Share to
×
Kvernsteinsparken er eit friluftsmuseum i Hyllestad som viser spora etter den store kvernsteinindustrien som har vore i området i mange hundre år.
I Hyllestad finn vi nemleg den spesielle granatglimmerskiferen. Det var få steinsortar som eigna seg betre til kvernstein enn nettopp denne. Her vart det hogd ut kvernsteinar heilt tilbake til 700-talet.
Desse livets steinar vart hogd ut av fjellet i Hyllestad og sendt med skip så langt unna som til Tyskland og Sverige. Utan ein kvernstein var det uråd å få kverna kornet som gav maten på bordet. Hyllestad spelte dermed ei heilt sentral rolle gjennom handel og eksport gjennom vikingtid og mellomalderen.