History
-
Sunnylven kyrkje, som vart innvigt i 1859, er ei langkyrkje med smalare kor og med takryttar over våpenhuset i vest. Kyrkja er bygd i utvendig panela laft etter teikningar av kaptein Rolfsen frå Nordfjordeid. Formene er henta frå typeteikningar av arkitektane Linstow og Grosch. Kyrkja ligg høgt og fritt over Hellesylt sentrum. I kyrkjerommet er det flat himling, og det er søyler og lav korskranke mellom koret og skipet. Interiøret er måla i fleire gråtonar med detaljering i raudbrunt. Denne fargesettinga vart gjort av Per Vigeland i 1934, då kyrkja vart pussa opp og fekk mykje nytt inventar.
Altertavlas ramme, med blant anna knelande englar i utskoren trerelieff, er laga av Ole Elias Kjellstad i 1934 og måla av Per Vigeland, som også har måla alterbildet med Oppstandinga. Glasmåleria i kyrkja er òg laga av Vigeland. Dei to vindauga i koret med trøystande englar er frå 1934, og Krosslammet over hovudinngangen frå 1959. Ole Elias Kjellstad laga på 1970-talet til saman fjorten trerelieff til kyrkja – de fire evangelistane som er monterte på preikestolen, og apostlane monterte i rektangulære rammer på vestveggen under galleriet.
Kjelder: NIKUs kyrkjeregister
Tid: 1859, 19. århundre (1801 - 1900)
Bygget: 1859
Kulturhistorisk merking
Listeført (etter 1850) (D1)
Placement
- Stranda (Kommune) - Sunnylven sokn (08041103), Nordre Sunnmøre prosti, Møre bispedømme - Kyrkjevegen 30, 6218
1 object
-
- ArchitectLinstow, Hans Ditlev Frants (1787 - 1851)
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 152500301 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 938 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 85003-3 - Kulturminneid, Riksantikvaren
- 180062211 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 1525-91/231 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated June 27, 2025
- UUID 0a13b260-3ab4-4144-9160-ea7c1fb50154