History
-
Kinn kyrkje, Flora Kinn kyrkje er ei mellomaldersteinkyrkje med rektangulært skip og rett avslutta kor, bygd mellom 1150 og 1200. I 1868-69 vart kyrkja endra, med blant anna større vindauge og slakare takvinkel, men desse endringane vart tilbakeførte i 1911-12, då også våpenhuset vart rive og seinare fornya. Kyrkjegardsporten med klokkehus vart også bygd på denne tida. Galleriet over korbogen, lektoriet, vart rekonstruert i samband med restaureringa i 1911-12, delvis med opphavlege delar. Slike lektorium var vanlege i kyrkjene i mellomalderen, men det er berre Kinn kyrkje som har teke vare på og har eit slikt lektorium i dag. Lektoriet har rik rankedekor, og fronten har utskorne relieff av Jesus, flankert av apostlane og to englar. Lektoriet dekkjer delvis korbogen, som er teken var på i den opphavlege forma. Altertavla i barokkstil, som vart bygd om til noverande form i 1703, har Krossfestinga og Oppstoda som hovudmotiv. Midtpartiet på altertavla er eit tidlegare helgenskap. Tre figurar frå dette helgenskapet heng no i koret: Barbara, Katarina av Aleksandria og Maria Magdalena.
Kjelder: Ekroll, Øystein og Morten Stige: Kirker i Norge 1, Oslo 2000
Tid: 1150, 12. århundre (1101 - 1200)
Bygget: 1150
Kulturhistorisk merking
Automatisk fredet (før 1650) (B1)
Placement
- Kinn (Kommune) - Kinn sokn (07110601), Sunnfjord prosti, Bjørgvin bispedømme - Kinn, 6912
1 object
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 140100101 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 2230 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 84773-1 - Kulturminneid, Riksantikvaren
- 176599154 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 4602-39/1 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated December 5, 2024
- UUID e6ff2069-7215-4f63-90ab-875fb75f8255