main article image

.....Spødakåner på Jæren og i Dalane.....

Skal det vera ein varm ullbol eller ei lang underbukse? Dette spørsmålet fekk folk på Torget i Stavanger på 1900-talet. Sør på Jæren var det kvinner som organiserte maskinstrikking av undertøy for salg i stor stil. Dei hadde faste dagar på torget både i Stavanger, Egersund og Sandnes. Men spørmålet var ikkje nytt i forrige århundre. Like frå rundt 1700 har kvinnene i denne delen av landet omsett saueull til strikka handelsvarer. Her skal me gje eit riss av historia knytta opp mot Jærmuseet sine samlingar og arbeidet som er gjort for å utforska arbeidet som ligg i maskinstrikking av ullbolar, undertrøyer og lange underbukser..

Maskinstrikka salgsvarer frå 1900-talet

Eit utval av dei mest typiske varene.

Strikkeplagg gjennom hundreåra

Strikka sokkar var handelsvare i Rogaland sist på 1600-talet. I 1745 skreiv amtmann de Fine at bøndene i Dalane fogderi arbeidde store mengder ullsokkar, fine og grove, og strikka natt-trøyer og vevde tepper. Om hausten blei dei selde til oppkjøpare på marknaden i Stavanger. Dei spann og strikka for hand av eiga ull rundt på gardane. Bjerkreim var den store strikkebygda. I 1842 skriv Jens Kraft i sitt økonomisk-statistiske verk at det var god avsetnad for strikkevarene i Flekkefjord under sildefiske. Mannfolka hadde med seg store mengder sokkar og natt-trøyer til marknaden i Stavanger. Dei selde også til oppkjøpare som tok dei med til kysten og austover.
Ole Kartevold frå Time skriv om strikkinga i 1860-åra: «Det er rent mærkeligt at se ind i Stuerne til Birkremsboerne om Vinterkveldene, thi Øiet træffer i hver en Krog og på hver en Bænk Kvinder og Mænd, der ere på det mest ivrige sysselsatte, nogle med Karding af Uld, andre med Spinning og atter andre med Strikning» Kartevold var også imponert av kor tidleg dei lærte arbeidet og kor raskt dei strikka. Ein liten gut eller jente på 7-8 år strikka eit par «Sælgehoser» på to vinterkveldar. Ein vaksen gut eller jente strikka ei natt-trøye, ein mønstra genser, på to-tre vinterdagar.

Mekaniseringa

Flatstrikkemaskinen som Karen Vold (1882-1917) fekk av mannen sin, Olaus Magnus Vold (1869-1943) då dei gifta seg i 1904. Det er ein Original Victoria, produsert av Dresdner Stitchmachinen-Fabrik Irmcher & Co. Jærmuseet JÆG2020.107.01

Dei arbeidde effektivt i Bjerkreim, men kunne ikkje konkurrera med farten til maskinane då dei kom i bruk. Det starta på den tid Kartevold skreiv si skildring. Den første heimestrikkemaskina blei vist fram på verdsutstillinga i Paris i 1867. Her i distriktet var det spinning av garn som først blei mekanisert. Ole Nielsen bygde ullspinneri på Ålgård i 1870. Det garnet kunne brukast til både strikking og veving. I Bjerkreim fortsette dei med handstrikking av natt-trøyer til i 1890-åra. Det var på same tid som lensmannen i Høiland (nå Sandnes) skreiv om maskinstrikking som heimehusflid. I 5 års beretningen frå 1891-1895 skriv han at det blei strikka på handstrikkemaskinar både i Sandnes og i bygdene. Fem år seinare skreiv han at det blei selt lite av handstrikka varer, men ikkje ubetydeleg av maskinstrikka varer. På den tid var det 600 strikkemaskinar i heile landet. Sandnes blei ikkje senter for denne verksemda. Det blei heller ikkje Bjerkreim. I staden vaks det fram ein omfattande produksjon som heimeindustri heilt sør på Jæren. Elen og mannen hennar, Johannes på Sandve i Ogna står oppført med strikkeforretning i folketellinga i 1910. Dei hadde i tillegg Berta Jacobsdatter i lære. Dette kan vera starten på den småindustrien som i dei neste åra vaks fram på Brusand, Ogna, Sirevåg og Vigrestad. Ingeborg Sæland fortalde at då ho som 11 åring kom med familien til Vigrestad i 1916, var det strikkemaskinar i mest annakvart hus. Det var først og fremst i Stavanger dei stod på torget, men og i Egersund og Sandnes. Sokkar, ullbolar, dvs. undertrøyer med kort, lang eller utan erme, lange mannfolkunderbukser og underkjolar var dei typiske handelsvarene.

