History
-
- Urnes stavkyrkje Urnes stavkyrkje er både den eldste og den rikast dekorerte av dei 28 stavkyrkjene som er tekne vare på i Noreg. Kyrkja er datert til byrjinga av 1130-talet, men nokre av materialane er brukte om att og stammar frå ei tidlegare kyrkje på staden, som vart bygd i siste halvdel av 1000-talet. I 1979 kom Urnes stavkyrkje på verdsarvlista til UNESCO. Fortidsminneforeininga overtok kyrkja i 1881. Kyrkja består av skip og kor med opphøgd midtrom. Framom inngangen er det open svalgang og på taket over skipet sit ein firkanta takryttar med åttekanta tårnhjelm. Dei berande stolpane kallar vi stavar, og det er denne konstruksjonen med stavar feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, som er opphavet til nemninga stavkyrkje. Stavane i Urnes har rikt dekorerte terningkapitéler, eller søylehovud. Nordportalen er særleg eineståande og kjem frå den tidlegare kyrkja på staden. Portalen har rikt dekorerte vanger, med dyreornament i treskurd, som har gjeve namnet til det som blir kalla urnesstilen. Også inventaret er rikt. Den romanske kalvariegruppa, som heng på veggen mot koret, er frå slutten av 1100-talet. Altertavla er laga kring 1690. To Limoges-stakar frå 1200-talet, som høyrer til det opphavlege alterutstyret, blir ikkje lenger oppbevart i kyrkja. Kjelder: Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005 www.fortidsminneforeningen.no. Lest 18.11.11
Tid: 1130, 12. århundre (1101 - 1200)
Bygget: 1130
Kulturhistorisk merking
Automatisk fredet (før 1650) (B1)
Placement
- Luster (Kommune) - NULL sokn (07), Bjørgvin prosti, Bjørgvin bispedømme - Ornes 104, 6870
1 object
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 142600101 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 2356 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 85729-1 - Kulturminneid, Riksantikvaren
- 19319830 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 4644-183/77 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated June 27, 2025
- UUID 904b4ab6-6fd3-4a70-b0b0-376f1db7e99c