kunne bøtast og «henge på kroppen». Til slutt vart kanskje restane karda saman med ny ull til nytt garn, eller dei enda som pusseklutar.

Share to