Spøtakåne frå Vigrestad

Frå 1938 til 1980-åra var Ingeborg Sæland på torget i Stavanger faste dagar og selde strikkevarer frå Vigrestad. Dei første tiåra var dei mange som selde. Dei siste åra var det ho og Regine Voll dei to siste frå Vigrestad - senteret for maskinstrikking av undertøy som småindustri.
Ingeborg Sæland starta sitt arbeid som spødakåne med å sy saman strikkeplagg for kvinnene som dro på torgsalg. Ho gifta seg i 1926. Med småungar heime monterte ho trøyer for 25 øre stykke. Ho fekk 50 øre for eit sett, trøye og bukse. I 1934 kjøpte ho sin første maskin for 500-600 kroner. Når ho strikka sjølv og reiste til Stavanger med varene, fekk ho andre til å ta monteringsarbeidet. Å hekla kantar rundt plagga var ein del av monteringa. Svigerdottera Kjellaug Sæland lærte å strikka av Ingeborg og fortsatte med produksjon og sal nokre år. Ho fortalde at spøtakånene var nøye med å få godt garn. Ingeborg Sæland kjøpte kardegarn frå Svanedal Ullvarefabrikk. Garnet blei voksa for å gli lett i maskinen og ikkje ryka.

Regine Vold på Torget i Stavanger rundt 1970. Foto: Jacob Kvæstad /Byarkivet i Stavanger (utsnitt)

Rosa minikjole og fargerike ullbolar frå 1960- 80 talet

På 1960-talet minka det tradisjonelle salget av ullundertøy, men då kom ein ny mote. Nokre unge jenter kjøpte rosa underkjolar og brukte dei som kjolar. Andre ungjenter fekk spøtakånene til å strikka ullbolar i mange fargar. Det blei populære plagg.

Spøtakåner i andre bygder på Jæren

På torget var både byfolk og bygdefolk frå omlandet kundar. Men i mange bygder var dei sjølvforsynte med strikkevarer. Til museet fekk me ei samling spøtaplagg frå Borgny Nordstokke. Ho er fødd på Erga i Klepp i 1930. Ho fortalde frå sin oppvekst om Kirsten Rosland f. 1891 som hadde maskinstrikking som ekstranæring. Mannen hennar arbeidde på vegen. Før krigen budde dei i Orre sentrum, men pga. krigen måtte dei flytta til Horpestad. Folk kom med garn som Kirsten Rosland strikka av. Mor til Borgny monterte sjølv dei plagga Kirsten Rosland strikka. Borgny visste ikkje om det var vanleg praksis. Kirsten Rosland strikka ullbolar og underbukser til familien Erga. Ho strikka også ermar til vadmålsbolar, som faren brukte.
Litt lengre nord, i Sola, budde Anna Vold Hellestø (1916 – 2012). Ho vaks opp på Lilleland og kom til Hellestø som tenestejente 16 år gammal. Der blei ho gift med sonen på garden, Petter Vold. Frå 1934 til 1953 fekk dei sju barn. I desse åra brukte ho også strikkemaskinen flittig. Ho strikka undertøy og vottar, «fiskevetter og mulevetter» til fiskarane i bygda. Museet har fått både flatstrikkemaskinen med utstyr og notatboka der ho har oppskriftene på dei ulike plagga ho strikka på maskinen. Her er det oppskrifter til strømper, lodder, halvstrømper, golfjakke, fiskevetter, herreulltrøye, underbukser, underkjole og fleire slag barneplagg. Dei større plagga har oppskrifter i ulike storleikar. Sonen hennar, Reidar, hugsar mora strikka då han var liten, dvs. tidleg på 1950-talet. Seinare var ho flittig med broderi og anna handarbeid. Svært mykje blei laga til basarar til inntekt for Norsk selskab til skibbrudnes redning. Blant gevinstane var også dei maskinstrikka plagga. Det var populære gevinstar.
Koss kan det ha seg at nett Anna blei spødakåne? Svigerfar hennar, Olaus Magnus Vold (1869-1943) kjøpte strikkemaskinen til kona si, Karen Vold (1882-1917) då dei blei gifte i 1904. Han hadde vore fleire år i Amerika i ungdommen. Der arbeidde han som dykkar og var med på å bygga kaiar. Då fraus han mykje og ønska seg varme klede. Kona død alt i 1917. Svigerdottera arva strikkemaskinen då ho gifta seg. Olaus var med andre ord ein av dei som tidlegast kjøpte flatstrikkemaskin. Han kjøpte ein tysk maskin, Original Victoria, frå Irmscher & Co i Dresden.

