main article image
Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Magny Karlberg (1942- )

Magny Karlberg sat som direktør for Bunad- og folkedraktrådet i 25 år og var den som etablerte og utvikla det som skulle bli Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Foto: Torgeir Bolstad

Karlberg vaks opp i Valdres og fann tidleg vegen til folkedansmiljøet. Her vaks også interessa for bunader fram. På 1960-talet tok Karlberg til å dokumentere den eldre draktskikken i Valdres. På 1970-talet utarbeidde ho bringedukbunaden frå øvre Valdres, på bakgrunn av kjeldene ho fann. Bunaden var blandt dei fyrste rekonstruerte bunadene som fullt og heilt byggjer på historiske kjelder.

I dette arbeidet fekk Karlberg god kjennskap til Landsnemnda for bunadspørsmål, og i 1980 tok ho over stillinga som fagkonsulent og dagleg leiar. I 1985 tok ho med seg stillinga frå Oslo til Valdres, der ho fekk kontorplass og rom for samlingar og arkiv ved Valdres Folkemuseum. Karlberg var ein iherdig pådrivar overfor myndigheitene for at sekretariatet skulle få auka driftsmidlar, og litt om litt fekk ho moglegheita til å tilsetje fleire medarbeidarar. I 1987 opna ho den fyrste bunadutstillinga til instituttet i desse lokala på Valdres Folkemuseum, og Landsnemnda skifta namn til Bunad- og folkedraktrådet.

Mens ho var direktør, var Karlberg oppteken av å fremme det historiske opphavet til bunadene, og det utløyste ei rekkje nye rekonstruerte bunader landet rundt. Vidare etablerte ho i stor grad dei rutinane for feltarbeid, rådgiving og formidling som dagens institutt arbeider etter. I hennar tid vaks dei mange arkiva ved instituttet fram, og dei utgjer framleis grunnlaget for mykje av arbeidet ved institusjonen.

I 2007 vart Karlberg tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for arbeidet sitt.

Artikkelen er ein del av utstillinga Fyrstedamer i bunad.

Karlberg grew up in Valdres and found her way into folk-dance circles at an early age. It was from here that her interest in the bunad also grew. In the 1960s, Karlberg began to document the older dress customs in Valdres. In the 1970s, she developed the bunad from upper Valdres on the basis of the sources she uncovered. This was the first reconstruction of a bunad based entirely on historical sources.

Through this work, Karlberg became well acquainted with the National Council for Bunad Issues, taking over the post of secretary in 1980. In 1985, she moved the position from Oslo to Valdres, where she was granted an office and room for collections and archives at Valdres Folk Museum. Karlberg was the tenacious driving force behind the state’s increase in operating funds for the secretariat, and little by little she was able to add members of staff. In 1987 she opened the institute’s first exhibition of bunads at Valdres Folk Museum, and the National Council for Bunad Issues changed its name to the National Council of Bunad and Folk Dress.

While she was director, Karlberg was passionate about promoting each bunad’s historical origins, and this led to the reconstruction of a number of bunads around the country. Furthermore, she is largely responsible for establishing the routines for fieldwork, advisory functions, and practical tutorials the institute follows today. Her time witnessed the growth of the institute’s many archives, which still form the basis for much of the institution’s work. In 2007, Karlberg was awarded the King’s Medal of Merit in gold for her work.

