History
-
- Dale kyrkje, Luster Dale kyrkje i Luster i Sogn er ei steinkyrkje frå fyrste halvdelen av 1200-talet, rikt utstyrt med både bygningsskulptur i kleberstein, og eldre interiør frå mellomalderen og etter reformasjonen, som er teke vare på. Kyrkjeskip og kor er rektangulære og koret er rett avslutta. Våpenhuset og takryttaren over inngangen i vest er bygde til på 1600-talet. Vestportalen i kleberstein er spesielt imponerande, med tre par halvsøyler og høg, spissforma boge. I Noreg er det berre Nidarosdomen som har rikare utforma portalar frå denne perioden. Korveggene er dekorerte med kalkmåleri frå slutten av 1500-talet, og somme stader ser ein delar av eldre veggdekor frå 1300-talet. Inventaret i Dale kyrkje er frå ulike tidsepokar. Døypefonten frå 1200-talet er av kleberstein og har firkløverform. Preikestolen er i renessansestil frå 1600-talet, medan den barokke altertavla og minnetavlene er frå kring 1700. Kring 1900 vart kyrkjebenker og galleri fornya, attåt to av vindauga mot sør. Preikestolen har bilete av evangelistane i sidefelta, og hovudfeltet i altertavla har figurframstillingar av Krossfestinga med Maria og evangelisten Johannes ved foten av krossen, flankert av Moses og døyparen Johannes. På toppstykket står den oppstådde Kristus med sigersfane. Kjelder: Ekroll, Øystein og Morten Stige: Kirker i Norge 1, Oslo 2000
Tid: 1240, 13. århundre (1201 - 1300)
Bygget: 1240
Kulturhistorisk merking
Automatisk fredet (før 1650) (B1)
Placement
- Luster (Kommune) - Dale sokn (07090501), Sogn prosti, Bjørgvin bispedømme - Bringebakkane 4, 6872
1 object
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 142600201 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 2353 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 84013-1 - Kulturminneid, Riksantikvaren
- 177452955 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 4644-44/31 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated December 5, 2024
- UUID 63fb278b-3b07-4c16-b5e2-a646dd1b5ee4