Notatboka etter Anna Vold Hellestø (1916-2009)

Notat om "Fiskevette" i ulike storleikar
Notat om "Unnekjole" og "Livstykke"

Korleis er det å strikka på ein flatstrikkemaskin av gammal type?

Anne Cecilie Tjersland har festa ei list med lodd til arbeidet. Dette trekker arbeidet ned etterkvart som strikkinga pågår. Foto: Anne Cecilie Tjersland

Jærmuseet og bygdemusea har mange flatstrikkemaskinar som har vore i bruk ulike stader på Jæren. Men i dag er kunnskapen om å bruka desse stort sett gått tapt. I 2015 fekk Jærmuseet kontakt med Anne Cecilie Tjersland. Ho var student på Raulandsakademiet og strikka smykker på maskin. Til masteroppgåva fekk ho i oppgåve å skriva om lokal strikkehistorie. Ho greip fatt i historien om spøtakånene, noko museet hjalp henne med. Etterpå engasjerte me ho til å studera strikkemaskinane i samlinga vår. Kunne ho få til å strikka på desse? Ho starta med å velga ut fire maskinar, plukka dei frå kvarandre, gjorde dei reine. Så blei dei testa i strikking. Ho henta fram gamle strikkaplagg, analyserte desse og laga nye modellar. Då det var gjort, fekk me besøk av Kjellaug Sæland, svigerdotter til Ingeborg Sæland. Ho hadde lært å strikka av svigermora. Ho bekrefta det Anne Cecilie hadde laga av prøvar og modellplagg var slik dei arbeidde. I tillegg kunne ho gje svar på nokre av dei tekniske tinga Anne Cecilie ikkje hadde funne svar på. I årboka Sjå Jæren 2016 har Anne Cecilie Tjersland skrive utførleg om dette prosjektet. Ho konkluderer med djup respekt for kvinnene som tok del i denne verksemda. Det var mykje å læra for å få til gode strikkaplagg.

Kjellaug Sæland er konsentrert når Anne Cecilie Tjersland demonstrerer strikkinga på flatstrikkemaskinen. Foto: Målfrid Grimstvedt / Jærmuseet

Resultat frå strikkeprosjektet

I tillegg til Tjersland sin artikkel i årboka, så har museet strikkeprøver, modellplagg og utførleg logg over arbeidet som blei utført. Strikka på flatstrikkemaskin som prøve på underkjole av typen spødakånene frå Vigrestad, Jæren produserte i tida 1910-1980. Mønster og overgang til ribbestrikk. Strikkeprøve: JÆG2016.043.08 er strikka på maskin JÆG2006.06.165. Mønster er henta frå på kjole JÆG2009.58.01

Foto: Anne Cecilie Tjersland / Jærmuseet

Vidare lesing: Kartevold, Ole 1868: «Husfliden i min hjembygd», Sjå Jæren 1994. Grimstvedt, Målfrid «Magle Rasmusdatter nærer sig af at spide hosser...», Ætt og Heim 1982. Grimstvedt, Målfrid «Spøt til salgs: strikking som binæring i Rogaland før 1900», Årbok Stavanger museum 1983. Grimstvedt, Målfrid «Heimearbeid- handverk – industri» Då moten kom, Hå kommune 1998. Tjersland, Anne Cecilie «Spøtakoner og strikkemaskiner», Sjå Jæren 2016

Order this image

Share to