History
-
Skjold kyrkje frå 1998 er ei arbeidskyrkje i mur med åttekanta kyrkjerom med takryttar over midten av taket og lægre og smalare kor. Kyrkja, som er teikna av arkitekt Nils A. Vikanes, vart oppført etter at den tidlegare kyrkja på staden, ei langkyrkje i tre frå 1887, brann ned den 13. september 1992 I det kvitmåla kyrkjerommet slepp lyset inn gjennom samanhengande vertikale og horisontale vindaugsband langs taket og ved inngangen til koret. Golvet har teglfliser. Over inngangspartiet er det galleri, og i staden for kyrkjebenkar er det lause stolar. Den kunstnariske utsmykkinga i kyrkja er ved Per Odd Aarrestad, som har kalla kyrkja ei oppstandingskyrkje. Altertavla har form av eit altarskåp. Når skåpet er att, ser ein den korsfesta Kristus, og når det er ope, ser ein eit oppstandingsmotiv i raudt og gull, med ein gyllen kross i strålekrans som hovudmotiv, omgitt av kristne symbol. På venstre side er det eit kornaks, ein soloppgang og ei kongekrone, og på høgre side er det bilete av vatn, kalk, brød og ei vengje. I døypefonten er ein del av det eldre dåpsfatet bevart som ein integrert del av det nylagde.
Kjelder: www.wikipedia.no
Tid: 1999, 20. århundre (1901 - 2000)
Bygget: 1999
Godkjent: 1997
Vigsling: 1999
Kulturhistorisk merking
Ingen vernestatus (E1)
Placement
- Vindafjord (Kommune) - Skjold sokn (06051101), Haugaland prosti, Stavanger bispedømme - Kleivavegen 2, 5574
1 object
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 115400501 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 432 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 17955136 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 1160-168/2 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated July 28, 2025
- UUID 86347011-857e-443b-9266-c6996a9436a8