• Trengereid Fabrikker (1895–1999) var ein av dei store norske produsentane av lisser, band, snorer og strikk. Fabrikken produserte alt frå isolasjonsband og etikettar, til BH-stropper og selar. Trengereid leverte òg halvfabrikat til andre bransjar: frå linning og etikettar i konfeksjon til vikleband i elektroindustrien. Bedrifta hadde eit breitt produktspekter, der Jotun isolasjonsband, Bjørn selar og sokkehaldarar Gratie korsettstropper var blant dei mest kjende merkevarene.

Allereie i 1910 bygger Karl Jebsen ein ny fabrikkbygning på Solheim nærare Bergen sentrum: Karl Jebsens Baand- og Lidse-Fabrik. Denne blir snart ei avdeling i Trengereid Fabrikker. I 1974 fusjonerer Trengereid fabrikker med konkurrenten Oslo- Baand og Lidsefabrikk og blir til A/S Cebelle-Trengereid.
    (Public Domain-Merket (PDM))

Trengereid Fabrikker (Tekstilindustri)

Trengereid Fabrikker (1895–1999) var ein av dei store norske produsentane av lisser, band, snorer og strikk. Fabrikken produserte alt frå isolasjonsband og etikettar, til BH-stropper og selar. Trengereid leverte òg halvfabrikat til andre bransjar: frå linning og etikettar i konfeksjon til vikleband i elektroindustrien. Bedrifta hadde eit breitt produktspekter, der Jotun isolasjonsband, Bjørn selar og sokkehaldarar Gratie korsettstropper var blant dei mest kjende merkevarene.

Allereie i 1910 bygger Karl Jebsen ein ny fabrikkbygning på Solheim nærare Bergen sentrum: Karl Jebsens Baand- og Lidse-Fabrik. Denne blir snart ei avdeling i Trengereid Fabrikker. I 1974 fusjonerer Trengereid fabrikker med konkurrenten Oslo- Baand og Lidsefabrikk og blir til A/S Cebelle-Trengereid.

46 objects

Share to