main article image
Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Klara Semb (1884-1970)

Klara Semb markerte seg som ein kritikar av broderte bunader og søkte i større grad tilbake til dei gamle folkedrakttradisjonane. På same tid hadde ho si eiga oppfatning av korleis ein bunad skulle sjå ut.

Foto: P.A. Røstad/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Klara Semb vart fødd i Kristiania, men hadde familiebakgrunn frå Hedmark og Østfold. Allereie som ung vart ho interessert i dans og vart med i leikarringen til Hulda Garborg, som ho lærte mykje av. Semb var ein av dei fremste dansepedagogane innanfor folkedans, og ho reiste landet rundt og underviste.

Semb vidareførte på mange måtar bunadarbeidet etter Hulda Garborg, men ho fekk tidleg ei anna oppfatning av korleis ein bunad skulle vere. Ho kritiserte dei «historielause, broderte bunadene» og ønskte eit større mangfald i fargar og mønster. Derfor oppmuntra ho folk til å ta opp att gamle drakttradisjonar heller enn å skape nye bunader, og ho var oppteken av at bunaden skulle sitje godt på kroppen, av historiske materiale og bruk av hovudplagg. Når ho var ute og reiste , dreiv ho med både folkedansundervisning og bunadrettleiing.

Semb utvikla etter kvart sterke meiningar om bunadarbeidet i landet, både når det galdt kvar enkelt bunad, og korleis arbeidet var organisert nasjonalt. Ho var ein uredd debattant i media, og dette gav henne mange meiningsmotstandarar.

Klara Semb sat i Landsnemnda for bunadspørsmål frå 1947 til 1965, og mange av bunadane som er i bruk i dag, er påverka av hennar ideal og arbeidet ho la ned.

Artikkelen er ein del av utstillinga Fyrstedamer i bunad.

Klara Semb was born in Kristiania (now Oslo), but her family background was from Hedmark and Østfold. She took an interest in dance at a young age and participated in Hulda Garborg’s folk dance groups, from whom she learned a great deal. Semb became one of the foremost dance teachers within folk dancing, and she travelled around the country holding classes.

In many ways, Semb continued Hulda Garborg’s work on bunads, but soon developed different notions of how a bunad should be. She criticized the “ahistorical embroidered bunads” and wanted a greater diversity of colors and patterns. She therefore encouraged people to rediscover old dress traditions rather than create new bunads, and she was ardent that a bunad ought to fit well on the body, be made of historical material, and that it include a headdress. On her travels she taught lessons in folk dance and gave guidance on bunads.

Gradually, Semb developed staunch opinions about work on bunads throughout the country, both when it came to the individual bunad and how the work was organized nationally. She was a fearless participant in media debates, a fact which made her many opponents.

Klara Semb sat on the National Council for Bunad Issues from 1947 to 1965, and many of the bunads in use today are influenced by her ideals and the work she invested in them.

This article is a part of the exhibition Leading Ladies in Bunad

Klara Semb i sin østerdalsbunad, samen med ukjend kvinne Foto: Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Klara Semb sin Østerdalsbunad. Østerdalsbunaden Klara Semb er fotografert i, er ein bunad som aldri har vore sett i produksjon. Han hentar opp att snittet i gamle drakter frå Østerdalen og er sydd i samtidige stoff som har nokre fellestrekk med gamle tekstilar frå dalen. På midten av 1900-talet var det nemleg vanskeleg å få tak i stoffkvalitetar tilsvarande dei ein fann i dei gamle plagga frå området. Stakken har moaréeffekt og er truleg av silke. Bunaden er ikkje ein rekonstruksjon av gamal draktskikk, men er eit eksempel på Sembs interesse for tradisjonelt snitt og gamle tekstilar, kombinert med eigen smak. Stakken, livet og lua har tilhøyrt Klara Semb, mens skjorta er ny. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Skjælingkleda frå øvre Numedal. På 1950-talet ønskte kvinner i øvre Numedal å ta opp att bruken av skjælingskleda, som var siste lekk i folkedraktutviklinga for kvinner i området. Det var allereie laga ein brodert bunad for området, utvikla av bondekvinnelaga i Nore og Uvdal og Den Norske Husflidsforening i 1938, i tråd med idealet Hulda Garborg lanserte. Klara Semb blei ein talsperson for å bruke skjælingskleda framfor den broderte bunaden, og engasjementet hennar er synleg i både personleg korrespondanse og offentleg ordskifte. Bunaden, slik han framstår i dag, vart utvikla i samarbeid med Landsnemnda for bunadspørsmål, og resultatet av arbeidet vart presentert i 1959. Denne bunaden er frå 1980-talet. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Order this image

Share to