History
-
Eigedomen vart kjøpt av Hans Jacop Baade i 1848. Han bygde huset på ein gamal kjellarmur frå 1690-åra, etter det eldste handelshuset i Espevær. Baadehuset er eit gamalt handelshus, som i denne tida fungerte som eit administrasjonssenter. På Baadehuset kunne ein finna både lege og politi under vårsildfisket. Huset fungerte også som overnattingsplass for fiskarar.
I dag fungerar Baadehuset nærast som eit museum, men det kan leigast til samkomer. Det er Espevær Husmorlag som har restaurert huset, og dei har freista å innreia det slik det kan ha sett ut rundt århundreskiftet. Inne i huset er det ei stor samling bilete og mykje maritimt utstyr frå denne epoken i Espeværs historie.(Kjelde: Bømlo kommune, nettsider 2010 / eldre fotoregister 1992-2004)
production
References
Metadata
- Alternative name4834 - FR
- Part of datasetFotograffirmaer (Norge) (Preus museum)
- ProviderKulturNav
- Date publishedNovember 18, 2015
- Date updatedApril 18, 2024
- UUIDd9aa4f11-d62b-4990-9485-2a486b959df1