Aktuelt
Nye objekter
Om Sunnfjord Museum
Sunnfjord Museumer ei avdeling i Musea i Sogn og Fjordane, og er regionmuseum for kommunane i indre Sunnfjord. Museet ligg i Movika i Førde kommune, like aust for Førde sentrum.
Museet vart skipa i 1910, og første gong opna i 1926. Som kulturhistorisk museum har Sunnfjord Museum heile tida lagt vekt på å dokumentere, bevare, formidle og framskaffe kunnskap om dagleglivet til folket i Sunnfjord gjennom historia. Dette avspeglar også gjenstandssamlinga. Tematisk er hovuddelen av samlinga reiskap, handverksverktøy, handverksprodukt, klede og andre tekstilar og ulike typar husinventar.
I Museumsplanen for Sogn og Fjordane er Sunnfjord Museum tillagt eit særskilt ansvar for handverk, handlingsboren kunnskap og immateriell kultur.
Museet har kring 11 000 registrerte gjenstander og kring 30 000 kulturhistoriske foto.