Hordamuseet formidlar det særeigne levesettet til folket som levde i fjord- og kyststroka i Nord- og Midhordland. Samlingane omfattar reiskapar til handverk, sjøbruk og jordbruk, og bygg og båtar.

Om Hordamuseet

Hordamuseet formidlar den særeigne levemåten til folket som levde i fjord- og kyststroka i Nord- og Midhordland. Museet har ei friluftsavdeling med mange tradisjonelle bygningar og rike arkeologiske kulturminne. I den nye båthallen vert store delar av båtsamlinga vist fram til publikum.

Hordamuseet vart skipa i 1945 med namnet «Hordaland Landbruksmuseum» og i 2007 vart museet del av Bymuseet i Bergen. Museet har sidan starten drive systematisk innsamling i Nord- og Midhordland og har kulturhistoriske samlingar som omfattar bygningar, båtar og reiskapar til sjøbruk, handverk og jordbruk. Museet har ei eineståande samling opne, klinkbygde båtar. Stølsmuseet på Fanafjellet, med ni stølsbygningar, utgjer òg ein del av Hordamuseet sitt område og samlingar. I tillegg har Norsk Vegmuseum ei fast utstilling av utstyr og maskinar som vart nytta til å byggja og vedlikehalde dei gamle vegane i Hordaland. Museet har dessutan ei eineståande samling med biletteppe voven av Ragna Breivik. Serien på ti bilettepper som fortel historia om Åsmund Frægdagjeva er vovne etter kartongar av Gerhard Munthe.

Museet ligg i Bergen kommune, om lag 16 km sør for sentrum. Sjå nettsidene våre for opningstider.

Visit us

Share to