Ved Sivert Aarflot-museet tek vi vare på historia og arva etter Sivert Aarflot. For 200 år sidan etablerte han bygdenorge sitt første trykkeri på Ekset i Volda.

Nyleg publisert

Om Sivert Aarflot museet

Sivert Aarflot var bondesonen med 22 dagars skulegang som vart ein av dei fremste folkeopplysarane på Nordvestlandet. Aarflot sin kunnskapstørst var vid: frå praktisk jorddyrking til teoretisk astronomi.

Kunnskapen skulle delast og formidlast vidare. Han vart lærar og lensmann, og han grunnla både bibliotek, trykkjeri og avisa Norsk Landboeblad. Avisa kjem framleis ut i Volda, under namnet Møre.

I Sivert Aarflot-museet, som ligg på Ekset i Volda kommune, der han budde og dreiv trykkjeri, fortel vi historia om denne nybrottsmannen og folkeopplysaren.

Sivert Aarflot-museet is a part of

Share to