Ådnatun er ei samling gardshus som ligg i Indre Arna i Bergen kommune. Tre av husa er tilgjengeleg for publikum. Her kan du mellom anna vitja ei skulestove frå 1950 talet, eit av dei fyrste apoteka som blei oppretta på Vestlandet og eit flott bibliotek med blanding av nye og gamle bøker. I tillegg finns det gjenstandar og møblar frå lokalmiljøet som er samla inn av grunnleggjaren for samlinga, Lars Ådna.

Ådnatun Museum vart grunnlagd i 1933 av Lars Ådna. Han var aktiv i dei lokale historie- og mållaga og ville at Ådnatun skulle vere ein samlingsplass for fornminne i dei næraste sokna. Dei fleste av bygningane er reist av Lars sjølv, to av husa er nytta som bustad og Lars budde sjølv her med si hustru Kari fram til sin død 1971. Lars og Kari hadde ingen born og testamenterte eigedomen til ein skipnad.

Ådnatun is a part of

Arna Sogelag har med stor dugnadsånd og lite midlar drifta Ådnatun til det blei oppretta ein samarbeidsavtale om drift med Museumssenteret i Hordaland pr 01.01.2011. Arna Sogelag står framleis som huseigar og har eigne tilskipingar i bygga.

Share to