History
-
Herad kyrkje vart innvigt i 1934, etter at ein i Heradgrenda hadde venta fleire år på eiga kyrkje. Allereie på slutten av 1800-talet vart kyrkjebygging diskutert, og i 1907 vart det oppnemnt ein byggekomité. Men det var fyrst i 1932 at byggearbeidet kom i gong. Kyrkja er bygd av tre og har trekk både frå basilikaforma, som er karakterisert ved opphøgd midtrom, og frå stavkyrkjene med tak over tak. Midtskipet i kyrkja er høgt og med lægre sideskip, og koret i aust er lægre og smalare enn skipet. I vest er det eit stort tårn, som er bygd inn i kyrkjeskipet. Takflatene er tekka med skifer.
Fargane i interiøret er frå 1953, og går hovudsakleg i brunt og grønbrunt. Inventarets hovudfarge er blågrått, som går igjen på preikestol, benkar, og den åttekanta kalkforma døypefonten. Altertavla er måla av H. Brusletto frå Geilo, og viser Jesus i Getsemane. Orgelet i kyrkja kom frå Gol kyrkje i 1950, men vart bygd i Kongsberg i 1889. Kjelder: Christie, Håkon og Sigrid: Norges kirker, Buskerud I, Oslo 1981
Tid: 1934, 20. århundre (1901 - 2000)
Bygget: 1934
Godkjent: 1932
Vigsling: 1934
Kulturhistorisk merking
Ingen vernestatus (E1)
Placement
- Gol (Kommune) - Gol og Herad sokn (04080304), Hallingdal prosti, Tunsberg bispedømme - Heradvegen 224, 3550
1 object
-
- ArchitectSteen, Ola (1952 - )
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 061700201 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 3207 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 159749932 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 3041-5/124 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated December 5, 2024
- UUID a97a59cd-aa6a-4a6a-a20e-80271ac81e73