main article image
Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Fyrstedamer i bunad

Dei norske bunadene byggjer på gamle folkedrakter og er utvikla gjennom 150 år til dei plagga vi bruker i dag. Denne utstillinga syner fram ti kvinner som har arbeidd for å dokumentere gamle folkedraktskikkar og gjere draktene til bunader for folk flest.

I Noreg er det populært å bruke bunad, både blant vaksne og barn. Vi kan velje mellom over 400 forskjellige bunader, og dei har alle lokal tilknyting.
Bak nokre av desse bunadene står kvinner som har arbeidd med drakt- og tekstilforsking, og som har vore pionerar på sitt felt. Dei har reist på feltarbeid omkring i Noreg, frå Finnmark i nord til Agder i sør, lenge før bilen vart allemannseige. Derfor har vi mykje kunnskap om tilverking av tekstilar og klede i eldre tid.

Denne utstillinga lyftar fram ti utvalde kvinner som har gått framom og vist veg, på kvart sitt vis. Nokre av dei har vore viktige førebilete i ei brytningstid, medan andre har fremma bunaden som eit samlande symbol. Fleire har vore formidlarar og rådgjevarar, slik at kunnskapen vart formidla vidare til nye generasjonar av bunadbrukarar og -tilverkarar.

Utstillinga syner òg korleis Norsk institutt for bunad og folkedrakt har vakse fram, på bakgrunn av innsatsen desse kvinnene gjorde. I dag arbeider instituttet vidare med å dokumentere og forske på bunader og formidle kunnskapen vidare. Utstillinga byggjer i stor grad på instituttet sine samlingar og arkiv.

Artikkelen er ein del av utstillinga Fyrstedamer i bunad.

Today, the wearing of bunads is popular among both adults and children. With over four hundred different bunads to choose from, we have an abundance of bunads that have local ties.

Behind some of these bunads are women who have conducted research into textiles and folk dress – women who were pioneers in their field. Their fieldwork took them around Norway, from Finnmark in the north to Agder in the south, long before cars became commonplace. It is thanks to them that much of the knowledge about the production of textiles and clothing in older times has been preserved.

This exhibition highlights a selection of ten women who have stepped forward and blazed a trail, each in their own way. Some of them have been vital role models during uncertain times, while some have advocated for the bunad as a symbol of unity. Others have committed to teaching and communicating their knowledge to new generations of people who make and use bunads.

The exhibition demonstrates how the Norwegian Institute of Bunad and Folk Dress has sprung forth from these women’s efforts.

Today the institute continues its work to document, research, and transmit knowledge of the bunad. This exhibition is largely based on the institute’s collections and archives.

This article is a part of the exhibition Leading Ladies in Bunad

Kvinnebunad frå Oslo. Oslodrakt for kvinner vart lansert hos Steen & Strøm Varemagasin i samband med 150-årsjubileet deira i 1947. Ein ønskte å komponere ei ny drakt som ikkje bygde på gamle tradisjonar. Bunaden vart derfor laga ut ifrå ein idé om korleis ein norsk bunad burde sjå ut. Avdelingsleiar for broderiavdelinga på Steen & Strøm, Harriet Henriksen, utforma sjølve plagga, mens Ingeborg Solum teikna broderimønsteret. Broderiet viser «Oslomarkas høgsumarblomstrar», og broderiet på lomma viser vernehelgenen for Oslo by, Sankt Hallvard. Ved Oslodrakta sitt 60-årsjubileum i 2007 fekk drakta namnet Oslobunaden. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Hardangerbunad. Hardangerbunaden byggjer på folkedrakttradisjonen som i eldre tid var i bruk på bygdene rundt Hardangerfjorden. Han var blant dei fyrste folkedraktene som vart tekne i bruk som bunad, og framleis er han ein av dei mest populære bunadene i landet. Bunaden blir normalt sauma med raudt liv i valka ullstoff, men blir òg brukt i andre stoffkvalitetar og fargar. Ei enkel, svart trøye høyrer med som ytterplagg. Det plisserte skautet i bomull var eit teikn på at ein var gift. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Order this image

Share to