I Kvernevik mellom Tertnes og Morvik i Åsane ligg ein gammal fabrikkbygning. Her vart det etablert sagbruk, og staden høyrer med i Vestlandets tekstilindustrielle historie, og vitnar om den store etableringsbølgja bransjen opplevde på slutten av 1800-talet. Dessutan vitnar den om den neste industrielle etableringsbølgja: sildoljeindustrien, som òg vart forsøkt her. Kvernevik blei aldri noko stort verken innan tekstil eller sildolje, og difor er fabrikken òg eit vitne om ein del av industrihistoria som er typisk, men ikkje så mykje omtala som suksesshistoriene: Mellomstore fabrikkar som berre går sånn passe bra.

Share to