History
-
Ulvik kyrkje, som vart innvigt i 1859, er ei krosskyrkje med enkle empireformer og tårn i vest. Ho er oppført i utvendig panela laft av byggmeister Chr. O. Valand etter typeteikningar av Linstow. Kyrkja er godt bevart i opphavleg form utvendig, bortsett frå sakristiet som er påbygd seinare. I kyrkjerommet er det samanhengande galleri i tre korsarmar. Korskiljet, som består av to dekorerte søyler og ein høg skranke med dreidde stolpar, vart sett inn i 1923. Lars Hæve frå Voss laga treutskjeringane i korbogen. Interiøret er rikt dekorert av Lars Osa i 1921-23, med rosemåling og blant anna måla evangelistar i koret.
Altertavla er tredelt og i nygotikk stil, med måleri av Nedtakinga frå krossen av Anders Askevoll frå 1876, etter ein original av målaren Lazerge. I kyrkja heng det også eit epitafium, eller ei minnetavle, over Thomas Samuelsen Uro, sokneprest i Ulvik frå 1652 til 1667, med hustru og åtte barn. Bildet er frå 1650 og er måla av Elias Fiigenschaug.
Kjelder: NIKUs kyrkjeregister
Tid: 1859, 19. århundre (1801 - 1900)
Bygget: 1859
Kulturhistorisk merking
Listeført (etter 1850) (D1)
Placement
- Ulvik (Kommune) - Ulvik sokn (07080601), Hardanger og Voss prosti, Bjørgvin bispedømme - Almenningen 1, 5730
1 object
-
- ArchitectLinstow, Hans Ditlev Frants (1787 - 1851)
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 123300101 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 213 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 85723-3 - Kulturminneid, Riksantikvaren
- 174793476 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 4620-53/14 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated June 27, 2025
- UUID 6014cf4b-2f8b-4230-bfde-217f5869c9a7