main article image
Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Folkedrakt

I delar av landet har Noreg hatt ein tradisjonsbunden draktskikk med lokale særdrag. Den levande folkedraktskikken var svært variert, innanfor normstyrte rammer.

Dei stadbundne folkedrakttradisjonane utvikla seg truleg i perioden 1600 til 1900. Folkedraktene var i bruk i det gamle bondesamfunnet og markerte ulike stadium og høgtider i livet.

Innanfor den tradisjonsbundne draktskikken var det skilnad på bruk ut ifrå tid og høve. Frå gammalt av skilde ein nøye mellom klede til kyrkjebruk og klede som ein brukte utanom kyrkja. Kyrkja og kyrkjebakken var den viktigaste møteplassen i bygda. I spennet frå kyrkjeklede til kvardagsklede fanst mange graderingar. Gjennom kleda viste ein seg fram for andre: kven ein var, og kva lag i samfunnet ein høyrde til.

Mens visse område har hatt ein lokalt særprega kledeskikk, har folk i bynære område kledd seg etter moten. Motedrakter er prega av raske endringar, men kan vere i bruk over store område. Folkedrakter endrar seg meir langsamt i tid, men varierer frå område til område.

Fleire forhold har verka inn på draktskikken i bygdene: nedarva tradisjonar, motepåverking, lokal utvikling og individuell smak. Økonomiske forhold, handel, samkvem og lokale tradisjonar har hatt like mykje å seie som avstanden til byane. Moteimpulsar fekk gjerne innpass når tidene var gode.

Den folkelege draktskikken heldt seg levande i visse område i Noreg langt inn på 1900-talet. I øvre Hallingdal og Setesdal kunne ein framleis sjå eldre kvinner i tradisjonelle klede på 1970-talet. Den tradisjonsbundne draktskikken forsvann elles omkring 1900 eller tidlegare i dei fleste delane av landet. Då dei siste folkedraktbrukarane gjekk bort, tok dei med seg mykje kunnskap om korleis kleda har vore brukte, og korleis ein tilverka dei.

Artikkelen er ein del av utstillinga Fyrstedamer i bunad.

The various dress customs as we know them today likely developed in the period 1600 to 1900. These folk dresses were an integral part of the old peasant society and marked life’s different stages and celebrations.

Within the traditional dress customs there was a difference in use depending on time and occasion. From times of old, a careful distinction was made between clothes for use inside the church and those that were used outside the church. For rural areas, the church and churchyard were the most important gathering places. There were many gradations spanning from church attire to everyday clothes. To other people, a person’s clothes revealed who they were and to which social class they belonged.

While certain regions have had locally distinctive dress customs, people in urban areas dressed according to fashion. Fashionable dress is characterized by rapid change, but might be in use over a broad area. Folk dress changes more slowly over time, but varies from region to region.

A number of factors have influenced dress customs in rural areas: inherited traditions, the influence of fashion, local development, and individual taste. Economic conditions, trade and whom one interacted with have all had as much influence as distance to the urban centers. Inspiration from fashion often gained a foothold when times were good.

In certain areas of Norway, folk dress customs survived well into the twentieth century. In the upper reaches of Hallingdal and Setesdal, older women in traditional dress could still be seen in the 1970s. Elsewhere, traditional dress customs disappeared around 1900 or earlier in most parts of the country. When the last people to wear folk dress passed away, much of the knowledge about how the clothes were made and used went with them.

This article is a part of the exhibition Leading Ladies in Bunad

Mannsdrakt frå nedre Numedal. Desse gråtrøyekleda er frå nedre Numedal, med trøye, vest og knebrok i vadmål. Gråtrøya er sydd av ufarga kvitt vadmål og har vore brukt med litt ulike trekk i mange område. Hovudplagget er ei kolleluve i grøn fløyel. Gråtrøyekleda gjekk ut av bruk på midten av 1800-talet, då mennene tok til å bruke einsfarga mørk trøye, vest og langbukse over heile landet. Kleda i utstillinga fekk ei siste levetid som julenisseklede på 1900-talet, men då med raud toppluve. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Kvinnedrakt frå Sigdal og Krødsherad. Denne folkedrakta er frå siste halvdel av 1800-talet, men det høge livet viser påverknad frå empiremoten i byrjinga av hundreåret. Kona er høgtidskledd med trøye utanpå livet og bringeduken. Trøya og livet har skjælingar, stiva kantingar som svingar ut i ryggen. Stakken, lua og trøyebandet er rosesauma. Importerte stoffkvalitetar og tilbehøyr vart òg nytta, som forkledet av blomstra ull-musselin, og silketørkle knytt omkring halsen og luva. Stakken, forkledet og bringeduken er kopiar av gamle plagg. Den originale stakken frå Krødsherad er på Norsk Folkemuseum. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Order this image

Share to