main article image
Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Draktsølv

Utstillinga viser draktsølv frå Leif Flugon og Irmelin Benes’ samling. Samlinga er ei gåve frå Leif Flugon til Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Noreg har ein rik folkeleg tradisjon innanfor smykke og draktsølv. Draktsølvet var ein del av drakta, og samtidig tente det til dekorasjon og vern mot vonde makter. Former og motiv i draktsølvet peikar langt bakover i tid.

Hengjesmykke

Hengjesmykke bore av bruda har hatt namn som brudedalar, agnus Dei eller hengepenning. Brudgommen kunne bere ein brudgomskross. Bruken av kraftige kjeder til bryllaup går tilbake til 1500-talet, då dei var høgste mote og eit symbol på makt og posisjon.

Utstillinga visar sølv frå ulike stader i Noreg.

Artikkelen er ein del av ustillinga Fyrstedamer i bunad.

Order this image

Share to