Møbelmuseet er eit dokumentasjonssenter for den norske møbelindustrien med blant anna eit rikhaldig bibliotek, kjeldeskrifter frå møbelbedrifter og eit bildearkiv. Her finn du også ei stor samling møblar og produksjonsutstyr som viser utviklinga av den møbelindustrielle produksjonen i Noreg frå forrige hundreårsskifte og fram til i dag.

Om Møbelmuseet

Tungt arbeid i landbruk og fiskeri lærte sunnmøringen verdien av å sitje godt når han endeleg kunne slengje seg nedpå. Møbelbransjen har gjort skam på bedriftsøkonomiske teoriar om kor viktig det er med kapital og lett tilgang til råvarer og marknad. For det stod på ingen måte skrive i stjernene at desse brattlendte bygdene i vest skulle bli eit tyngdepunkt for norsk møbelproduksjon.

Museet er eit dokumentasjonssenter for den norske møbelindustrien. Møbelmuseet har eit rikhaldig bibliotek, arkivmateriale frå ei rekkje møbelbedrifter, biletarkiv og ei stor samling møblar og produksjonsutstyr som viser utviklinga av den møbelindustrielle produksjonen i Noreg frå starten tidleg på 1900-talet og fram til i dag. I den faste utstillinga kan du sjå møblar frå heile den meir enn hundre år lange historia til norsk møbelindustri.

Visit us

Share to