History
-
Fedje kyrkje er bygd i 1941, og ho er teikna av arkitekt Ole Halvorsen frå Bergen. Dette er den siste av ei rekke kyrkjer på staden sidan 1600-talet. Kyrkja er ei rektangulær langkyrkje med lægre, smalare kor med bråtte hjørne. I vest er det eit stort våpenhus med tårn. Kyrkja er i kvitmålt teglsteinsmur med store, rundboga vindauge, og med enkle kvadratiske vindauge i sakristi og dåpsrom.
Dei opphavlege fargane i interiøret er bevart, med lyst gråblått som hovudfarge. Inventaret er i nygotisk stil. Altertavla er laga omkring 1930 av Ivar Tangen og med måleri av Vilhelm Bjørknes. Omramminga har små tårn og spiss gavl, og måleriet viser Kristus som strekker hendene ut. Innskrifta er ”Kom til meg”. Den gamle døypefonten frå 1800-talet oppbevarast på kyrkjeloftet, mens det i kyrkja i dag står ein nyare åttekanta døypefont. Preikestolen, som er dekorert med lyseblå skymaling, skal, i likskap med altertavla, ha stått i den eldre kyrkja frå 1888. Benkene har enkle rektangulære vangar med bladdekor. I våpenhuset heng det eit måleri frå 1600-talet som viser Josefs møte med Jakob og brødrane. Kjelder: Lidén, Hans-Emil og Vidar Trædal: Norges Kirker, Hordaland III, Oslo 2003
Tid: 1941, 20. århundre (1901 - 2000)
Bygget: 1941
Godkjent: 1939
Vigsling: 1941
Kulturhistorisk merking
Ingen vernestatus (E1)
Placement
- Fedje (Kommune) - Fedje sokn (07070304), Nordhordland prosti, Bjørgvin bispedømme - Stormarkvegen 8, 5947
1 object
-
- ArchitectHalvorsen, Ole (1961 - )
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 126500101 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 2651 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 176542039 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 4633-168/370 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated December 5, 2024
- UUID 7887001e-2feb-46c1-8974-ec2144b56084