History
-
Undredal stavkyrkje Dateringa av Undredal stavkyrkje er usikker, men ein går ut frå at ho vart bygd etter 1150. Ho er ei lita kyrkje med rektangulært skip og kvadratisk kor. Kyrkjetårnet reiser seg over fire stolpar i vestre del av skipet. Opphavleg var dette ein frittståande støpul utanfor kyrkjerommet, men skipet vart på 1600-talet forlenga mot vest og klokketårnets underbygning integrert i rommet. Koret, som også er ei seinare tilbygging, er i same breidd som skipet, men med lågare tak. Over både kor og skip er det kvelva himling.
Dei fire stolpane i skipets yttervegger markerer den opphavlege storleiken på kyrkja, og det er denne berande konstruksjonen, med stolpar, eller stavar, feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, som viser at dette er ei stavkyrkje.
Bortsett frå ei mellomaldersk kyrkjeklokke, som heng i hjørnet bak i kyrkjerommet, er alt inventar og utsmykking frå etter reformasjonen. Den fargerike veggdekoren, med draperi og blomsterbukettar, er frå 1600-talet. I himlingen er det måla stjernehimmel og englar. Dekorasjonane vart avdekte i 1962, etter å ha vore måla over sidan 1860-åra. Preikestolen i renessansestil er frå 1696.
Kjelder: Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005
Tid: 1147, 12. århundre (1101 - 1200)
Bygget: 1147
Kulturhistorisk merking
Automatisk fredet (før 1650) (B1)
Placement
- Aurland (Kommune) - Undredal sokn (07090203), Sogn prosti, Bjørgvin bispedømme - Kyrkjevegen 9, 5746
1 object
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 142100101 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 2203 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 85725-1 - Kulturminneid, Riksantikvaren
- 177246735 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 4641-51/105 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated June 27, 2025
- UUID 41590a3d-e814-4aad-8e75-6a6bb02aa89f