Museumssenteret i Hordaland (MuHo) har eit stort mangfald i samlingane. Vi har tradisjonelle samlingar av materielle og immaterielle kulturminne, men i tillegg har vi eit ansvar for å ta vare på og verne om kulturlandskap og kulturbiologiske system.

Aktuelt

Nye objekt

Om Museumssenteret i Hordaland (MUHO)

MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Hordaland. Vi har avdelingar i Salhus, på Lygra, Radøy og Osterøy.

MUHO utfører aktiv bevaring og levande formidling: vi fortel ikkje berre ei historie, men brukar kunnskap om teknikkar og prosessar til vise, lære bort og utføre arbeid slik det tradisjonelt blei gjort innan handverk, industri og gardsdrift. Gjennom autentiske kulturmiljø og landskap i Nordhordland og Bergen trekkjer vi linjer frå fortida til utfordringar i verda i dag. MUHO har eit unikt kompetansemiljø som gir råd om bevaring av bygg og samlingar, og utfører konservering av ulike materialar.

Share to