Bagn Bygdesamling vart etablert i 1920. Museumssamlinga består av hus, gjenstandar, foto og privatarkiv frå Sør-Aurdal. Valdresmusea driftar Bagn Bygdesamling, og gjer gjenstandar, foto og antikvariske bygningar tilgjengelege på DigitaltMuseum.

Om Bagn Bygdesamling

I 1920 vart det oppsett hus på tuftene etter gamletunet på Islandsmoen. Veslestabburet og Smettbakbua skulle danne utgangspunktet for det som seinare vart heitande Bagn Bygdesamling. Dei fyrste åra var dette eit privat gardsmuseum, der både hus og gjenstandar hadde tilknyting til folka på Islandsmoen. Etterkvart kom det til fleire gjenstandar frå andre stader i bygda, så då samlinga i 1939 vart gjeve til bygda var namnevalet naturleg.

Museet har i dag 16 hus med gardstun frå Islandsmoen, telthus frå Vangen på Bagn, og forpaktarbustad og storkjøkken frå prestegarden i Bagn. Ei oppgangssag, bekkekvern, skogskoie, badstugu og stabbur står ved Islandsmoelva. Ei krigsminneutstilling i samband med krigshandlingane i Valdres 1940 er sett opp inne i administrasjonsbygningen. Opplandsarkivet har ei avdeling på museet med gamle arkiv frå lokale lag og foreiningar. Ei fotosamling på omlag 3000 bilete er òg oppbevara her.

Visit us

Share to