Naturmuseet i Sykkylven tek vare på og fortel i si utstilling historia om mangfaldet i natur, dyre- og fugleliv i dei kystnære fjordane på Sunnmøre.

Nyleg publisert

Om Sykkylven naturmuseum

Sykkylven kommune kjøpte i 1979 ei samling preparerte dyr og fuglar av taksidermist Stein Ivar Bakka. Han etablerte då taksidermiverkstad i Sykkylven, seinare Villmarksprodukter. Han var tidleg ute med nye prepareringsteknikkar, og hadde både lærlingar og andre tilsette i mange år. Samlinga vart presentert for første gong då Sykkylven Naturhistorisk Museum opna i 1979, og har sidan vore vist i museet sine utstillingar hovudsakleg for formidling – opne for skuleklasser og andre besøkjande.

Samlinga har vore flytta fleire gongar, sist til samlokalisering med Møbelmuseet i Storgata 18 i Sykkylven sentrum. Etter 2007 har andre leverandørar/taksidermistar også levert preparat eller preparert fallvilt på oppdrag for Naturmuseet. Dei fleste preparata er i dag presentert i utstillinga Mosaikk, som vart opna i 2016. Denne viser naturen og det biologiske mangfaldet i kystnære fjordstrok på Sunnmøre. Samlingane i dag: 249 registrerte utstoppa fugl og pattedyr, i tillegg til ei eggsamling på 483 artsbestemte egg (190 artar).

Sykkylven naturmuseum is a part of

Share to