Trikotasjefabrikk etablert i 1992 av Signe Aarhus, Hildegunn Møster og Kolbjørn Valestrand, med eit mål om å skape nye arbeidsplassar i tekstilindustrien i Noreg. Fabrikken produserer strikkejakker, toppar og gensarar til damer, og er kjent for plagg med fargerike blomstermotiv. Bedrifta var først lokalisert ved Janusfabrikken på Espeland, flytta seinare inn i den tidlegare bomullsvarefabrikken i Ytre Arna utanfor Bergen.

Share to