History
-
- Evje kyrkje, som vart innvigt i 1891, er ei tidstypisk, forholdsvis enkel krosskyrkje med tårn i vest og kor i aust, og med korte tverrskip nær koret. Kyrkja, som er prega av sveitserstil med gavlforma vindauge, er visstnok ikkje tømra, men oppført i bindingsverk med utvendig og innvendig panel. Arkitekten er ukjent, men byggmeister var Ludvig Karlsen frå Stokken. Interiøret, som vart måla opp i 1991? (1959), er godt bevart frå byggetida. Fargesettinga er i grøne nyansar som liknar dei opphavlege fargane, med lyse veggflater og takflater, og med utstrakt bruk av strek- og sjablondekor i interiør og på inventar. Over den spisse korbogen er det måla ein stor og brei bladranke på grøn botn. Koropningen er i korets fulle bredde. Både preikestol, altertavle og døypefont er frå 1891, då kyrkja vart bygd. Altertavla i nygotisk omramming viser Oppstandinga målt av Christen Brun. Originalen til dette bildet er måla av Adolf Tidemand i 1871 og heng i Bragernes kyrkje i Drammen. Dei sjablonmåla liljene på benkevangane er laga etter forslag frå Finn Krafft i 1958, til erstatning for den opphavlege blomsterdekoren på vangane. Kjelder: NIKUs kyrkjeregister Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993
Tid: 1891, 19. århundre (1801 - 1900)
Bygget: 1891
Kulturhistorisk merking
Listeført (etter 1850) (D1)
Placement
- Evje og Hornnes (Kommune) - Evje og Hornnes sokn (05050204), Otredal prosti, Agder og Telemark bispedømme - Gautestadvegen 1, 4735
1 object
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 093700201 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 406 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 84108-3 - Kulturminneid, Riksantikvaren
- 167784607 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 4219-56/164 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated December 5, 2024
- UUID 2bf551ae-4709-4d97-805c-d1586d785776