Setesdalsmuseet er eit regionalmuseum for kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland. Setesdalsmuseet er ein del av Aust-Agder museum og arkiv.

News

About Setesdalsmuseet

Setesdalsmuseet har ei 100 år gamal historie. Setesdalskulturen var velkjend, men så langt hadde filosofien vore å hente ut mest muleg av det beste dalen hadde å by på, og vise det fram i byane. I 1916 vart det etter initiativ frå lensmann Juel Lund og kunstmålar Lars Osa kjøpt ei gamal røykstoge som første steg på vegen mot eit museum for Setesdal. Sjølve stifttinga fann ikkje stad før 9. juni 1938.

Nordigard Rygnestad, garden der segnhelten Vonde-Åsmund Rygnestad budde på 1500-talet, var den fyrste museumsavdelinga som opna for publikum. Det er den dag i dag det mest spesielle av museumstuna i dalen.

På den tid skulle kvar kommune ha sitt eige museum, og med åra kom det fleire museum, slik at Setesdalsmuseet i 2017 inviterer publikum på besøk til 13 ulike arenaer. Mellom desse reknar vi også Bykle kyrkje og den vedfyrte dampbåten DS Bjoren.

I 2005 vart alle musea i Setesdal knytta saman under ein paraply som eit konsolidert museum for regionen. I 2015 vart dei fleste musea i Aust-Agder samla under ein museumsparaply under namnet Aust-Agder museum og arkiv.

You'll find us here

Share to