Alfred Malterud hadde arbeidd i Widerøe som flygar, og han stod utan fly. Han kom til Sigvald Nicolaisen med ideen om å satse på flyfotografering. Nicolaisen hadde fly og dermed starta desse to NOR-FLY AS, eit selskap som skulle drive med flyfotografering. Dei fann ut at dei skulle skilje lag og delte negativa som var tekne av NOR-FLY AS. Malterud heldt fram som eineeigar i NOR-FLY AS, medan Nicolaisen byrja med flyfotografering i regi av Telemark Flyselskap AS, fortel Sigvald Nicolaisen. Fotografen, Olav Nerheim, følgde med over til Telemark Flyselskap AS.