Salmodikona vart raskt tatt i bruk over heile landet og var eit viktig verktøy i skulane dei neste tiåra. Det vart òg masseprodusert og selt salmodikon etter Roverud sin modell frå musikkforretningar og bokhandlarar. Men mot slutten av 1800-talet fekk fleire og fleire kyrkjer orgel. I tillegg kom harmoniumet, òg kalla trøorgel, som etter kvart vart vanleg både i skulestover, bedehus og kyrkjer. Ein hadde slik fått kraftige instrument som gjorde at organisten kunne leia salmesongen. Salmodikonet vart då overflødig og forsvann etter kvart ut av offentleg bruk.
Instrumentet hadde likevel rokke å verta populært i private heimar, truleg av di instrumentet var lett å læra seg og var relativt lett tilgjengeleg. Det vart tidleg òg trykt melodihefte for tostemt og fleirstemt salmodikon. Eit døme er eit hefte med «Musiknummer» trykt i 1853 av M. A. Aarflot i Volda. Seinare vart det òg trykt hefte som «Melodier til Sange i Læsebok for Folkeskolen og Folkehjemmet, udsatte i Ziffre for Salmodikon av Ludv. M. Lindeman. Første Skoletrin» (1867). Populariteten til salmodikonet vart nok òg hjelpt fram av pietismen sitt strenge musikksyn, då salmodikonet verkar å ha vore eitt av svært få godkjende instrument i fleire av desse miljøa. Mange laga seg òg sine eigne salmodikon, nokre enkle i forma, men andre meir forseggjorte, til dømes med form og dekor inspirert av langeleikar og hardingfeler. Enkelte langeleikar vart òg ombygde til salmodikon. I nokre tilfelle vart det sett på ein eller fleire bordunstrenger på salmodikonet for slik å få fyldigare klang.