This article is a part of the exhibition Leading Ladies in Bunad

Kvinnebunad frå Nord-Trøndelag. Bunaden er rekonstruert av Berit Bjerkem og vart presentert i 1992. Han byggjer på plagg frå slutten av 1700-talet og byrjinga på 1800-talet, med klare trekk frå rokokkomoten. Fleire feltarbeid i Nord-Trøndelag viste eit stort mangfald av plagg, stoffkvalitetar og mønstring. Dette mangfaldet er spegla i bunaden i dag. Fleire bevarte draktakvarellar frå perioden fortel korleis ulike plagg var sette saman, og i kva høve dei vart brukte. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Mannsbunad frå Sunnfjord. Bunaden er utarbeidd av bunadnemnda i Sunnfjord Ungdomslag og har gjennomgått fleire endringar undervegs. Nemnda har utarbeidd fleire variantar av bunaden, som byggjer på ulike tidsperiodar. Denne bunaden har opphav i lokal draktskikk i Sunnfjord frå fyrste halvdel av 1800-talet, men har stiltrekk som går mykje lenger attende. Både trøye og vest, med det broderte beltet, har opphav i renessansemoten tidleg på 1600-talet. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Mannsbunad frå Tinn. Bunaden var ferdig rekonstruert i 1993, med klare førebilete i empiremoten tidleg på 1800-talet. Han er kjenneteikna av ein svært kort vest, med høg krage og slag. Det same har trøya, og begge er kanta med fløyel, slik moten var. Buksa har høgt liv og er sauma av semska elgskinn. Slike semska knebukser var høgste mote i Noreg under empiren og blir haldne oppe ved hjelp av bukseselar i lêr. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Bringeklutbunad frå Vest-Telemark. Bunaden er rekonstruert av bunadnemnda i Telemark Husflidslag, med utgangspunkt i draktskikken frå Vest-Telemark slik han var på midten av 1800-talet. Det høge livet, bandkantinga rundt livet, hovudplagget med valk og forkle av bomull vitnar om moteimpulsar frå mellom anna renessanse og empire. Bunaden er utarbeidd på grunnlag av bevarte plagg og bilde som viser korleis plagga var brukte. Det høge livet med bandkanting viser slektskap med eldre draktskikk både i Aust-Telemark og i Åmli i Aust-Agder. Namnet kjem av at bunaden blir boren med eit bretta silketørkle tvers over bringa. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Mannsbunad frå Voss. Bunaden er rekonstruert av Torgeir Lirhus og Kristbjørg Aldal våren 1999 og utover. Dei fann at bunaden frå tidleg 1900-tal ikkje var i samsvar med den eldre, lokale draktskikken på Voss. Dei rekonstruerte denne bunaden i staden, basert på bevarte plagg og biletlege kjelder frå området, i tida frå før 1850. Bunaden har ein sid vest med knepping og ein såkalla vamp over, utan lukking. Vampen er sydd i primærsnitt og er svært gamal som type, og det er sett inn høge kilar i kvar side, som gir ekstra vidde. Vest og vamp har vore brukte i ulike fargar og samansetjingar, som er tekne opp att i bunaden. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Bunaden var ein av dei fyrste bunadene som vart rekonstruerte på bakgrunn av bevarte plagg og historiske kjelder. Magny Karlberg starta prosessen med feltarbeid i Valdres på 1960-talet, og tidleg på 1970-talet var bunaden ferdig. Han viser draktskikken i øvre Valdres på midten av 1800-talet, med synlege impulsar frå både 1600-tals renessansemote og empiremote tidleg på 1800-talet. Både tekstilar og saum er nøyaktig kopierte frå gamle plagg. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Bunaden er rekonstruert av Odd Arnfinn Tømmerholen og bygger på draktskikken på Hedmarken i fyrste halvdel av 1800-talet. Både gamle plagg, bilde og skriftlege kjelder er nytta i arbeidet. Her fanst ikkje så mykje lokalt særpreg, derimot er kleda prega av ein folkeleg mote og mykje importerte tekstilar. Bunaden har ein såkalla kjol som trøye, og ein vest med empirepreg. Han vart presentert i 1986. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Rekonstruert kvinnebunad frå Ryfylke, Rogaland. Bunaden er rekonstruert av bunadnemnda til Rogaland Ungdomslag og vart fyrst presentert i 2008. I tillegg til gamle plagg som er funne på museum og feltarbeid, er gamle skifteprotokollar og biletlege kjelder nytta i arbeidet. Bunadnemnda har lagt særleg vekt på historiske stoff og mønster av høg kvalitet, og gamle handverksteknikkar. Hovudplagget er ei tobladslue av silke med ein knipling med perler, og eit pannelin under. Trøya er sauma i eit eksklusivt, brosjert silkestoff. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Order this image

Share to